Anmeldelse

Metal Gear Solid 4: Guns of the Patriots

Eit grandiost farvel

Ein aldrande mann er tilbake i krigssona. Med røyken i kjeften skal han for alvor ta eit oppgjer med verdas avskum.

1: First page
2: New page

Frå asken til elden

Sniking blir likevel ikkje alltid mogleg. Visse situasjonar kastar deg midt inn i ei konflikt mellom motgåande styrker, og her blir du nøydt til å velje side for å kome deg vidare. Om du angrip nokre fiendar frå ei side av konflikten, vil du få hjelp av den andre. Først og fremst betyr dette at dei kjenner deg igjen, og ikkje skyt på deg, men dei kan i tillegg finne på å gi deg mat og slikt, noko som kjem godt med i pressa situasjonar.

Konflikten mellom to fraksjonar er ein spanande idé, og det fungerer temmeleg bra, men det er likevel den delen av spelet som fungerer dårlegast. For det første kan det umiddelbart vere svært vanskeleg å vite kven som er kven. Du trur du skyt den eine, medan du eigentleg skaut den andre, og brått er alle mot deg. Du får hjelp av ein augelapp som let Snake sjå detaljert informasjon om ting. Diverre er skrifta som viser kva fraksjon ein soldat høyrer til, så lita at du må velje kikertfunksjonen på augelappen for å lese den. Etter kvart innser du at dette kanskje er poenget. Du byrjar å sjå forskjell på soldatanes klede, og vel dine mål deretter. Det er likevel ikkje nok. Det kan vere mykje røyk, fiendane ser av og til veldig like ut, og eit skot mot feil person er nok til å rote ting skikkeleg til.

Eit problem, om vi kan kalle det det, er korleis den kunstige intelligensen i krigssituasjonar viser seg for å vere ikkje fullt så intelligent. Vi er i ei krigssone, men likevel vil soldatane umiddelbart oppdage om ein alliert døydde av dine kuler. Det blir litt dumt når ein soldat spring over lik langs ei gate, og brått stoppar blant eit tilfeldig av dei og spør sjokkert: «Kven kan ha gjort dette?».

Dette får sjølvsagt alarmen til å gå, og dess lengre alarmen går dess meir stressa blir Snake. Om du er i kamp lenge nok, og stressfaktoren held seg oppe, vil dette gå ut over psyken til Snake. Dette kan få alvorlege konsekvensar. Ikkje berre kjem helsa hans saktare tilbake, men han blir meir ustødig, og presisjonsskyting blir vanskelegare. Alternativt kan han tenne ein sigarett for å roe seg ned, men dette vil gå ut over helsa igjen.

Sjefane over alle

Som ein kan forvente frå eit Metal Gear Solid-spel får vi servert nokre av dei mest gjennomtenkte og mest ufyseleg engasjerande sjefskampane du kan tenkje deg. Ein sjefskamp kan vere eit unødvendig og irriterande ork om den ikkje er godt gjennomført, men Metal Gear Solid er eit fantastisk eksempel på det motsette. Dei kjem i svært varierte former, og sjølv om dei kan verke umoglege til tider, finn du alltid ein utveg, og nokre gongar er utvegane svært kreative. Skulle du likevel sitje fast, kan Snake ringje ein av sine allierte for å be om råd. Akkurat dette er eit veldig smart trekk frå Kojima si side. Du rekk å bli frustrert, men du kjem deg gjennom det før du blir så irritert at du slår av for å leite etter hjelp på nettet.

Desse kampane er samtidig eit godt døme på mangfaldet og variasjonen spelet byr på. Mellom alle dei lange filmsekvensane blir vi servert eit spel som heile tida presterer å levere noko nytt. Det eine augneblikket er du midt i ei krigssone, før du i det neste lydlaust plukkar ned uvitande fiendar, godt skjult av omgjevnadane. Av og til får du til og med setje deg på ei kjerre medan du legg all fokus på å skyte alle fiendane som dukkar opp rundt deg.

Metal Gear Online

Som om det fantastiske eventyret til Solid Snake ikkje skulle vere nok, får du praktisk talt to spel i eitt når du kjøper Metal Gear Solid 4. Når du er ferdig med historia, kan du kaste deg på nett i det som ved første augekast ser ut som ein heilt vanleg fleirspelarmodus. Gjennom eit knippe godt designa kart, vil du kunne ta del i kjende og kjære modusar der du kan velje mellom å spele på lag, fange ei gummiand eller ein gummifrosk, eller berre skyte alle du ser.

Det viser seg likevel å vere nok her til å skilje det frå konkurransen. Først og fremst må du lage din eigen figur før du set i gong. Den første får du gratis, men skal du ha fleire, må du betale, og dette gjeld ikkje berre for å lage fleire figurar, det skal råde for nye brett og andre utvidingar for spelet. Det du får når du kjøper Metal Gear Solid 4, er praktisk talt berre ei introduksjonspakke, der du sjølv må investere om du vil ha ei større oppleving. Kor vidt folk vil akseptere å betale førti kroner (dagens pris) for å lage ein ny figur gjenstår å sjå.

Når du først er i gong, vil du raskt merke nokre forskjellar frå ditt typiske skytespel. Det mest umiddelbare er våpenutvalet. Du vel våpen før kvar kamp, og desse våpna vil du bruke til kampen er over. Du kan altså ikkje plukke opp våpen frå falne soldatar. Du får heller ikkje meir ammunisjon enn den du startar med, med mindre du døyr, noko som gir deg full ladning igjen. Noko av det mest interessante ved arsenalet er korleis du tener deg poeng ved å drepe fienden. Dette inngår i ein økonomi, der fleire poeng let deg kjøpe betre våpen for å bruke i neste kamp.

Korleis Metal Gear Online vil utvikle seg, vil berre tida vise. Nye utvidningspakkar skal kome, og om dei held like høg kvalitet som det vi har fått servert så langt, kan dette bli ein stor slager på nettet. Karta er gode og varierte, og dei har mange moglegheiter for sniking, taktisk krigføring der laga kommuniserer gjennom eit innebygd system, eller Rambo-fakter. Spelet er bygd for å handtere det meste, til og med nærkamp. Det er lett å bli litt tatt på senga når nokon snik seg opp bak deg, og tek kvelartak på deg. Kontrollsystemet er det same som i Metal Gear Solid 4, så når du er ferdig med kampanjen, bør du vere meir enn klar for harde kampar på nett.

Konklusjon

Metal Gear Solid 4: Guns of the Patriots er eit spel som berre gir og gir. Svært store delar av speletida går med på å vere tilskodar, men dette er på ingen måte noko negativt. Historia blir så godt fortalt, at det er som å vere vitne til tidenes lengste Hollywood-produksjon. Kvaliteten er skyhøg, og det er så engasjerande at det praktisk talt blir umogleg å slå av. Du bør ikkje bli overraska om du endar opp med å sitje framfor skjermen langt inn i natta.

Dette er utan tvil eit av dei mest forseggjorte og blankpolerte spela dei siste åra, og eit av dei beste på Playstation 3, om ikkje det beste. Det finnest inga unnskyldning god nok for å gå forbi dette spelet. Det er eigentleg grunn god nok for å eine og aleine gå til innkjøp av Playstation 3.

Eit siste råd må til: Om du vil ha den fulle opplevinga, vent litt med Metal Gear Solid 4, og spel gjennom dei tre tidlegare spela i serien først. Du vil ikkje angre.

1: First page
2: New page

Siste fra forsiden