No får du faktisk kjøpt RTX 5090 til lanseringspris

Skjermkortet er framleis latterleg dyrt, men dei sinnsjuke tilstandane rundt lanseringa ser ut til å ha roa seg.

Me åtvara mot å kjøpe denne PNY-kjølaren av RTX 5090 ved lanseringa, på grunn av Nvidia, ikkje PNY. I midten av mai har Komplett dette til sals for ekstreme 39.000 kroner. Men nokre få butikkar sel no RTX 5090 til anbefalt pris.
Mikkjell Lønning

Prisane på flaggskipkortet Nvidia RTX 5090 har vore heilt spinnville sidan lanseringa i vinter.

Her og der har nokre kort vore mogleg å kjøpe til lanseringsprisen rundt 29.000 kroner, men desse har forsvunne omtrent på sekundet.

Dei siste vekene ser tilgjengelegheita ut til å ha kome seg. Mange butikkar har uselde kort i dei langt høgare prissjikta, men no har også nokre få butikkar kort til rundt 29.000 på lager.

For eksempel ligg Inno3D GeForce RTX 5090 X3 ute til rundt 28.800 kroner, mens MSI GeForce RTX 5090 VENTUS 3X OC er venta på lager om kort tid til same pris.

Det er ikkje utenkeleg at den anbefalte prisen vil auke på sikt, med tanke på Donald Trumps mange skøyarstreker.

Etterspurnaden etter heile RTX 50-serien har sannsynlegvis gått betydeleg ned sidan dei siste månadane, då lanseringa har vore plaga av trøbbel med både drivarar og maskinvare, tomme lagerhyller og gallopperande prisar.

Dei mest iherdige entusiastane har også fått tak i det dei ville, noko som gjer at marknaden er litt mindre pressa.

Nvidia er også i ferd med å lansere RTX 5060. AMD nærmar seg lansering av RX 9060 XT, som vil konkurrere i eit litt høgare prissjikte.

Siste fra forsiden