Nvidia RTX 30-serien

No veit me meir om dei komande Nvidia-korta

RTX 3070 er på veg, og eit nytt mellomklassekort kjem sannsynlegvis rett etterpå.

Nvidia

17. september dukkar Nvidia GeForce RTX 3080 opp i butikkhyllene, og det er knytt mykje spaning til korleis resultata faktisk blir samanlikna med førre generasjon. I utgangspunktet skulle testar og benchmark-data frå Founders Edition-korta kome på måndag, men no har sperrefristen visstnok blitt endra til 16. september, klokka 15.00. Sperrefristen for tredjepartskorta er same tid som sleppdatoen.

Då gjeld det å vere kjapp med å ta ein kikk, for alle rykte seier at det sannsynlegvis er lite på lager i nettbutikkane.

Ein representant frå Nvidia har stadfesta informasjonen om sperrefristen i eit foruminnlegg, der han samstundes fortel at GeForce RTX 3070 kjem i butikkhyllene 15. oktober. Dette er rundt ein halv månad før AMD kjem med nytt om sine RX6000-skjermkort.

Testar av RTX 3090 blir publisert 24. september, same dag som lansering. Gamer.no har ikkje fått tilsendt kort enno, men me ventar å få RTX 3080 og RTX 3090 i løpet av neste veke.

Rykte om nytt mellomklassekort

I ei lang tid har det vore rykte om at alle korta kjem med enten Ti- eller Super-variantar, og no har det nok ein gong kome informasjon som tydar på at Nvidia skal lansere eit RTX 3060 Ti-kort i oktober.

Dette er basert på info som Nvidia skal ha sendt til eigne tredjepartsprodusentar. Det var nettstaden VideoCardz som omtalte saka først.

GeForce RTX 3060 Ti er basert på ein GA104-200 grafikkprosessor med 4864 CUDA-kjernar, og same minnekonfigurasjon som RTX 3070. Då snakkar me 8 GB med GDDR6-videominne på 14 GBps.

Ryktet seier altså at RTX 3060 Ti kjem før sjølve RTX 3060.

VideoCardz skriv vidare at kortet vil krevje rundt 40 watt mindre enn RTX 3070. Det har ikkje kome noko informasjon om pris enno.

Det er òg rykta at det kjem oppgraderte variantar av både RTX 3070 og RTX 3080, der sistnemnde kjem med ein variant med 20 GB videominne. Versjonen som lanserer neste veke får 10 GB.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

Siste fra forsiden