Nye gaming-flaggskip til hausten?

Det går mot ei spennande tid for skjermkortentusiastar.

RTX 4090 er det mest kraftige skjermkortet på marknaden. Oppfølgaren kjem sannsynlegvis i haust eller vinter.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Nvidia og AMD pleier å lansere nye seriar med skjermkort med to års mellomrom. Hausten 2022 var sist gong Nvidia var ute med ny serie, og det nærmar seg sannsynlegvis nok ei lansering.

Ryktebørsen har vore aktiv i ei god stund.

Tredjepartsprodusentane til Nvidia forventar at Blackwell-skjermkorta dukkar opp i fjerde kvartal av 2024, melder blant andre Videocardz.com.

Rykta seier RTX 5090 og RTX 5080 kjem i første runde. Det har skjedd fleire generasjonar på rad, at dei kraftigaste skjermkorta kjem først.

Ingen veit noko som helst konkret om spesifikasjonar, men éin ting kan ein nok stadfeste; det blir dyrt.

Prisane har stige kraftig dei siste generasjonane, og det er lite sannsynleg at Blackwell bryt med den tradisjonen.

kopite7kimi, som tidvis treff med spådommane sine, trur òg på lansering mot slutten av året. Han meiner Blackwell-skjermkorta kjem med GDDR7-videominne, og at flaggskipet får ein minnebuss på 512 bit.

Siste fra forsiden