Nvidia RTX 2060

Nytt gamingskjermkort frå Nvidia ute neste veke

RTX 2060 plasserer seg på toppen av mellomklassen med imponerande yting.

Nvidia

Turing-serien til Nvidia har kanskje ikkje levert det store hoppet i yting som Pascal gjorde, men har heller fokusert på å introdusere spanande ny teknologi som strålesporing og «Deep Learning Anti-Aliasing» (DLSS).

Toppkorta har vore ute i nokre månadar no, og Nvidia gjer seg klare til å avsløre kva mellomklassen deira har å by på.

Måndag morgon presenterte selskapets direktor Jen-Hsun Huang RTX 2060. Dette er det billigaste kortet med eigne kjernar for strålesporing, og som vil støtte DLSS ut av eska. Kortet kjem med 6 GB videominne, 1920 cuda-kjernar, 240 Tensor-kjernar, 30 RT-kjernar, og er på plass i butikkane 15. januar.

1440p-kort med musklar

Prisen på Founders Edition-utgåva av skjermkortet er i skrivande stund 3 800 kroner på den norske nettbutikken til Nvidia. Det er nesten på same nivå som det GTX 1070 lanserte på. Mens GTX 960 kom ut til 200 dollar, og GTX 1060 til 250, er RTX 2060 altså 100 dollar dyrare enn 1060 igjen. Prisen vil òg stige viss ein vil ha RTX 2060 med kjølar frå tredjepartstilbydar, som kjem på marknaden snart.

Likevel viser testane frå mange av dei store maskinvare-publikasjonane at ytinga du kan få vil kunne gjere opp for prisen (oversikt over testar her). RTX 2060 verkar å ligge rundt og litt under ytingsnivået til GTX 1070Ti, som betyr at dette vil vere eit glimrande inngangspunkt for dei med 1440p-skjermar. Hiv på DLSS og strålesporing som dei eldre korta ikkje har tilgang til, så verkar dette som eit godt tilbod.

Slik er bakplata på RTX 2060 – men du bør kanskje vente nokre veker med å handle til GTX 1160 kjem.
Nvidia

I går blei det òg annonsert at det komande EA-storspelet Anthem får DLSS-teknologi, i ein ny trailer til spelet. Battlefield V får den same behandlinga, men me veit ikkje når dette kjem.

Desse to spela vil vere del av alle skjermkortkjøp frå Nvidia framover, der ein får velje mellom enten Battlefield V eller Anthem som «gratis» spel når ein kjøper RTX 2060 eller RTX 2070, mens du får begge spela ved kjøp av RTX 2080 eller RTX 2080Ti.

GTX 1160 kan vere på veg

For nokre veker sidan kom ein lekkasje om at Nvidia òg kjem til å sleppe eit GTX 1160-kort, som sannsynlegvis får omtrent den same ytinga, men utan Tensor- og RT-kjernar. Då det førebels berre er ei handfull spel som har fått støtte for strålesporing (pluss at ytinga framleis er elendig) vil kanskje GTX 1160 vere meir attraktivt i første omgang. Dette er ikkje bekrefta frå Nvidia, men informasjonen kjem frå truverdige kjelder.

Rykte og lekkasjar om GTX 1160 peikar mot at det kortet får dei same spesifikasjonane som RTX 2060 når det kjem til CUDA-kjernar og minne, så me rådar til å ikkje vere for kjapp på avtrekkjaren med kjøp av RTX 2060. Sannsynlegvis vil GTX 1160 gjere mykje av det same til ein greiare pris viss det kjem ut. DLSS og strålesporing er tross alt unge teknologiar, og sjølv om nye spel kjem til å lanserast med desse teknikkane, er det berre Battlefield V og Final Fantasy XV som støttar dette no.

Les også: Endeleg er RTX 2080 og RTX 2080Ti lansert »

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
Les også
Hvor mye koster det å bygge en PC med PlayStation 5-ytelse?

Siste fra forsiden