RTX 2080 og RTX 2080Ti er lansert

Men har Nvidia vore litt kjappe på avtrekkjaren?

Nvidia

Medan det var mindre enn eit år mellom lanseringa av Nvidia sine GeForce GTX 1080 og 1080Ti-skjermkort, har lanseringa av den nye serien deira venta på seg. Det er no gått seks månadar lengre, og endeleg kan me få tak i skjermkorta basert på Turing-arkitekturen. 20. september var den offisielle lanseringa av dei nye korta, og dei skal dukke opp i nettbutikkar rundt i landet i løpet av neste veke.

Den nye generasjonen av skjermkort introduserer spanande teknologi som hybrid-rendering ved hjelp av strålesporing og ein ny versjon av kantutjamning (DLSS) som skal oppskalere oppløysing ved hjelp av maskinlæring med same kostnad som vanleg «Temporal Anti-Aliasing». Tidlegare har Gamer.no omtalt dette som ein minirevolusjon for grafikkteknologi.

Er korta ute for tidleg?

Lanseringa av RTX 2080 og RTX 2080Ti er særs etterlengta. Pressa har endeleg fått hendene på korta og har testa i alle moglege syntetiske testar og spel den siste veka, men mange klagar på at ting ikkje er heilt som dei skal vere frå Nvidias side.

MSI GeForce RTX 2080 Ti Gaming X Trio er så langt kortet med høgaste klokkehastigheit frå fabrikken.
MSI

Det er nemleg knapt nokon måte å teste verken strålesporing eller DLSS på enno. Anna enn nokre tekniske demonstrasjonar som ikkje seier noko om spelyting, er det lite nyttig ein kan bruke. Benchmark-verktøyet til Final Fantasy XV er det einaste som har implementert DLSS, men sjølv der er det neppe mykje å hente. Verktøyet har tidlegare fått kritikk for å vere lite relevant samanlikna med spelet, som gjer at resultata vil ha avgrensa verdi.

Dette har ført til at mange sløyfa karakter frå testane sine, då det ikkje er mogleg å teste dei store trekkplastera til skjermkorta. Det verkar som forskjellane mellom RTX 2080 og 1080Ti er små når det kjem til yting, så implementering av strålesporing og DLSS vil vere viktig i vurdering om korta er verd dei stive prislappane eller ikkje.

Me veit ikkje heilt når støtte for strålesporing vil kome til spel, så dei som er skeptiske til forhandsbestilling bør smøre seg med tolmod i ei stund til. YouTube-kanalen Linus Tech Tips skal visstnok ha fått tilbod om å sjå strålesporing av utviklarane bak eit komande spel, men dette blei aldri gjennomført. Mannen bak YouTube-kanalen, Linus Sebastian, meiner at Nvidia stoppa prosessen fordi teknologien rett og slett ikkje er klar enno.

Ytinga du treng for 4K

Nettstaden VideoCardz.com har lagt ut ei oversikt over dei fleste omtalane av RTX 2080 og 2080Ti. RTX 2080Ti ser ut til å vere på linje med det Nvidia sjølv har gått ut med tidlegare, og i gjennomsnitt kan ein vente mellom 30 og 35 prosent auke i yting over GTX 1080Ti. Ein stor forskjell, men samstundes ei langt mindre auke enn det me såg mellom GTX 980Ti og GTX 1080Ti. Likevel betyr dette at 2080Ti kan takle omtrent alt av nye spel i 4K med biletefrekvensen over 60.

Spesielt i spel som brukar ASync Compute-teknologi er forskjellen mellom Pascal- og Turing-korta stor. Til dømes viser tal frå Hardware Unboxed at Turing-korta har ein enorm leiing i Wolfenstein II: The New Colossus, der RTX 2080Ti oppnådde ein biletefrekvens på 170 i 4K i testen deira, mot 1080Ti som held seg rundt 110. Dette vil vere eit av særs få spel der ein får fullt utnytte ein 4K 144hz-skjerm på Ultra-innstillingar.

Gamer.no har førebels ikkje fått tak i testversjonar av dei nylanserte skjermkorta, men vil skrive melding av RTX 2080Ti så fort som mogleg. Det ser ut som me får tilsendt kortet i løpet av første veke i oktober.

Siste fra forsiden