Lanserte skjermkort til bruktbilpris

Nvidia har fått ei lunken mottaking.

Asus GeForce RTX 3090 Ti ROG Strix LC OC er ein av modellane som kjem til Noreg. Prisen er knappe 26 500 kroner.
ASUS

Prisen på skjermkort har gått ned sakte, men sikkert, dei siste månadane. Butikkane har fleire eksemplar på lager enn før, og det er ikkje like stort trykk på marknaden som det har vore.

AMD, Nvidia og Intel skal alle lansere nye generasjonar med skjermkort i år, men dei to første har likevel pumpa ut fleire produkt i den noverande generasjonen. I dag lanserte Nvidia GeForce RTX 3090 Ti, det nye flaggskipet deira til den nette summen av 2000 dollar.

Det er framleis få versjonar i norske butikkar, men dei som er ute, ligg mellom 22 000 og 27 000 kroner. Altså omtrent det same som du kan få ein grei, gammal bruktbil for.

Prisane er på same nivå som dagens RTX 3090, og den nye versjonen slår i hel veslebroren fram til butikkane skrur ned prisnivået på det igjen.

Krev masse straum

Nvidia GeForce RTX 3090 Ti har fått ei lunken mottaking blant både kritikarane og publikum.

Straumforbruket til skjermkortet er skyhøgt, der nokre av tredjepartsmodellane har straumforbruk på over 500 watt under last. Korta er dei første som kjem med ein straumkontakt med 16 pinnar.

Kjølarane er òg klart meir plasskrevjande enn det veslebror RTX 3090 er. Elles har det i utgangspunktet 10 752 CUDA-kjernar og 24 GB med GDDR6X-videominne på 21 Gbps, som i praksis gjer det til eit overklokka RTX 3090.

Gamer.no har førebels ikkje fått noko testeksemplar, og Nvidia opplyser til oss at dei ikkje sender ut Founder's Edition i det heile denne gongen. Dei versjonane er uansett ikkje i sal i Noreg.

Dei ulike testane på nettsidene som faktisk har fått skjermkortet, viser at Ti-versjonen er omtrent 5-10 prosent meir kraftig enn RTX 3090.

Siste fra forsiden