Test

Gigabyte RTX 3090 Gaming OC 24GB

Held flaggskipet stand i 2022?

Me ser på Nvidias toppkort i forkant av ei rekkje nye lanseringar.

Mikkjell Lønning
1: Vurdering og konklusjon
2: Test i spel

Godt nyttår, kjære lesar! Me er no inne i det tredje kalenderåret på rad med elendig tilgjengelegheit for elektronikk, og det feirar me ved å teste eit nytt flaggskipskjermkort som ingen bør kjøpe i dagens marknad.

Gigabyte RTX 3090 Gaming OC er det første skjermkortet som får bryne seg på vår nye testbenk. I skrivande stund er det overraskande nok på lager, men rett nok til den nette sum av 28 000 kroner – 9000 meir enn kva det kosta ved lansering.

Dette er eit meiningslaust skjermkort for speling. Det er berre nokre månadar sidan denne versjonen låg ute til 22 000 kroner, og då var det ikkje så altfor gale samanlikna med lanseringsprisen. Men Nvidia har fullstendig slått ihel RTX 3090 for spelarar med RTX 3080 Ti. Det kan ein få frå rundt 18 000 kroner no, og gir i praksis nett den same ytinga.

AMD sitt toppkort RX 6900 XT er òg på lager. Det kostar 10 000 mindre enn RTX 3090, der du får både høg yting og rikeleg med videominne. Samstundes er Nvidia på veg til å lansere både RTX 3090 Ti og ein oppgradert RTX 3080 med 12 GB med videominne.

Me tar likevel kikk på skjermkortet. Dette kjem til å vere vår trufaste travar i grafikkanalysar av spel framover, og då skriv me like greitt ein skikkeleg test. Men som vanleg sløyfar me karakteren, då prisane er på eit heilt anna nivå enn det produsentane annonserer med.

LES: Her er Gamer.no sin nye testbenk for skjermkort »

Spesifikasjonar

Nvidia RTX 3090-skjermkorta er utstyrt med 24 GB med GDDR6X-videominne, 10496 CUDA-kjernar og ei boost-klokkehastigheit på 1695 MHz. Gigabyte sin Gaming OC-kjølar løftar klokkehastigheita til 1755 MHz, men i praksis klokkar kortet til godt over 2000 MHz ut av eska.

STILIG: Bakplata på Gaming OC-korta tar seg godt ut.
Mikkjell Lønning

Kjølaren måler 32 centimeter i lengda og 13 centimeter i breidda, og tar som dei andre Gigabyte-korta me har testa opp mykje plass i kabinettet. Det er likevel langt frå dei største kjølarane blant tredjepartskorta.

Skjermkortet har to 8-pin PCIe-kontaktar som krev ei straumforsyning på 750 watt eller meir, saman med to HDMI 2.1-portar og tre DisplayPort 1.4a-portar.

Yting

Det er inga stor overrasking at eit RTX 3090-kort taklar det mest du hiv mot det. Me ser framleis at det ikkje er mogleg å oppnå ein biletefrekvens på 60 i absolutt alle spel i 4K, og spesielt med strålesporing, men det kjem fort til neste generasjon.

Eg skal ikkje seie at det er heilt unødvendig i 1920x1080 og 2560x1440, for det kjem nok av krevjande spel der skjermkortet er flaskehalsen, men du har verkeleg ikkje behov for RTX 3090 med mindre du speler i 4K og likar å kunne skru alt på maks til ei kvar tid.

Nvidia marknadsførte i utgangspunktet RTX 3090 som eit 8K-skjermkort, men det er det ikkje. DSjølv om du klarar å køyre ein del eldre, godt optimaliserte spel i 6K og 8K om du vil, er det lite vits i for nyare spel. Generelt sett kan du forvente omtrent halvparten av biletefrekvensen av det du har i 4K.

Det er òg ingen spel der RTX 3090 er meir enn 10 prosent betre enn veslebroren RTX 3080 Ti, og stort sett yter dei omtrent identisk. Difor er det strengt tatt liten vits i å kjøpe dette om du ikkje vil prøve deg på 8K.

I framtida vil nok fleire spel krevje meir videominne enn det RTX 3080 Ti har, men det er på ingen måte verd dei ekstra 10 000 kronene.

Vår testbenk

Vis mer
  • Prosessor: Intel Core i9-12900k
  • Kjølar: Asus ROG Ryujin II 360
  • Hovudkort: Asus ROG Maximus Z690 Hero
  • Minnebrikker: Kingston Fury Beast 32 GB DDR5-5200 CL40
  • Lagring: Kingston Fury Renegade 2 TB M. 2 SSD x2
  • Straumforsyning: Asus ROG Thor 1200 watt
  • Kabinett: Cooler Master Mastercase H500P Mesh ARGB
  • Operativsystem: Windows 11 Pro

Når me samanliknar Gigabyte-kortet med RTX 3090-kortet med det første me testa i oktober 2020, så ser me at det er ganske små forskjellar. Sjølv med ein drøss med nye drivarar og «Resizable Bar»-støtte er ytinga omtrent identisk med MSI-kortet me testa då. Testen av MSI RTX 3090 Gaming X Trio blei gjort på den førre testriggen vår, men resultata i 4K er svært like – og identiske i 6K og 8K.

Alle speltestane finn du på neste side i artikkelen.

Straumforbruk og temperatur

Gigabyte RTX 3090 Gaming OC krev ei skikkeleg straumforsyning. På det meste drog kortet 349 watt frå veggen, som er nett det same som Founder's Edition-kortet er målt til. Faktisk brukar dette skjermkortet mindre straum enn veslebroren RTX 3080 Ti Gaming OC, men det er likevel veldig høge tal for eit skjermkort.

DOBBEL KONTAKT: Dei to kontaktane med åtte pinnar leverer rundt 350 watt.
Mikkjell Lønning

I dei førre generasjonane har det vore mykje snakk om at korta skulle bli meir og meir straumgjerrige, men no ser det ut til at utviklinga går motsett veg på grunn av auka konkurranse frå AMD. Ryktene sier at me får endå meir straumkrevjande kort til neste generasjon igjen.

Energisvoltne skjermkort genererer høge temperaturar. Skjermkortet nådde ein maksimal temperatur på 78 grader under ein lang stresstest, og hadde ein «hot spot»-temperatur på 89 grader. I speling ligg temperaturen nokre få grader under.

Temperaturane er låge nok til at skjermkortet neppe kjem til å nedklokke på grunn av varme, men viftene må kjempe litt meir enn eg likar. Under full last ligg dei stort sett mellom 1650-1735 omdreiingar i minuttet. Støynivået er minimalt, men skjermkortet lagar tidvis ein kraftig kvinelyd ved høge biletefrekvensar. I Rainbow Six Siege er det på grensa til ubehageleg å høyre på.

Overklokking

Ut av eska køyrer Gigabyte RTX 3090 Gaming OC med ein klokkehastigheit på opptil 2025 MHz. Det er allereie langt over det Nvidia og Gigabyte lovar, og kjem takka vere siste generasjon av GPU Boost.

Slik er det for alle skjermkorta denne generasjonen. I teorien er det mogleg å hente ut nokre prosent høgare biletefrekvens utover det, men dessverre har Gigabyte igjen vald å låse moglegheita til å auke straumforbruket til skjermkortet. Då er det lite ein kan gjere for å overklokke vidare.

Me håpar Gigabyte fjernar denne sperra på Gaming OC-korta i framtida.

No har me oppgradert til ny testbenk med Windows 11, og det kan hende at det har introdusert noko ustabilitet til systemet vårt. Slik det er no klarar eg ikkje få noko som helst overklokking til å køyre stabilt i meir enn ei handfull spel, medan dei aller fleste spela krasjar til skrivebordet. Eg merkar derimot ikkje dette med andre skjermkort eg har liggande, så det verkar som det rett og slett ikkje er mogleg å overklokke dette stabilt med meir enn 20-30 MHz. Då er det like greitt å la vere.

Konklusjon

Det er absolutt ingen vits i å kjøpe eit RTX 3090-skjermkort i dag. Dersom du sit på eit 8K-fjernsyn med HDMI 2.1, så kunne det kanskje vore relevant, men no har Nvidia altså annonsert at dei lanserer ein Ti-versjon uti januar. Då er det endå mindre vits i.

For dei som verkeleg kjenner på behovet for eit kraftig skjermkort, er RTX 3080 Ti og AMD RX 6900 XT dei beste vala du har i dag. Dei gir stort sett den same ytinga som RTX 3090, og kostar betydeleg mindre. Det er vanskeleg å anbefale å bla opp 10 000 ekstra for videominne ein ikkje har bruk for.

ALTFOR DYRT: All elektronikk er dyr i dag, men RTX 3090 er blitt så dyrt at det nesten har blitt eit slags symbol på halvleiarkrisen.
Mikkjell Lønning

Gigabyte RTX 3090 Gaming OC er det mest kraftige skjermkortet du kan kjøpe. I alle fall fram til slutten av januar. Det er sjølvsagt ei fjør i hatten for Nvidia at dei klarar å halde på leiinga mot sin argaste konkurrent, men det mistar litt betydninga når prisnivået er som det er.

Kjølaren til Gigabyte gjer jobben som vanleg, og leverer respektable temperaturar med lågt støynivå. Men det at dei igjen har avgrensa moglegheita til skikkeleg overklokking er ganske surt.

Nvidia ringar 2022 inn med lovnadar om nye skjermkortflaggskip til skamlause prisar, og sannsynlegvis vil dette forplante seg inn i den neste generasjonen som me trur kjem til hausten igjen.

Heia Intel, kanskje?

Svært kraftig
Låge temperaturar
Støysvakt
Høg klokkehastigheit
Støtte for DLSS og strålesporing
Straumgrense låst til 100 prosent
Hinsides latterleg dyrt
Meiningslaust når RTX 3080 Ti finst
Irriterande spolekvin ved høg biletefrekvens
1: Vurdering og konklusjon
2: Test i spel

Siste fra forsiden