Feature

No blir det andre bollar for Gamer.no

Me tar testriggen vår for skjermkort inn i notida.

Cooler Master

Gamer.no si opptrapping på hardware-dekning har tikka og gått i nokre år no, og det har kome til det punktet at vår stakkars testbenk skrik av skrekk kvar gong nokon nemnar «nye skjermkort». Difor var det på tide å gjere noko med det.

Det er sprøtt at det er fem generasjonar sidan Intel lanserte i7-8700k-prosessoren allereie (som me har brukt til i år), men no har me rive ut alt av innmaten i maskinen vår for å sko oss for neste generasjon skjermkort frå AMD, Intel og Nvidia.

Med den globale mangelen på halvleiarar har me merka ein nedgang i interessa for denne typen stoff blant lesarane våre, naturleg nok, men me skal stå på for å levere kritisk hardwarejournalistikk på dei områda som er viktige for norske spelarar. Me kryssar sjølvsagt fingrane for at det blir mogleg å kjøpe komponentar til nokolunde normale prisar igjen mot slutten av neste år – utan at me er spesielt optimistiske til det.

Slik blir testbenken

Som vanleg har me kombinert komponentar frå litt ulike produsentar for å ikkje låse oss til eitt merke, og har samla inn delane me treng for å unngå at det blir flaskehalsar av noko slag for skjermkortet.

I hjartet av maskinen sit Intel sitt nye flaggskip Core i9-12900k. Prosessoren er den første i rekkja av hybridprosessorar frå Intel, og selskapet omtalar det som verdas beste spelprosessor. Det er det for så vidt òg – i alle fall før AMD kjem med sine nye toppmodellar til våren igjen.

Intel Core i9-12900k har åtte p-kjernar og åtte e-kjernar, der dei førstnemnde køyrer på turbofrekvens opp mot 5,1 GHz. I praksis har prosessoren klokka opp til 5,2 GHz av seg sjølv ved fleire høve, og det er enkelt å få han over 5,4 GHz med manuell overklokking.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Hovudkortet vårt frå ASUS har ein genial funksjon som viser kva kjernar som taklar overklokking best, slik at ein kan skru inn kvar kjerne til ulike hastigheiter utan å teste dei ein og ein.

Me har likevel vald å køyre prosessoren utan overklokking i vår testar, for prosessoren brukar svært mykje straum og blir ganske varm utan overklokking i det heile. På 5,4 Ghz hoppar prosessoren opp 15 grader, og når fort over 100 grader i intensive oppgåver. Det er ikkje den knøttvesle auka i ytinga verd.

Komplett.no har hjelpt oss med å få tak i prosessoren.

Gigantisk kjølar

Asus ROG Ryujin II 360 står for kjølinga til prosessoren vår. Alt-i-eitt-vasskjølaren sørgar for å halde temperaturen nede, samstundes som kjølaren lagar svært lite støy. Som mange av dei nyare AIO-kjølarane har denne eit eige display der ein blant anna kan vise temperaturane på prosessoren.

Asus

Kjølaren er basert på design frå danske Asetek, og kjem med tre Noctua-vifter på 120mm som matar luft inn i radiatoren. Takka vere Asus ROG Ryujin II 360 ligg temperaturen på prosessoren stort sett rundt 55–65 grader i spel. I produktive oppgåver, som til dømes rendering i Photoshop, kan derimot temperaturen på prosessoren krype over 90 grader. Syntetiske testar som Cinebench R23 trekkjer temperaturen endå lenger opp, og der maksa me ut på 101 grader.

Syntetiske testar er ikkje representativt for vanleg speling, men det seier sitt at sjølv Ryujin II slit såpass mykje med 12900k. Prosessoren drog 290 watt frå veggen på det meste, og det er krevjande å kjøle han godt nok.

Hovudkort

Asus ROG Maximus Z690 Hero er rammeverket for testbenken vår. Hovudkortet har nok funksjonar til at eg regelmessig oppdagar nye, fiffige løysingar, og byr på langt meir enn det me eigentleg har behov for. Asus har blant anna laga ein eigen knapp for å losne det som står i PCIe-sporet, som er svært kjekt for oss som skiftar skjermkort oftare enn sokkar.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Tre ulike M.2-spor med dedikerte kjøleribber gir haugevis med lagringsplass, og Asus slenger med eit utvidingskort som gir deg fire spor til om du treng det. Hovudkortet har fleire ulike, innebygde kjøleløysingar for både skjermkortet og prosessoren, som gjer at ein skal kunne presse komponentane endå litt lengre når ein overklokkar dei.

Dette er eit entusiastkort så det held.

Lagring

Me har førebels installert to M.2 SSDar i maskinen vår. Begge to er Kingston Fury Renegade SSDar på 2 TB kvar, og dette er per dags dato den kjappaste M.2 SSDen på marknaden.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Ifølgje Kingston skal produktet klare lese- og skrivehastigheiter på 7300/7000 MB/s. Våre testar viser at SSDen ikkje leverer heilt dei tala, men ei sekvensiell lesehastigheit på 5878 MB/s og skrivehastigheit på 5975 MB/s er framleis ekstremt kjapt.

I AS SSD får me ein totalscore på 14211. Det er ganske heftig utan noko form for overklokking.

Det er verd å nemne at Fury Renegade er same produktet som Kingston KC3000, berre med spelmerking.

RAM

Kingston står òg for minnebrikka vår i den nye testbenken. Me har utstyrt han med to 16 GB Kingston Fury Beast DDR5-brikker på 5200 MT/s. Timinga på CL40 er ikkje den aller kjappaste, men DDR5 har førebels ein del høgare timing enn det DDR4 har.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Desse brikkene er visstnok blant dei mest populære her i Norden så langt, og er eit trygt val. Men her skjer det nok ganske mykje på marknaden, så me ser kva me gjer etter eit års tid med desse. Litt kjapp testing av dei ulike klokkehastigheitene viser at valet mellom 4800 MT/s, 5200 MT/s og 5400 MT/s (med overklokking) ikkje har noko spesiell effekt på ytinga i spel.

Kabinett

Me vurderte om me skulle ha ein faktisk testbenk denne gongen, men me hamna på å køyre eit vanleg kabinett. Sjølv om temperaturane vil bli litt høgare enn med ein testbenk, sikrar me meir representative resultat. Det er trass alt få som speler med eit ope kabinett.

Cooler Master

Cooler Master Mastercase H500P Mesh ARGB er eit svært romsleg «midi-tower» på rett oppunder 15 kilo med god luftstrøyming. Kabinettet er betydeleg større enn det me hadde førre gong, slik at me kan ha plass til dei aller største skjermkorta – denne gongen utan hjelp av baufil.

To 120mm-vifter med RGB på frontpanelet er det klare trekkplasteret til kabinettet, men desse tok me ut til fordel for Noctua-viftene til kjølaren vår denne gongen.

Det er enkelt å halde styr på kablane i kabinettet, ein får skjult straumforsyninga og SSDar/diskar fullstendig og det er rikeleg med plass til fleire vifter i toppen viss ein treng det. Mykje å like her, altså.

Straumforsyning

Asus

Moglegvis den viktigaste komponenten i maskinen er ei Asus ROG Thor 1200 watt modulær straumforsyning med Platinum-sertifisering. Skjermkort brukar meir og meir straum, og me vil sikre oss for framtida med å ha litt å gå på viss me vil teste SLI.

Straumforsyninga er ein modifisert versjon av eit av Seasonic sine produkt, og lagar i praksis null støy. Det er andre konkurrentar som gir meir for pengane viss ein berre treng stabil straum, men Asus har slengt med både RGB-lys og ein OLED-skjerm for å vise straumforbruk og liknande.

Denne gir oss alt me treng – og meir til.

Betre produktbilete

Sony

Eg har òg investert i eit Sony A1-kamera. Den rakkaren skal løfte produktbileta våre nokre hakk til, men kjøpet kjem nok mest av at underteikna har litt dårleg impulskontroll og brukar altfor mykje tid på fuglefotografering.

Sony A7iii-kameraet eg brukar no er sjølvsagt meir enn godt nok. Men så er det kjekt med nye ting, då.

Det skal i alle fall ikkje vere mangel på skjermkort i grantre og liknande på Gamer.no framover. Noko må me jo gjere for å gjere det litt interessant å ta bilete av dei same tinga igjen og igjen.

Speltesting

Me kjem til å teste opp att det me har av eldre skjermkort liggjande etter kvart. Dette er svært tidkrevjande arbeid, så me gjer det inn mot dei nye skjermkorta som sannsynlegvis kjem i januar.

Dessverre har me ingenting frå AMD lenger, så me får eit ganske einsidig utgangspunkt. Me får sjå om produsentane vil hjelpe oss litt med det etter kvart.

Desse elleve spela blir vurderingsgrunnlaget i skjermkorttestane våre:

  • Horizon Zero Dawn
  • Rainbow Six Siege
  • Shadow of the Tomb Raider
  • Middle-earth: Shadow of Mordor
  • Far Cry 5
  • Assassin's Creed Valhalla
  • The Witcher 3: Wild Hunt
  • Marvel's Guardians of the Galaxy
  • Counter-Strike: Global Offensive
  • Overwatch
  • Metro Exodus Enhanced Edition
  • 3DMark (syntetiske testar): TimeSpy Extreme og Port Royal

Desse spela skal gi ein grei balanse mellom nye og eldre titlar, samstundes som det representerer litt ulike sjangrar. Me tar ikkje med så mange 2021-spel enno, då me føretrekkjer å velje spel som har fått ein del oppdateringar og er mest mogleg stabile.

Metro Exodus Enhanced Edition køyrer me berre på Extreme med absolutt alt av meiningslaust krevjande innstillingar på, og lar det vere ei slags «but does it run Crysis (Metro EEE)»-greie.

Me er elles opne for forslag dersom det er noko de ønskjer me skal ha med, så gjerne kommenter under. Lista blir sannsynlegvis utvida igjen til sommaren med nokre spel som kom ut no i haust.

Fleire av spela har representative, innebygde benchmarkverktøy. I Overwatch, CS: GO og The Witcher 3 brukar me CapFrameX for å måle biletefrekvensen.

Alle spela blir testa i 1080p, 1440p og 2160p, supplert med eigne målingar av DLSS og strålesporing i spela som støttar det. Testing i 6K og 8K blir nok aktuelt med komande flaggskipskjermkort.

Elles køyrer me test i kvar oppløysing fem gongar og brukar gjennomsnittet i grafane våre, nett slik som me alltid har gjort.

Her er heile komponentlista i den nye riggen:

  • Prosessor: Intel Core i9-12900k
  • Kjølar: Asus ROG Ryujin II 360
  • Hovudkort: Asus ROG Maximus Z690 Hero
  • Minnebrikker: Kingston Fury Beast 32 GB DDR5-5200 CL40
  • Lagring: Kingston Fury Renegade 2 TB M. 2 SSD x2
  • Straumforsyning: Asus ROG Thor 1200 watt
  • Kabinett: Cooler Master Mastercase H500P Mesh ARGB
  • Skjermkort: Gigabyte RTX 3090 Gaming OC

Siste fra forsiden