Nytt Soldier of Fortune-spel på veg

Etter mange år med venting er Soldier of Fortune-serien tilbake.

Heilt sidan WorthPlaying i går kveld slapp nyheita om at eit nytt Soldier of Fortune-spel kan vere på veg, har spekulasjonane gått som eld i tørt gras over nettet. Activision som innehar rettane til serien, har bekrefta for Gamer.no at spelet er under utvikling som ein Activision Value-tittel. Dei vil ikkje ut med nokon lanseringsdato, men nettbutikkane EB Games og GameStop spekulerar i utgjeving i november.

Den største overraskinga med spelet som har fått namnet Soldier of Fortune: Pay Back, er at det ikkje lengre er Raven Software som står ved spakane. Cauldron, som blant anna har laga eit tildegare Conan-spel, og nyleg har utvikla History Channel: Civil War, står for utviklinga denne gong.

Kotaku har i tillegg gravd fram litt informasjon rundt spelet. I følgje dei vil karaktermodellane ha 36 separate punkt, noko som etter tidlegare spel å døme tyder på at vi kan forvente kroppsdelar som flyr i alle retningar. I tillegg håpar utviklarane på å inkludere øydeleggbare område.

Spelet er under utvikling til PC, PlayStation 3 og Xbox 360. Meir informasjon er venta i forbindelse med årets E3, som startar andre veka i juli.

Siste fra forsiden