Tilbakeblikk

Theme Hospital

Oppkast, jordskjelv og sinte kollegaer

Vi har gravd fram igjen noko av det beste simulatorsjangeren har å by på.

Denne artikkelen vart først publisert i 2018. Vi har dratt han fram frå arkivet for eit gjensyn.

Hugsar du kor lite styr vi måtte bry oss med før i tida? Då fekk vi eit spel, ein manual, og så var det opp til deg kvar du gjekk derifrå. Å lese manualen var mest for eit rituale å rekne, sjølv om mange berre kasta den. Eg hugsar framleis korleis eg meg skrekk hylte ut då ein klassekamerat ein gong på nittitalet tok diskettane ut av boksen til det nye Larry-spelet, berre for å knefte saman boksen og hive den i søpla.

Eg gløymer ikkje blikket eg fekk. Blikket som seier «Kva? Kva har eg gjort?».

Eg skal ikkje påstå at spel var betre før, men ting, ting var betre før. Før i tida hadde ting verdi. Spela kom ikkje i tynn plast som ser ut til å bli tynnare of fullare av hol for kvart år som går, men i boksar av tjukk papp som lukta godt. Samlinga på hylla med enorme boksar var eit statussymbol. Desto tjukkare manualen var, desto betre var det, og om boksen var skikkeleg tung der du kjøpte den, innpakka i plast, steig berre forventningane.

Theme Hospital var ikkje den lekraste boksen eg har sett, og der den stod ved sidan av den mildt sagt nydelege Diablo-boksen i matt svart farge, såg den direkte grell ut, men det er ikkje alltid utsida som tel.

Theme Hospital er eit av desse spela som forankrar seg i minnet, og aldri forsvinn. Eg har ikkje spelt det på sikkert 20 år, men då eg spelte det, spelte eg det mykje. Å plukke det opp igjen no er som å ta turen inn i ei anna verd. Ei anna verd der spelaren blir behandla som eit intelligent individ som intuitivt forstår korleis ting fungerer.

Nokre pasientar blir aldri nøgde.
Øystein Furevik/Gamer.no

Moderne spel gjev meg av og til inntrykket av at utviklarane trur eg er ein idiot. At alt må inn med teskei, og kanskje dei har rett i det. Kanskje mange må ha ting ekstra tydeleg forklara, men eg er ikkje ein av dei. Å spele Theme Hospital igjen er som å trekke pusten. Berre nokre sekundar inn og eg har allereie bygd mitt første legekontor. Ti minuttar seinare, og eg spring inn til kona mi og ropar «fy faen så bra dette spelet er».

Theme Hospital er kroneksempelet på «lett å spele, vanskeleg å meistre». Det er eit spel som byrjar i det små og lurer deg til å tru at dette blir berre ein dans på roser. Sakte, men sikkert får du fleire og fleire nye utfordringar, og før du veit ordet av det spring du tilbake til kona di igjen, men denne gongen for seie «elskling, eg treng hjelp!».

Ikkje tru du er noko

Du får det meste servert ganske kjapt. I Theme Hospital skal du drifte eit sjukehus, og målet er å handtere ei lang rekke mildt sagt banale fysiske og mentale lidingar. Her finn vi slapp tunge, oppblåst hovud, kongekompleks og naturlegvis radioaktivitet. Måten du handtere alt dette på er befriande fri for unødige detaljar. Du treng ein resepsjonist, nokre legar og sjukesøstre, og samt vaktmeistrar til å rydde i gangane. Du treng kontor til dei forskjellige tinga som skal skje på sjukehuset, klinikkar, operasjonssalar og rom for avansert utstyr. Lista er lang, men lett å forstå. Ved å få pasientar på besøk finn legar nye tilstandar, og nye tilstandar krev nye diagnostiseringsmetodar og behandlingsformer.

For å vere ekstra parat kan du godt sende pasientane til forskningslabben, og får å passe på at du har nok legar med relevant ekspertise kan du setje ein erfaren lege til å undervise dei andre.

Lett.

Men det er det ikkje, for før du veit ordet av det spyr folk i gangane, jordskjelv gjer operasjonssalen din permanent ubrukeleg, og epidemiar sprer seg som pest og kolera og brått går sjukehuset ditt så hardt i minus at gliset du sat med for ti minutt sidan no ligg på golvet saman med alt håret du har rive ut av skalpen din.

Les også
Anmeldelse: Two Point Hospital
Vi treng alltid nye ekspertar.
Øystein Furevik/Gamer.no

Det er dette Theme Hospital handlar om; å handtere kriser. Å vere førebudd på at det verste kan skje. Å motstå all denne galskapen er noko som ligg opp til deg, og det er her magien med spelet verkeleg viser seg. Theme Hospital er eit spel med banalt enkle element. Brikkene er så tydelege og lette å forstå at ein aldri blir forvirra over kva ein kan gjere. Spørsmålet er korleis ein kan gjere det, og om du gjer det dårleg er det strengt tatt berre din eigen feil.

Å leggje ein golvplan som får unna både diagnoser og behandling raskt og effektivt er ei kunstform som kan vere vanskeleg å meistre. Å hyre inn den rette mengda med personale som kan gjere jobben, og ikkje minst kan gjere ein god jobb er minst like viktig. Gjer du dumme feil får du betale for det ved å sjå korthuset ditt kollapse i sakte kino.

Når krisa er reell

Å byggje eit fungerande sjukehus er ikkje berre berre. Igjen og igjen blir du beden om å handtere epidemiar og kriser, helikopter flyg inn, og brått viser spelet sine svake sider. Mykje skal vere på plass, og potensielle flaskehalsar i orkesteret ditt viser seg gjerne ikkje før det er alt for seint.

Du er tom for plass. Du må kjøpe nye tomter for å utvide kapasiteten, og du prøvar å gjere desse minst like effektive som romma du starta med. Brått kjem ein haug med pasientar som treng akkutt hjelp. Dei landar med helikopter, klokka går, og med gru innser at helikopteret har landa i motsett ende av sjukehuset i forhold til kvar behandlinga deira vil finne stad. Dei rekk rett og slett ikkje fram i tide før dei døyr.

Av og til går alt bokstavleg talt i dass.
EA

Dette er eitt av dei mest irriterande momenta i Theme Hospital. Du gjer ting så riktig du klarar å sjå det er mogleg, men grunna små detaljar i spelet blir det til slutt rot. Sjukehusa blir berre større og større, og desto større sjukehusa blir, blir logistikken samstundes vanskelegare. Du kan ikkje bestemme kvar pasientane skal kome frå, og du veit ikkje kva ulukke som vil kome neste gong.

Eit anna irritasjonsmoment er den nesten ubrukelege undervisninga du kan tvinge legande dine inn på. Her brukar dei mykje tid på, vel, ingenting. Dei fleste blir ferdig utdanna utan å sitje igjen med noko dei ikkje allereie hadde, og det luktar surt.

På enkelte område viser alderen til Theme Hospital seg tydeleg. Mange små detaljar er akkurat hakket for vanskelege å få tak i. Det er ikkje alltid nok å berre halde musa over eit symbol for å finne ut kva det er, slikt hadde vi manualar til før i tida. Sjølv om elementa i Theme Hospital ikkje er så mange, og det meste av informasjon er lett tilgjengeleg, kunne den gjerne ha vore lettare tilgjengeleg, og hakket meir oversiktleg.

Slik sett er ting betre no. Utviklarane passar på at kvar vesle filleting blir banka inn i hovudet ditt med slegge, der ein før i tida tok for gitt at folk hadde tolmod og vet til å forstå ting.

Kva no då?

Theme Hospital kjem frå ei tid då det ikkje var så frykteleg viktig å halde på spelaren. Det var ingen som venta at du skulle spele spel i tre månader (eller år, for den saks skuld) i strekk før i tida. Så lenge du punga ut for spelet, var det godt nok det. Det merkast. Spelet hiv eigentleg på deg alt det har å by på i løpet av kort tid, og manglar meiningsfull progresjon.

Du startar på bar bakke kvar gong, og tek berre med deg nokre få utvalde nyvinningar. Kanskje forska du fram eit nytt rom, og kanskje får du det med deg vidare til neste nivå, men stort sett må du forske dei fram på ny. Kvar gong. Nye sjukdommar og behandlingsformer dukkar opp, men dei er mest kosmetiske variasjonar som byr på lite reell variasjon.

Spelet handlar mest om å bli betre til å handtere kriser og pågang i stadig større omfang med dei same brikkene heile vegen. Det er heilt greit det, men i lengda merkar eg at det tærer litt på, og spelet får etter kvart eit markant preg av å vere det same om igjen, berre større.

Pass på at desse folka har kort veg å gå.
EA

Men dette øydelegg på ingen måte den umiddelbare spelegleda ein får av å plukke opp Theme Hospital. Det er eit uhyre spelbart spel med tydelege mål, og det å byggje sitt første sjukehus kan vere nok i seg sjølv. Med den typiske Bullfrog-stilen, den tørre humoren, er Theme Hospital eit spel eg etter alle desse åra framleis kan konstatere er eit knakande godt spel.

Akkurat no lev vi i ei svært spanande tid for simulatorsjangeren. Om kort tid lanserast Two Point Hospital, eit nytt sjukehusspel frå fleire av dei same folka som stod bak Theme Hospital. Korleis har dei valt å fornye forbetre modellen dei skapte for over 20 år sidan? Mest av alt er eg spent på å sjå om Two Point Hospital blir like umiddelbart underhaldande, eller om du blir dusja i ein solid straum med infoskjermar og guider før du har fått teikna ditt første rom.

Siste fra forsiden