Anmeldelse

Perfect Dark Zero

Joanna Dark er den spandexkledde heltinna med hår som brenn som eld i solnegang. Dessvere er det alltid like kjedeleg når skinnet bedrar.

Side 1
Side 2

Joanna Dark er omsider tilbake i det som har blitt hypa opp som ein av dei verkeleg store lanseringstitlane til Xbox 360. Med sexapell, fart og spenning er det denne dama som skal redde jula. Joanna Dark er sjølvsagt heltinna frå Perfect Dark, som av mange blir sett på som eit av definitivt beste spela til Nintendo 64. Dessverre har eg sterke tvil om at folk vil seie det same om Perfect Dark Zero til Xbox 360 i framtida. Der Perfect Dark var forut for si tid, og høsta store lovord for dette, er Perfect Dark Zero ei gammal sjørøvarbalje som prøvar å ta opp konkurransen med USA sin siste atomubåt. Det er ikkje så mykje nytt å spore her, verken i form av spelmekanikk eller speleglede. Det heile framstår raskt som temmeleg forelda, sjølv om dette eigentleg ikkje besvarar det største spørsmålet; er det bra?

Ja, det er bra. Joanna Dark kan sine saker, og det er framleis folk som likar sjørøvarar. Samtidig kjem du nok også til å hamne i situasjonar der du godt kunne tenke deg å plukke opp ein korde og dele heile Xbox 360-maskina i langt meir enn to delar. I staden for å lage intelligente utfordringar, endar du gjerne opp i situasjonar der du dør fordi du ikkje har ti armar å halde våpen i, eller du går tom for ammunisjon midt i ein kamp. Det kan verke som om Rare ikkje heilt har innsett kva dei eigentleg kan bruke krafta i Xbox 360 til. Dei har heller putta inn fleire fiendar enn å tenke ut måtar å gjere dei meir intelligente på. For så veldig intelligente er dei ikkje. Det er yttarst sjeldan dei byr på reell motstand fordi dei gjer noko smart. Dei er låst til faste mønster, spring bak ei kasse, stikk hovudet opp, og gjentar seg sjølv.

Ein billeg utveg
Utfordringa kjem kun i antal, treffsikkerheit, og kor mange skot dei toler. Dette var heilt ok for nokre år sidan, men dei siste åra har vi sett spel som verkeleg introduserar intelligent motstand. At flaggskipet til Xbox 360 skal framstå som ei gammalt og umoderne spel, verkar mot si hensikt. I staden blir ein nødt til å ta det for kva det er; eit rett fram action-eventyr utan dei spesielle nyskapingane. Om vi ser slik på det, byr Perfect Dark Zero på til tider fabelaktig underhaldning. Det er god framdriv i spelet, og utfordringar blir kasta på deg ved kvart hjørne. Generelt sett er også nivådesignet av god kvalitet. Nivåa byr på nok krikar og krokar til at du effektivt kan ta ned fienden, og spelet blir sjeldan repetivt i denne forstand.

Samtlige område du bevegar deg i lar deg også gå i dekning bak veggar, kassar og liknande. Ved å gjere dette kan du klart sjå målet ditt, utan å bli sett av fienden. Ulempa er at du kun ser i ein retning medan du er i dekning, og sånn sett er lett sårbar for bakholdsangrep, men dette fører samtidig med seg nødvendig balanse. Rare har også bestemt seg for at hopping i skytespel er teit, og lar deg heller rulle framover, bakover eller til sida. På denne måten kan du lettare unngå eit kuleregn om du hamnar i ein prekèr situasjon, men eg ser ikkje heilt kvar problemet ligg med å inkludere ein hoppeknapp. Her og der kjem du til område der ein verkeleg har lyst til å hoppe, sidan du praktisk talt blir hemma av å ikkje kunne gjer det.

Den rake motsetning
Sjølv om nivådesignet for det meste er på eit akesptabelt nivå, vil du finne det motsette. Du kjem kanskje til punkt der du er heilt overbevist over at du har gjort alt riktig sidan det er ingenting meir å gjere. Men så får du eit "Jah, du kan jo tru det" slengt ganske brutalt i trynet i form av enda fleire fiendar som kjem mot deg og nektar å dø. Den varme kjensla av sterk forakt vellar ut i blodomløpet i det spelet byrjar å trykke på knappar det alvorleg talt bør halde seg langt unna. Det er ikkje alltid like moro å skulle ta ned mange fiendar når du praktisk talt ikkje har ein einaste stad å gøyme deg, og dan datastyrte kompanjongen din kun står og ser på.

Alle desse fiendane hadde ikkje vore noko stort problem, hadde det ikkje vore for at det av og til kan verke som om den einaste staden på kroppen dei er sårbare er i hovudet. Eg svergar, eg har tømt eit heilt magasin i kroppen på ein fiende utan at han døydde. Det varierar også frykteleg kor mykje skade ein kuletype gjer på same plass. Av og til dør ein fiende av to-tre skot i kneet, andre gongar tek det som sagt eit magasin, gjerne med same våpen. No prøvar ikkje eg å få det til å høyrest ut som ein god idè å skyte nokon i kneet, men eg håpar du tar poenget mitt. Når eg tenker over det, kunne kanskje Rare brukt ein brøkdel av Xbox 360 si enorme kraft til å kanskje la slike kne bli fullstendig øydelagt.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden