Blogg

PlayStation 3 på nært hald

Om det var ein ting vi kunne ta lærdom av frå årets Xbox-pressekonferanse på E3, så var det at Microsoft kan å stelle i stand ein fest. Om det er dette vi skal dømme etter, har Sony litt å lære.

Gårsdagens pressekonferanse var først og fremst for Europa, sidan svært få av oss frå denne kanten av Europa slapp inn på konferansen dagen før. Det heile byrja relativt bra. Vi kom inn i eit ganske stilig lokale med mjuke puter og eit interessant koltbord. Eg fekk til dømes smakt sushi for første gong, noko eg overraskande nok ikkje angrar på. Hovudmålet med kvelden var uansett å få sjå PlayStation 3, men vegen dit var lang, veldig lang. Så lang faktisk at eg endte opp med å skrive "blæh!" på notatblokka mi, noko Thomas Marynowski frå DinSide nikka samtykkande til.

Kva var det som var så ille? Det var kjedeleg. Vi blei presentert for tal, kurver, fleire tal, og som om ikkje det var nok, enda fleire kurver. Greit nok, salsfolka i lokalet hadde sikkert interesse av slikt, men for oss som først og fremst bryr oss om spela, og spesielt PlayStation 3, var dette fullstendig uinteressant. Mellom tal og kurver fekk vi sjå litt av kva Sony har prestert så langt med sine PlayStation-maskiner. Joda, det er imponerande, men kvar er PlayStation 3? Sony fortsatte med å presentere spel som vil kome ut i Europa i løpet av året, dei snakka litt om PSP, og dei viste ein del videoar. For det meste berre gjentok dei det vi allereie veit veldig godt. Etter kvart merka eg at ryggen byrja å verke. Ei stor takk til Sony for å ikkje tenke langt nok til å gi oss stolar med rygg.

Uansett, endeleg var det duka for ei kosestund med PlayStation 3. Først fekk vi sjå ei rekke teknologidemoar som absolutt imponerte. Blant anna fekk vi sjå eit badekar med badeender i som demonstrerte vanneffekter slik vi aldri før har sett dei. Ein anna demo viste eit hus bli sprengt til fillebitar, alt saman kalkulert av Sony sin imponerande Cell-prosessor. Den første verkeleg imponerande demoen var ein rendertest av ansiktet til Alfred Molina (Doc Ock i Spider-Man 2). Du kunne lett la deg lure til å tru at dette faktisk var ekte film. Teksturane i huda, og måten huda reflekterte lyset på var ulikt noko vi har sett før. Medan vi er inne på Spider-Man, kvifor har Sony valgt å bruke ein PlayStation 3-logo med omtrent nøyaktig same skrifttype som Spider-Man-filmane?

Rå kraft lar vente på seg
Det vi først og fremst var ute etter, var å sjå korleis spela ser ut, og dette skuffa på ingen måte. Først og fremst må eg trekke fram det nye Killzone-spelet. Det ser heilt enormt ut. Det er som å sjå ein film. Absolutt ingenting du har sett før kan måle seg med dette, det rivaliserar til og med Gears of War-videoen vi såg på Microsoft sin pressekonferanse. På videoen kunne du sjå små detaljar, som ein soldat som snerra medan han fyrte av ein rakett mot ein bil som eksploderte i eit inferno av røyk og vrakrestar. Det er nesten vanskeleg å finne ord for kor flott dette ser ut, og du er berre nødt til å sjå det for å tru det.

Vidare fekk vi sjå videoar frå nokre bilspel, ein teknisk demo basert på The Getaway, og anna småsnadder. Bortsett frå Killzone, var det kanskje Heavenly Sword og Motor Storm som imponerte mest. Heavenly Sword viste ei kvinne i hektisk kamp, før ho til slutt stod ovanfor ei heil hær, heilt aleine. Motor Storm viste tydeleg kor rått eit køyrespel kan bli. Det bar i full guffe nedover gjørmete sletter og bratte bakkar, og detaljerikdomen var upåklageleg. Om dette ikkje blir ein suksess blir eg veldig overraska.

Heilt til slutt fekk vi ei tale frå Ken Kutaragi, før vi fekk sjå PlayStation 3 og kontrolleren på nært hald. Eg må innrømme at det første som slo meg var at konsollen var svær. Den er kanskje større enn Xbox (men eg skal ikkje sei dette sikkert), og det burde bli interessant å sjå kva folk som har klaga på Xbox sin størrelse har å sei om dette. Alt i alt var vi fornøgde med avslutninga på kvelden, men eg synest vi kunne få sett alt som blei vist på Sony sin store pressekonferanse for Amerika i går. Vi fekk berre sjå delar av kva PlayStation 3 har å by på, og mykje av det var faktisk opptak frå i går. Ein kan byrje å lure på kor viktig Sony Computer Entertainment eigentleg meinar Europa er, for det kom ganske tydeleg fram at vi stod i andre rekke.

Siste fra forsiden