Priskutt for PlayStation 3?

Dei store butikkjedane bekreftar priskutt, medan Sony benektar alt.

Kva Sony eigentleg meiner om eit eventuelt priskutt for PlayStation 3 er vanskeleg å forstå. Den siste tida har praktisk talt vore ein bordtenniskamp mellom Sony-president Ryoji Chubachi og selskapet sine eigne pressemeldingar.

I tillegg har Gamedaily.biz fått en bekreftelse fra «ein av verdas største butikkjedar», om at eit priskutt vil skje neste veke – nærmare bestemt 12. juli, ein dag etter Sony sin E3-pressekonferanse. Priskuttet skal vere på så mykje som 100 dollar, noko som vil setje maskina ned frå $599 til $499. Sannsynlegvis vil dette bety at maskina går ned frå 6000 norske kroner til omlag 5000 kroner.

Så langt er alt fryd og gammen. Inntil Sony-president Ryoji Chubachi i eit intervju brått benekta seg sjølv. Han har tidlegare gått ut og fortalt at Sony revurderar prisstrategien for PlayStation 3.

Alt dette kan sjølvsagt berre vere avleiingsmanøvrar for å prøve å kome med ei stor overrasking på E3. Butikkjedar er ofte tidleg ute med informasjon om priskutt og datoar, så kjeldene til Gamedaily.biz kan godt vere pålitelege. Det er berre å smøre seg med tolmod nokre dagar til, og håpe på ei god nyheit på Sony sin pressekonferanse 11. juli.

Siste fra forsiden