Fragpunk

Prøver seg på skytespel-tvist

Gratisspelet Fragpunk går litt andre vegar i den meitta sjangeren.

Det begynner å bli hard konkurranse i helteskytarsjangeren, og søndag kveld viste Xbox fram nok ein konkurrent.

Fragpunk er eit komande fem-mot-fem-skytespel, men med ein liten tvist.

Kvar runde vel du eitt av tre kort, som du kan bruke for å gi deg ein fordel i runden. Traileren viser fram kort der du til dømes gjer meir skade på nært hald eller der fiendane dine får større hovud.

Spelet er venta på Xbox og PC i 2025.

Fragpunk blir gratis å spele, og blir utvikla av Bad Guitar Studios.

Det blir ti ulike heltar å velje mellom ved lansering, melder Gematsu.

Siste fra forsiden