Blogg

Reisebrev: E3 2012, dag 0

Sola skin, heten omfamnar oss, og vi flirer av kalde nordmen.

Kjære landsmenn.

Eg høyrer rykte om at ein i moderlandet kan telje varmegradene på ei, eller i beste høve to hender.

Med dette i tankane ser eg på det som mi plikt å hovere, le, og gni inn det ubestridelege faktum at det her i Los Angeles må minimum fem hender til for å utføre akkurat den jobben.

Dette er ei nødvendig pause der eg ler høglytt.

Vi er nordmenn, vi berre står og ser på når andre druknar.

Sidan litt jetlag høyrer med til jobben tok eg meg til dømes ein rusletur rundt kvartalet i shorts, klokka fem på natta.

Atter ei nødvendig pause der eg ler manisk medan det ser ut som om eg prøvar å gripe luft.

Men lat oss no starte ved byrjinga. Denne bloggen er kanskje frå dag null, men vi kom i går, laurdag. Som vanleg frykta eg det verste, mykje grunna streik, men òg grunna byte av fly i New York. Dette måtte eg og Lasse gjennom for å kome til San Francisco i mars, og det gikk fullstendig skeis. Difor frykta eg at vi skulle stå ca fem tusen timar i kø, miste både eitt, to og tre fly, og kome fram til Los Angeles omlag når alle festløvene trekk tilbake til hulene sine.

Det skjedde ikkje.

Turen over dammen gjekk så fullstendig smertefritt at det blir direkte keisamt lesestoff. Alt gikk som smurt, fyren som handterte meg i passkontrollen blei til og med gira over at eg skulle på E3, at han fortalte meg at han kom til å bu framfor PC-skjermen dei næraste dagane. Skal eg trekke fram noko negativt må det vel eigentleg vere vektaren på gardermoen som fekk det føre seg at han skule handvisitere meg, og gav inntrykk av at han sette litt i overkant pris på den jobben. Ikkje klå, bør vere stikkordet.

Slemmaste taxien i Los Angeles.

Utover det var bussen frå Førde til Gardermoen eit lite mareritt. Ingenting vondt om utlendingar, men når ein endar opp med å sitje ved sidan av to unge, kjekke, og kriminelt reine pakistanarar som sit og snakkar på speakerphone med ein eller annan pakistansk, då blir eg litt grinete. Spesielt når det held på i tre timar. Høgt snakka dei òg. Til slutt tok eg mot til meg og ba dei vise litt omsyn for oss som prøvar å sove. Dei beklaga seg og sa at det skulle dei sjølvsagt gjere, noko som fekk fyren framfor meg til å nikke og seie «Wonderful».

Men no er vi ikkje på bussen frå Førde til Gardermoen. Vi er i Los Angeles. Navlen for alt som kan krype og gå innan glitter og stas. Vi bur for ordens skuld på Hotel Roosevelt ved Hollywood Boulevard (Walk of Fame går forresten rett forbi inngangen her, og det største som har skjedd meg i USA så langt var at eg i dag praktisk talt tråkka på David Hasselhoff). Det er eit ganske snasent hotel, og eg vil tru at ein solid prosent av alle som bur her akkurat no ser eit tal på lønsslippen som i gjennomsnitt er to siffer meir enn det talet eg har for vane å sjå.

Det er ganske eksklusivt, spesielt for min del. Eg har hamna på eit så festeleg einerom at i tillegg til å ha dimmar på dass (!) har eg eksklusiv inngang til bassenget. Ikkje at bassenget berre er for utvalde gjestar, men der eg berre kan ta trappa ned frå rommet mitt, og slenge meg ned i ein divan for å nyte utsikta (det er sol og sommar her, kva trur du snik seg langs bassengkanten?) må alle andre håpe dei slepp forbi den to meter høge vakta som står ved utgongen.

Og sånn går no dagane.

Livet er godt akkurat no.

Sjølvsagt har vi fått oss litt mat. Vi starta dagen ved å gå til Mel's Diner der Marius og Audun gjorde sitt beste for å nå målet om ein tidleg død ved å ta inn typisk amerikansk sjølvmordskost. Eg for min del tok ein veggisburger. Den smakte den, men eg synest statane bør leggje ned lovforbud mot ketchup på glasflaske. Det er eit ganske veletablert faktum at dette aldri fungerer.

Etter maten luska vi ned mot messeområdet for å få skilta vi treng utover i veka. Messa startar ikkje for alvor før tysdag, men det er greitt å få gjort dette unna. Spesielt sidan heile morgondagen forsvinn til å kose seg på den eine pressekonferansen etter den andre.

På messeområdet møtte vi Jon Cato Lorentzen frå Spill.no som venta nyttelaust på våre arge rivalar frå PressFire.no. Kort tid etter at alle var samla tok vi turen til Santa Monica for å ete, handle litt dritt vi vil bli kvitt, før vi splitta lag.

På Audun kan du sjå det kjende blikket av vantru som pregar alle som vitjar E3 for første gong.

Audun, Marius og eg tok turen til stranda, noko spesielt eg og Marius er glade for. Å kjenne varm sand mellom tæra ein varm sommardag er noko eg unnar alle. Å kjenne bølgjeskvulp frå det milde Stillehav sender i tillegg euforiske kjensler gjennom marg og bein, og eg gret nesten når eg tenkjer på at Audun ikkje var smart nok til å få på seg shortsen i dag. Han gjekk glipp av noko stort.

Vi avslutta dagen med ein tur på den drøye musikksjappa Amoeba, handla litt musikk, og tok ein tidleg kveld.

Sidan eg så langt har hatt til saman maks åtte timar søvn sidan klokka 8 fredag morgon, vel eg no å seie god natt. Eg merkar eg er i ferd med å utvikle narkolepsi. Det er lange dagar framfor oss, best gjere eit forsøk på å vere utkvilt.

Siste fra forsiden