Power Rangers: Rita's Rewind

Retro-kaos i komande Power Rangers-spel

Her skal me 30 år tilbake i tid.

Heftige gitarsoloar, pikselgrafikk, blodige slåstkampar, arkadeskyting og konstante eksplosjonar.

Dette -er blant ingrediensane i komande Migthy Morphin Power Rangers: Rita's Rewind.

Det ser ut som eit actionpakka slåstespel, som siktar stødig mot nostalgikjensla.

Spelet får både einspelar og fleirspelar med opptil fem spelarar.

Heltane sine nemesis, Rita, har skapt ein portal til fortida, og dannar ein allianse med ei yngre utgåve av seg sjølv for å nedkjempe Power Rangers.

Utviklar Digital Eclipse sender oss rett tilbake til 90-talet i løpet av 2024, i første omgang på PC.

Les alt me har skrive om Summer Game Fest 2024 »

Siste fra forsiden