Feature

Teknisk analyse: PC vs. PlayStation 4

Rikeleg med tekniske problem for Assassin's Creed Origins

Trøblete start for storspelet på fleire plattformer.

Assassin’s Creed-serien har hatt eit særs varierande rykte når det kjem til teknisk presentasjon dei siste åra. Syndicate var eit steg fram, men me hugsar alle katastrofen som var Assassin’s Creed Unity. Eg får framleis besøk av nokre av figurane i mareritta mine. Spelet var stappfullt av småfeil, krasja hyppig, og hadde omfattande trøbbel med optimalisering på tvers av alle plattformene.

Slik sett er det interessant at utviklar Ubisoft har tatt seg litt lengre tid med det nye spelet deira, Assassins’s Creed Origins. Me blir tatt med på ei reise til oldtidas Egypt, og følgjer Medjai-krigaren Bayek på hemntokt. Dette skjer i ei enorm open verd, frå fantastiske oasar, tårnande pyramidar, og gloheite ørkendyner. Visuelt sett er spelet eit friskt pust frå Ubisoft si side, og Egypt er eit glimrande utgangspunkt for Assassins’ Creed-serien.

Spørsmålet er som vanleg om korleis det har gått med dei meir tekniske sidene. Er dette nok ein skivebom frå Ubisoft, eller har dei endeleg klart å levere eit ferdig produkt? Vel, svaret er eit tja. Me kikka litt på dei ulike versjonane av spelet, med fokus på PC, og PlayStation 4.

Ikkje alt er rosenraudt på PlayStation 4

Det kjem ikkje som noko overrasking at spelet har låst biletefrekvensen til 30 med tanke på den imponerande grafikken, men det er vanskeleg å ikkje bli litt skuffa av PlayStation 4-versjonane. Grunnversjonen køyrer for det meste i 1920x1080, med bruk av dynamisk skalering av oppløysinga etter kor krevjande dei ulike scenane er. Det visast at spelet blir noko uskarpt og mjukt i områder med mykje gras, saman med at biletefrekvensen dett litt under 30. Det er ikkje snakk om meir enn to-tre hakk, men tida spelet brukar på å teikne kvart bilete kan gå kraftig opp («frame time»), som gir inntrykk av at spelet er hakkete. Spel kan framleis verke jamne med biletefrekvens på 30 (Naughty Dog-spela er glimrande her), men her slit eg med hakkinga. Spesielt når ein skal kjempe mot fiendar er dette eit problem, og bogeskytinga er ikkje fullt så presis som eg skulle ønskje den var på grunn av biletetida.

1 Pro 1 PS4
PlayStation 4 Pro til venstre, standardversjon til høgre.

PlayStation 4 Pro har det same problemet, men med ein noko høgare oppløysing, og litt færre dropp. Pikselteljinga mi viser at den dynamiske oppløysinga flytter seg mellom 2400x1350 og 2560x1600. Det er eit langt steg fram i forhold til standardutgåva av spelet, men framleis ikkje heilt det me hadde forventa. Spelet ser utan tvil flott ut, men me hadde venta å sjå ei noko høgare oppløysing, eventuelt med hjelp av «checkerboard rendering» for oppskalering.

Både standardversjonen og PlayStation 4 Pro-utgåva brukar ein effektiv form for kantutjamning, TAA («temporal anti-aliasing»), men eg saknar noko som gjer Pro-versjonen verdt pengane. Oppløysinga er eigentleg den einaste forskjellen, for alt anna verkar identisk, frå skuggekvalitet til teiknedistanse.

Filmsekvensane er det største problemet på konsoll. Dei er rett og slett ikkje gode nok. Der dett biletefrekvensen nesten under 20, som er direkte ubehageleg å sjå på. Her må det gjerast betre arbeid med optimaliseringa, for filmsekvensane er verken jamne eller spesielt imponerande. Den visuelle kvaliteten er dårleg samanlikna med spelet elles, og det sjølv om dei blir spelt av som forhandsteikna filmar.

PC-versjonen har ikkje det same problemet med ytinga i filmsekvensane, men dei er framleis stygge i forhold til resten av spelet der. Eg er noko overraska over at det ser så utvaska ut, for Assassin’s Creed-spela pleier å ha svingode filmsekvensar.

Prosessor-trøbbel på PC

Det har vore ein stor debatt om ytinga til Assassin’s Creed Origins den siste veka, då spelet brukar kopisperreprogramvarane Denuvo og VMProtect. Desse kan ha innverknad på yting, noko som mange var overtyda om etter at det blei lagt ut «bevis» på r/CrackWatch-subredditen i helga. Det var likevel ikkje noko som direkte knyta bruk av programvaren med nedgang i yting, og Ubisoft har i etterkant gått ut og sagt at kopisperreprogramma ikkje har noko effekt på biletefrekvens.

4 PS4 4 PC 1080p
PlayStation 4 (vanleg) til venstre, PC i 1920x1080 med Ultra High-innstillingar til høgre.

Uansett kva som har skulda, så er ein ting sikkert, og det er at spelet slit med dårleg optimalisering på grunn av høg prosessorbruk. Om dette kjem av kopisperreprogrammet tviler eg på, men utviklar Ubisoft har ein jobb å gjere med dei komande oppdateringane. Assassin’s Creed Origins er høgst avhengig av at du har ein god prosessor, og ein må heilt opp i 4K Ultra HD før flaskehalsen forsvinn. Spesielt i større byar som Alexandria vil ein merke solide dropp i biletefrekvensen når prosessoren skal ta seg av fysikk og kunstig intelligens for dei mange figurane. Ubisoft har vore ute med ei oppdatering etter slepp så langt, som fiksar ei lang liste med småfeil. Ytinga har blitt noko betre etter oppdateringa, men prosessorbruk er framleis alt for høg, og mange slit med dei same problema som tidlegare.

Les også
Anmeldelse: Assassin's Creed: Origins

Spesielt dei med AMD FX-prosessorar har rapportert omfattande problem med dropp i biletefrekvens, og irriterande hakking. Det er heller ikkje mogleg å starte spelet viss du brukar ein prosessor med 32 kjernar. Ein må i så fall gå inn i MSConfig og fysisk slå av ein av kjernane, for i det heile å vere i stand til å opne spelet.

Eg fekk sjølv ein del krasj i byrjinga, spesifikt i lasteskjermar. Fleire gongar merka eg òg at lyden enten forsvann, eller laga ei frykteleg skurring. Det er heldigvis ikkje alle som har opplevd problem med spelet, men det er langt fleire enn det burde vere.

Fiffig innstillingsmeny

Forskjellane på grafikken, sjølv med alt på maks, er ikkje all verda samanlikna med konsollversjonane. Høgare oppløysing vil sjølvsagt gjere litt, og ein kan fint få biletefrekvensen opp på 60 i 4K med nokre mindre justeringar på skuggar og kantutjamning (med 1080Ti). Men dei fleste vil ikkje ha sterk nok maskinvare til dette, og då er det først og fremst synsvinkelen, skuggekvaliteten og biletefrekvensen som skil konsoll og PC. Synsvinkelen går heilt opp til 115, og biletefrekvensen er ikkje låst.

3 Pro 3 PC 4K Ultra
PlayStation 4 Pro til venstre, PC (4K Ultra High) til høgre.

Spelet har ein eigen innstilling for dynamisk oppløysing, «adaptive resolution», der du kan velje kva biletefrekvensen skal halde seg på. Spelet vil då skalere oppløysinga ned for å halde biletefrekvensen, på same vis som på PlayStation 4 og Xbox One. Det er sjeldan me ser denne innstillinga på PC, som er litt rart med tanke på kor lettvint det er å tilpasse spelet med dynamisk oppløysing. For dei som ikkje likar å skru på innstillingsmenyar, er dette ein glimrande måte å spare tid på.

Menyen er delt opp i ulike forhandsinnstillingar, frå «very low», til «ultra high». Det er stor forskjell på den visuelle kvaliteten mellom desse to, men biletefrekvensen vil ikkje endre seg så alt for mykje, med mindre ein har ein prosessor i toppsjiktet. Min aldrande i7-4770k gav meg gjennomsnittleg rundt 30 FPS meir med den lågaste innstillinga enn på maks, som er langt mindre enn eg hadde venta.

Ultra High Very low
PC (1920x1080 Ultra High) til venstre, PC (1920x1080 very low) til høgre.

Kvar innstilling har ein fiffig illustrasjon som visar kva dei ulike innstillingsnivåa vil gjere med spelet, som verkar representantivt for dei endringane som innstillingane faktisk gjer. Ein ser fort kva som er viktig for å oppretthalde visuell kvalitet (som skuggar og kantutjamning). For å teste kva som passar best, har spelet har eit eige verktøy for å måle yting, både på prosessor og skjermkort. Verktøyet analyserer ytinga di i spelet, og kjem med eit forslag om kva innstilling du bør bruke. Det er òg ein innebygd benchmark på menyen, slik at ein enkelt kan prøve ut dei ulike innstillingane – sjølv om den ikkje heilt representerer den gjennomsnittlege ytinga ein får i spelet.

Konklusjon

Assassin’s Creed Origins er eit utruleg vakkert spel, men det har klare tekniske svakheiter. Det er mykje som må forbetrast før eg ville brukt pengane mine på dette. Utviklaren må kome på banen og levere fleire oppdateringar. Ubisoft har annonsert at dei vil sleppe ei oppdatering som introduserer HDR-støtte på konsoll når Xbox One X kjem ut, men det er langt meir enn berre fargane som må forbetrast i spelet. Det trengst ein skikkeleg teknisk oppvask. Viss ein verkeleg siklar etter å utforske Egypt kan ein alltids bruke refusjonsordninga til Steam ved problem og kjøpe spelet om att seinare, men eg ville smurd meg med tolmod. 1.03-patchen på PC har fiksa mange irriterande småfeil kort tid etter sleppdatoen til spelet, noko som gir håp om at dei verste problema med ytinga kjem til å forsvinne i komande oppdateringar.

Rotet på konsoll er det vanskelegare med, spesielt dei håplause filmsekvensane. Dei tviler eg sterkt på at forsvinn med det første. Vent i alle fall til neste oppdatering og sjå kva som skjer der, for det er ikkje kjekt å spele når ein veit at opplevinga kunne vore vesentleg betre. Det er tross alt eit svært spel dette her, og då kan du like godt få mest mogleg ut av tida di med det.

Les også: PC er kongen på haugen for Destiny 2 »

Siste fra forsiden