FEATURE: PC er kongen på haugen for Destiny 2

Feature Teknisk analyse av Destiny 2

(Bilde: Bungie)

PC er kongen på haugen for Destiny 2

Sci-fi-spelet gjer det godt på ny plattform.

Sidan Destiny kom ut på konsoll i 2014, har PC-spelarane sikla etter å få hendene sine på det enorme sci-fi-universet. Det blei ingen port av det første spelet, men heldigvis har me fått Destiny 2 å bryne oss på. 

Korleis har utviklaren handtert overgangen til PC? Me ville sjå nærmare på dette, og har samanlikna PC-versjonen med dei ulike konsollutgåvene, med hovudfokus på PlayStation 4 og PlayStation 4 Pro.

Fleire steg fram frå konsoll  

Xbox One-versjonen av Destiny 2 er den klare taparen, som slit med å halde følgje på grunn av svak maskinvare. Den brukar eit system som skalerer oppløysinga opp eller ned etter kor krevjande dei ulike scenane den må teikne er. I utgangspunktet er spelet teikna i 1920x1080, men det blir skalert heilt ned til 1344x1080 viss konsollen ikkje klarar å halde biletefrekvensen på 30. Til samanlikning held PlayStation 4-versjonen seg i 1920x1080, men elles er dei relativt like med tanke på detaljnivå, skuggar, og partikkeleffektar.

PlayStation 4 Pro til venstre, vanleg PlayStation 4 til høgre.

Det er med overgangen til PlayStation 4 Pro at ein verkeleg byrjar å få noko ut av Destiny 2s vakre omgivnader. Med hjelp av «checkerboard rendering» blir spelet teikna i 4K Ultra HD, som gir eit langt skarpare bilete. Kombinert med den komande HDR-støtta vil dette gi dei mange eksplosjonane, stjernehimlane og irrgrøne skogane i den mangfaldige verda til spelet nytt liv på PS4 Pro. Ei liknande oppleving vil kome til Microsofts komande Xbox One X-konsoll, som er venta i butikkane 7. november, antakeleg enno betre enn det ein får med PlayStation 4 Pro.

Likevel, det er PC-versjonen me er mest interesserte i no, og den er utan tvil kongen på haugen i Destiny 2. PC-versjonen opnar for å kunne utforske Destiny 2 med biletefrekvens over 60, som ikkje har vore mogleg med konsollutgåvene, som er låste til 30. Bungie har tidlegare sagt at dei kunne gitt oss konsollversjonane med biletefrekvens på 60 òg, men at det ville avgrensa moglegheitene deira for den visuelle kvaliteten. 

– Det ville vore mindre plass, samarbeid og monster å skyte. Det er ikkje spelet me vil lage, sa produsent ved Bungie, Mark Noseworthy, i august.

PlayStation 4 (standard) til venstre, PC i 1920x1080 med grafikkinnstillingane på høgaste nivå til høgre.

Ein må difor spele på PC for å få mest ut av opplevinga med spelet. Generelt sett blir spel betre dess høgare biletefrekvens ein har, og det gjeld dobbelt for skytespel der ein er avhengig av presisjon. Biletefrekvensen går heilt opp til 200 i 1920x1080 med den rette maskinvaren, sjølv med dei fleste innstillingane på høgaste nivå. Me fekk ikkje laga noko benchmark-video til denne fordi statistikkprogram som RivaTuner er blokkert i spelet, men me kan melde om ein gjennomsnittleg biletefrekvens rundt 150 med eit nVidia GTX 1080Ti-skjermkort og ein Intel Core i7 7700k-prosessor. Sjølv skjermkort i lågklassen som GTX 1050Ti og AMD Radeon RX470 vil kunne nå ein biletefrekvens over 60 med nokre få justeringar på grafikkinnstillingane. 

Det første som møter deg i innstillingsmenyen er at synsvinkelen kan skrus heilt opp til 115 på PC, som gjer at forskjellane mellom dei ulike versjonane blir som natt og dag. Skuggane er òg vesentleg betre enn på konsoll, saman med at kantutjamninga på konsoll er avgrensa til «FXAA». På PC kan ein velje mellom to alternativ; «FXAA» og «SMAA». Betatesten til Destiny 2 hadde eit tredje alternativ, «MSAA», som dessverre blei fjerna på grunn av optimaliseringsproblem. Det er varianten me helst ville hatt, men det er i alle fall mogleg å finne eit alternativ dersom ein ikkje likar «FXAA». Der sistnemnde gjer biletet noko uskarpt, har «SMAA» eit større problem med at linjer kan bli noko ruglete, som er det kantutjamninga skal unngå. Sjå samanlikning her:  

FXAA til venstre, SMAA til høgre. Forskjellen i biletefrekvens er omtrent null, så dette er ein rein smakssak.

Vidare kan ein velje mellom ulike typar «ambient occlusion», slå av og på HDR, oppskalere spelet ved hjelp av supersampling, samt justere kvalitet på skuggar, ljos, djupneskarpleik og så vidare, slik ein bør kunne forvente. Fleire av innstillingane har relativt stor effekt på biletefrekvensen, utan at ein eigentleg merkar noko særleg forskjell på biletekvaliteten i farta. Berre det å skru ned innstillingane frå «highest» til «high» vil gi deg eit stort boost i biletefrekvensen, men det er best å prøve seg fram sjølv for å finne den rette balansen. nVidia laga ein eigen guide for dette, og viser til dømes at det å skru ned skuggekvaliteten eit hakk kan gi 4 FPS ekstra i 1920x1080. Elles kan ein skru ned djupneskarpleiken for 4 FPS, «ambient occlusion» for 5-6 FPS, og teiknedistanse på flora for 4 FPS. Berre desse innstillingane vil gi deg nesten 20 FPS ekstra (sett at du ikkje har ein prosessor-flaskehals), med minst mogleg tap av grafikkvalitet.

PlayStation 4 Pro til venstre, PC (4K med 200 prosent oppløysingssalering (8K)) til høgre.

Detaljnivået er òg langt betre på PC enn på konsoll, der ein vil oppleve at gjenstandar, plantar, stein og liknande vil poppe inn og ut av eksistens berre nokre meter unna. Det er krevjande å bruke den høgaste detaljnivåinnstillinga, men det gir biletet eit langt større mangfald.

Teknisk smårusk

Det er alltid noko å sette fingeren på i store storbudsjettsspel, og Destiny 2 er ikkje noko unntak. For augeblikket er dei to største problema krasjing for dei som har AMD Phenon-prosessorar (eller andre prosessorar under minimumsspesifikasjonen for spelet), og ein minnelekkasje som byrjar dersom ein speler saman med folk i same klan. Dette fører til store dropp i biletefrekvens, og kan ende med at spelet krasjar dersom ein ikkje går ut av gruppa i tide. Det er ikkje kome nokon fiks for desse problema enno, men Bungie skal visstnok arbeide med ein ny patch til minnelekkasjen.  

Elles er det litt smårusk, som at ein ikkje kan binde handlingar til nokre av NumPad-tastane eller hjulet på musa, og generelt trøbbel med bruk av SLI og CrossFire. Spesielt kan oppskalering av oppløysing føre til mykje krasjing med SLI, men det er kanskje ikkje så overraskande med tanke på kor dårleg støtte det har vore for oppsett med fleire skjermkort dei siste åra. Det verkar som det blir mindre og mindre fokus på dette på tvers av PC-spel. 

PlayStation 4 Pro til venstre, PC til høgre (1920x1080, innstillingane på høgaste nivå).

Konklusjon

Det er liten tvil om kvar ein bør spele Destiny 2 for dei som ikkje har plukka med seg spelet enno. HDR, solid optimalisering, høgare kvalitet på skuggar, detaljnivå, lågare lastetider, 16x anisotropisk filtrering, 3D «ambient occlusion» og ein særs overlegen synvinkel gir ei langt betre oppleving av Destiny 2 på PC. Det skal heller ikkje så mykje til for å køyre spelet, der sjølv svak maskinvare kan oppnå ein biletefrekvens på 60 i 1920x1080 utan nemneverdig justering av grafikkinnstillingane. 

Det blir spanande å sjå korleis Xbox One X-versjonen kjem til å bli, som antakeleg vil tilby full 4K Ultra HD-oppløysing utan «checkerboard rendering» slik PC gjer, men sjølv den vil vere handikappa med ein låst biletefrekvens. Difor er valet førebels lett. Det er PC-utgåva av Destiny 2 som er soleklart best. 

Sjå fleire samanlikningsbilete under:

PlayStation 4 Pro til venstre, PC (1920x1080 med innstillingsnivå på maks) til høgre.

 

PlayStation 4 Pro til venstre, PlayStation 4 standard til høgre.

 

PC 1920x1080 med detaljnivå på det lågaste til venstre, PC med høgaste detaljnivå til høgre. Forskjell på biletefrekvens er rundt 10.

 

PC med lågaste grafikkinnstilling til venstre, høgaste til høgre.

Likte du artikkelen? Vil du ha mer norsk spilljournalistikk?
Støtt Gamer.no med 39 kroner i måneden slik at vi kan fortsette å lage mer unikt gratisinnhold

Destiny 2 Windows

Destiny 2 XOne

Destiny 2 PS4

Destiny 2 Windows Windows PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 24. oktober 2017
  • Plattform: Windows

Beste priser

Nedlasting 263,-
Ukjent lagerstatus 349,-
På lager 449,-
På lager 489,-

Destiny 2 XOne XOne PS4 Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 6. september 2017
  • Plattform: Xbox One

Beste priser

Ikke på lager 247,-
På lager 248,-
På lager 252,-
På lager 295,-

Destiny 2 PS4 PS4 XOne Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 6. september 2017
  • Plattform: PlayStation 4

Beste priser

På lager 198,-
Ikke på lager 237,-
På lager 279,-
På lager 280,-

Kommentarer (13)

Forsiden akkurat nå

Til toppen