Rocksmith kjem til Xbox One og PlayStation 4

Men ikkje vent deg mykje nytt sidan i fjor.

Ubisoft

Etter å ha servert oss det solide, men ikkje på alle måtar vellukka rockespelet Rocksmith i 2012, leverte Ubisoft varane så det sang med Rocksmith 2014 i fjor. Med Rocksmith har det blitt enklare enn nokon sinne å lære seg å spele gitar. Gjennom ei rekke minispel og songar får du velje ditt eige ferdigheitsnivå, før spelet gradvis blir meir utfordrande etter kvart som du meistrar meir.

Då spelet blei lansert i fjor var verken PlayStation 4 eller Xbox One lansert, og Rocksmith 2014 dukka difor berre opp på PC, PlayStation 3 og Xbox 360. Dette endrar seg derimot i år. I dag har Ubisoft sendt ut ei pressemelding der dei fortel at Rocksmith 2014 vil bli lansert på både PlayStation 4 og Xbox One 6. november.

Same utgåve som i fjor

Rocksmith 2014 kjem til ein ny konsoll nær deg.

Hadde du håpa på ei splitter ny utgåve av Rocksmith i år er eg redd du ventar fånyttes. Dette blir i all hovudsak nøyaktig det same spelet som i fjor. Oppløysinga har likevel blitt pumpa opp til 1080p for å gjere ting hakket tydelegare, i tillegg til at spelet vil nytte konsollanes innebygde streaming-moglegheiter for å la deg dele dine beste augneblikk med omverda.

Ved sidan av dette vil PlayStation 4-versjonen la deg bruke Remote Play gjennom PlayStation Vita for å spele songar utan å måtte bry seg med meistringsnivå og kor godt ein gjer det. Det heile høyrest ikkje ut til å vere stort meir avansert enn å spele gitar til ei låt du høyrer på, reint bortsett frå at du der ikkje får sjå kva du skal spele.

Om du allereie har Rocksmith 2014 lovar Ubisoft at du vil kunne overføre alle låtene du har kjøpt frå Xbox 360 til Xbox One, samt frå PlayStation 3 til PlayStation 4.

Vi var frå oss av begeistring etter å ha spelt Rocksmith 2014 i fjor, og meinte det var tidenes beste musikkspel. Dette gjorde spelet fortent til ni sterke poeng:

«Om du er ein gitarist med eit ynskje om å bli betre. Om du berre vil ha det litt moro med instrumentet ditt. Om du har ein nedstøva gitar som tryglar om å bli brukt, eller om du er heilt uerfaren, men med ein liten draum om å kunne spele gitar, då er Rocksmith det perfekte spelet for deg. Det er både moro og lærerikt på ei og same tid.»

Musikkspela har ei lang historie, og tidlegare i år hadde vi ein artikkel om ei rekke spel som har vakt musikaren i oss til live (artikkelen krev Extra-medlemskap).

Siste fra forsiden