RTX 5060 kjem om kort tid

Nvidia girer opp for endå ei skjermkort-lansering.

Nvidia

19. mai lanserer Nvidia skjermkortet RTX 5060 for både stasjonære og berbare datamaskinar.

Det melder Nvidia sjølv på X.

RTX 50-serien har som kjend hatt ein noko vaklande start på mange ulike måtar, og dette blir det første skjermkortet kanskje er mogleg å kalle eit budsjett-skjermkort.

RTX 5060 Ti, som lanserte i midten av april, kostar frå rundt 5000 kroner og oppover.

RTX 5060 skal starte på 299 dollar. Den norske prisen har ikkje kome heilt enno, men amerikansk pris på RTX 5060 Ti starta frå 379 dollar. Er me heldige, ligg kanskje RTX 5060 litt under 4000.

Det er venta at RTX 5060 får 8 GB med GDDR7-videominne og 3840 CUDA-kjernar. Forgjengar RTX 4060 hadde 3072 CUDA-kjernar.

Siste fra forsiden