I dag lanserer Asus og Microsoft den nye handkonsollen sin. Gamer.no fekk konsollen i går, og er i gang med ein test av produktet.
Dette er teknisk sett tredje generasjon av Asus Rog Ally.
Me har fått toppversjonen til test. Den kostar i skrivande stund heftige 11 490 kroner, og det skal naturlegvis ein del til for å leve opp til ein slik prislapp.
Om den gjer det, må me nesten kome tilbake til.
Førsteinntrykket etter ein knapp time er positivt. Brukaropplevinga i operativsystemet har tatt eit langt steg i rett retning, og kontrollarane er betydeleg meir behagelege i bruk enn på første generasjon.
Eg er heldig nok som får sette meg til rette i sofaen med Rog Xbox Ally X, Hades II og ei rekkje andre spel dei neste dagane.
Me snakkast snart med karakteren.