Sjokkfall for Nvidia

For ei knapp veke sidan var Nvidia verdas mest verdfulle selskap. Måndag gjekk aksjekursen kraftig ned.

Nvidia-toppsjef Jensen Huang har ei travel veke.
Wikimedia Commons

Måndag opna børsen i USA til det største verdifallet for ein aksje nokosinne. Nvidia raste ned 16 prosent på Wall Street, eit papirtap på over 5000 milliardar kroner.

Tusenvis av milliardar har forsvunne frå fleire av verdas største KI-selskap.

Bakteppet er lanseringa av ein kinesisk ChatGPT-konkurrent.

Oppstartsselskapet DeepSeek kom ut med DeepSeek V3, sin ChatGPT-utfordrar, i romjula. Førre veke fossa KI-assistenten deira fram til å bli den best rangerte gratisapplikasjonen på App Store.

Språkmodellen har blitt bygd på ein brøkdel av prosessorkreftene av det ChatGPT og liknande språkmodellar brukar, og gjer at marknaden stiller spørsmål ved konkurranseevna til vestlege KI-modellar.

For viss ein treng mindre prosesskraft, kva betyr det for produsentar som Nvidia, Micron og Arm?

Nvidia har lenge hatt stålkontroll på marknaden, og har kunne prissette brikkene sine deretter.

DeepSeek-lanseringa rammar dei hardt.

DeepSeek skal visstnok ha blitt utvikla for mindre enn seks millionar dollar, og det berre på nokre månadar. Modellen har open kjeldekode.

Den så langt heller skuffande lanseringa av RTX 5090 har ikkje hatt nemneverdig effekt på aksjekursen til Nvidia, då KI har vore drivaren bak den enorme veksten til Nvidia dei siste åra.

Ledige stillinger

Siste fra forsiden