– Me har kontroll, altså. Det berre ser ikkje alltid ut som det, seier butikkeigaren mens han fyller opp hyllene med 90-talsnostalgi.
Det kombinerte bakrommet og kontoret flyt over av Pokémon-kort.
Heile tida renn det inn spørsmål frå kundar som vil selje kort til dei, men det er så altfor mykje meir enn dei klarar å svare på.
– Me har rundt 8000 kundar som har kjøpt fleire gongar hos oss. Det lokale miljøet er ikkje så veldig stort, men det er nok til at me vil ha butikken open.
Stappa bilen full med samleobjekt
Ideen kom ein sommardag under den første pandemibølgja.
Mikhael Kvale (35) og kona Fatima Shali Kvale (34) var i Stavanger, og hadde fått med seg at GameStop hadde opphøyrssal.
I butikkhyllene var Funko Pop-samledukker til sals for 15 kroner stykket.
– Me fylte bilen til randa. Eg tippar me kjøpte 300, men me hadde eigentleg ikkje nokon plan for korleis me skulle bli kvitt det, seier Mikhael.
Det blei starten på butikkeventyret som i 2025 siktar på omsetning i 20-millionarsklassen.
Flytta til storbygda
Butikken Collectible held til på torget i Leirvik. Kommunen Stord har hatt bystatus sidan 90-talet, men sjølv me med røter herifrå vil nok rynke på nasen av den merkelappen.
Stord er ikkje akkurat nokon stormetropol. Det er heller ikkje her ein forventar å finne ein av landets største utsal av Pokémon-kort.
Men slik blei det altså.
Ekteparet Kvale budde i Bergen under pandemien, og la merke til den enorme etterspurnaden for samleobjekt.
For å sleppe konkurranse med Outland bestilte dei flyttebil og kjøpte både lokale og hus på Stord.
Sa opp jobbane
Butikken starta som ein enkel nettstad. Sidan den gongen har dei bygd stein på stein, der Pokémon er den store drivaren av omsetninga.
Mikhael hugsar godt korleis samlemanien trefte han som liten gut, men det skulle gå 20 år før han fann fram Pokémon-samlinga igjen og begynte å leike med tanken om å selje kort.
I oppstartsåret selde dei for rundt 600.000 kroner. No i 2024 hamna omsetninga på 9,5 millionar kroner, og det med eit lite overskott.
Dei første åra kombinerte dei butikken med jobb. Fatima sa opp restaurantjobben i 2022 for å satse på heiltid, mens Mikhael takka for seg hos Aker i fjor.
– Det blei for mykje å sjonglere to ting på éin gong. No satsar me heller på oss sjølve. Me blir ikkje millionærar av dette, men me bygger noko som kan bli ein bra butikk. Så er det jo gøy òg, seier Mikhael.
– Og det er mykje kjekkare enn å stå opp klokka seks for å gå på Verftet, seier han med ein latter.
Trendy
– Me doblar omsetninga vår i år. Resultatet blir også betydeleg betre. Det er fordi me har brukt mykje tid og pengar i å investere tidlegare. Alt kostar. No rir me også på ei stor samlebølgje, seier Mikhael.
Årsrekneskapen for 2024 avslører at eigenkapitalen er tapt. Men dei har ingen planar om å legge korta på hylla.
Det er nettopp formuesverdien til Pokémon-kort som er syndaren for det rekneskapstekniske, då vareteljinga ikkje gir heilt det rette bildet av situasjonen.
Det er ofte uopna pakkar som er den beste investeringa, og ein attraktiv pakke kan fort tidoble seg i verdi på nokre år. Slikt har nok ikkje Skatteetaten tenkt på.
Den bokførte verdien og marknadsverdien blir altså totalt forskjellige.
– Me har ekstremt mange kort på lager. Det er så mange at me ikkje klarar å legge ut alt, seier Mikhael.
Travle dagar
Rundt 90 prosent av salet skjer over nett.
Marginane på nye kort og pakkar er heller små, rundt 30 prosent, då ein kan finne dei glinsande pakkane på alt frå leikebutikkar til Elkjøp og Nille.
Det er ikkje der ein tener dei store summane. Pengane ligg i kjøp og sal av brukte kort.
Collectible kjøper stadig komplette samlingar frå kundar som tar kontakt.
– Det er så mange at me klarar ikkje svare alle, seier han.
Han trur heller ikkje dei kjem til å møte noko særleg konkurranse i det segmentet framover.
– Outland kan ikkje berre kome inn og seie at dei vil satse på brukte kort. Det er ein vanskeleg marknad, som krev både kunnskap og mykje arbeid.
Blei møteplass
For tida er det åtte personar som jobbar i butikken. Det er fordelt på tre årsverk.
Harald Haga Tofte (18) er blitt ansvarleg for satsinga på Magic: The Gathering. Han har drive med kortspelet i fem år, og syns det er flott at det begynner å bli eit betre spelmiljø på øya.
Tidlegare var Haugesund den store samlingsplassen, men no er det Stord folk kjem langvegs frå til.
Før jobba Harald med posten på Coop, og fekk stadig besøk av Mikhael som henta pakkar til butikken.
– Eg sa at eg hadde likt den og den pakken, så han spurde meg om eg ville ha jobb, seier Harald.
– Draumejobben, altså?
– Hehe, ja.
– Han er ikkje vanskeleg å få til å jobbe, skyt Mikhael inn frå bakrommet.
– Det aller verste tidspunktet
Drivkrafta til ekteparet er å skape noko.
– Me ser at spesielt lokalmiljøet er veldig glade i butikken. Folk kjem hit og heng i timevis på godt og vondt. Det er ein stor bonus for vår del, seier Mikhael.
Stadig fleire kjøper kort som investeringsobjekt. Mikhael forklarar at det er blitt ei etablert sanning at Pokémon-kort er solide investeringar, og at det igjen pressar opp prisane.
– Det får samlarane svi for. Eg syns det er uheldig, men det er også syklisk, dette. I 2016 var det Pokémon Go som dreiv prisane, i 2020 var det pandemien. No er det såkalla «rip and ship» som pressar prisen.
Konseptet går ut på at strøymarar opnar pakkar som sjåarar har kjøpt, og som dei sender ut til sjåaren igjen.
– No er marknaden heilt på topp.
– Det høyrest ut som ei boble?
– Ja. Det er kraftig prispress, og det er mange som spekulerer. Dette er kanskje det aller verste tidspunktet viss du skal begynne, seier Mikhael.
Råd for å kome i gang
Dei første Pokémon-korta kom i oktober 1996.
Mikhael anslår at du kan eige ei heil slik samling for alt frå 5000 til 50.000 kroner alt etter tilstand, men seier at kolleksjonane på tidleg 2000-talet gjerne er mest verd.
– Setta frå rundt 2002–2004 kom etter den første boomen, og det blei laga betydeleg færre av dei. Derfor er dei også langt dyrare i dag.
Det er likevel mest pengar å tene i uopna produkt, rår Mikhael.
– Viss du tidleg ser at eit sett blir bra og har ettertrakta kort, og du klarar å ikkje opne dei, er det stort potensial.
– Men det fordrar vel ein del hylleplass for å faktisk tene litt?
– Det tar fort mykje plass, ja.
Mikhael deler elles nokre kjappe tips til dei som har lyst til å starte med Pokémon i dag, trass i at det neppe er den beste timingen:
1: Bestem deg for kva du vil samle på. Er det heile sett, visse pakkar eller enkelte Pokémon? Sjekk ut nokre av dei siste setta, kjøp nokre pakkar og sjå om du likar det du får
2: Ha eit mål. Det er ikkje vits i å berre kjøpe og opne pakkar utan mål og meining. Hos oss endar det ofte med at kundane våre sel alt og startar på nytt
3: Last ned ein app for å halde oversikt på korta dine og sjå kva du manglar i samlinga
4: Bruk nettsider som TCGPlayer for å sjå kva korta er verd
5: Send gamle og meir verdfulle kort til gradering (for enkeltkort over 1000 kroner). PSA i California er størst på dette. Då beskyttar du kortet og får svart-på-kvitt kva tilstanden til kortet er.