Neva

Slik blir det å spele fargerike Neva

Nomada Studio er tilbake med eit nytt eventyr.

Det er over eit år sidan me fekk første sniktitt på vakre Neva, det neste spelet frå utviklarane bak GRIS.

Spelet følger ei ung kvinne som formar eit band med ein ulvekvalp, og spelaren blir vitne til korleis forholdet deira utviklar seg gjennom livet.

På Summer Game Fest demonstrerte utviklarane korleis det blir å spele Neva. Det ser du i videoen over.

Den visuelle stilen og musikken hintar til at dette kan bli ei oppleving utanom det vanlege. Spelet er forventa til alle plattformer seinare i år.

Les alt me har skrive om Summer Game Fest 2024 »

Siste fra forsiden