Guide

Apex Legends - Tips

Slik blir du god i Apex Legends

Stor guide for spelarar på alle nivå.

Respawn Entertainment
1: Apex Legends for dummies
2: Tips, triks og småfakta om spelet
3: Strategiar og teknikkar for å vinne

Her vil me liste opp ulike tips, triks og ting du kanskje ikkje har fått med deg om spelet, retta mot både nybyrjarar og veteranar i Apex Legends. Dette er ting det er greitt å vite for å få den vesle ekstra fordelen mot fiendane dine.

Ønskjer du å lese om meir avanserte strategiar for å forbetre spelestilen din, hopp over til neste side – men det kan godt hende at du lærer noko nytt her òg.

Peikar til side tre »

Figurar

  • Ikkje gløym passiv-ferdigheita til figuren din!
  • Lifeline sitt ultimatangrep med å kalle inn flykassar fungerer godt med Ultimate Accelerant-gjenstanden. Ping desse viss du finn ein og gi dei til Lifeline
  • Pathfinder kan hacke tårn og finne ut kvar neste sone er. Baser rotasjonane dykkar på dette, og sett opp feller for fiendar i forkant av sirkelendringa
Du kan zoome inn i flyfasen med høgreklikk.
Mikkjell Lønning/Gamer.no
  • Wraith og Mirage er framleis synlege når dei brukar ferdigheitene sine. Følg med på den blå linja til Wraith eller den gjennomsiktige forma til Mirage, og ver klar til å skyte når dei kjem ut
  • Bloodhound kan motverke røykgranatane til Bangalore med ultimat-angrepet sitt (fienden vil òg sjå Bloodhound når han brukar aktiv-ferdigheita si)
  • Røykgranaten til Bagalore gjer skade på fiendar (10). Bruk dette som erstattar for finisher-mekanismane for å vere ekstra salty
  • Bruk finisher eller skyt fiendar som er nede. Det tar ikkje lang tid å få opp lagkameratar, kombinert med at nokre figurar har skjold mens dei hjelper opp andre, pluss at dei som er nede har Knockdown Shield. Fiendar i Knocked-status kan òg bruke portalane til Wraith, så sørg for at du drep dei viss du får sjansen. Eventuelt bruk dei som lokkemat for å drepe resten av laget.

Utstyr

  • Gul/gullfarga rustning har ekstra eigenskapar. Ryggsekken gjer at du brukar helse- og skjoldgjenstandar kjappare, Knockdown Shield gir deg ein sjanse til sjølvgjenoppliving, hjelmen reduserer nedkjølingstida på ferdigheiter, og den skotsikre vesten gir deg full regenerering av skjold når du brukar ein finisher
  • I motsetning til spel som PUBG kan du gå mens du brukar skjold- og helsegjenstandar. Dette bør du bruke til din fordel midt i kamp. Ikkje ver redd for å poppe eit Med Kit viss du har litt dekkje og kan bevege deg rundt
  • Ammunisjon er den mest verdifulle ressursen i spelet. Sørg for at du har nok. Du kan ha to våpen, så bruk våpen med ulike ammunisjonstypar
  • Lilla og gullfarga Barrel Stabilizer reduserer rekylmønstera på våpen til omtrent null. R-301 Carbine blir ein laser med Barrel Stabilizer
  • Bruk talpunkta i kikkertsikte for å bli vand med kuledropp ved skyting over distanse med skarpskyttarrifler. Du kjem sjeldan til å kjempe over meir enn 200 meter, men hugs å bruke 2-prikken som siktepunkt i så fall
  • Dei små robotane frå lootboks-skjermen er gøymde rundt på kartet, og gir nokre gode gjenstandar viss du skyt eller slår dei
Du kan finne desse dingsane rundt på kartet, som gir deg bra loot viss du øydelegg dei.
Mikkjell Lønning/Gamer.no
  • Viss du ikkje har heilt oversikt over ammunisjonstypane, kan du sjå på fargen til våpenikonet nede på høgre side av skjermen. Eventuelt vil ammunisjon som høyrer til våpen du har vise eit lite ikon med eit våpen ved sia av seg. Lærer du deg å sjå etter det, kan du spare tid
  • Våpen som Spitfire, Peacekeeper og Wingman er latterleg sterke, og kjem sannsynlegvis til å få kraftnivået nedjustert etter kvart. Utnytt dei mens du kan
  • Dei aller fleste våpena er generelt brukande, og kan bli effektive verktøy i hendene dine med tilvenning
  • Bruk treningsarenaen for å teste ut nye våpen (du kan bruke så mykje tid du vil på det første stadiet av opplæringa). Prøv å trene muskelminnet til å gå for hovudskot, og dra ned siktet for å kompensere for rekyl. Spesielt våpen som Peacekeeper og Wingman tar litt tilvenning, og nokre rundar i øvingsarenaen kan vere til store hjelp. Det varierte terrenget i treningsarenaen gjer òg at ein kan trene på skyting i fart, mens ein brukar glimekanismen.

Generelle spelmekanismar

  • Du tar ikkje skade av å falle, og huk-knappen kan gi deg stor fart i nedoverbakken ved gliding. Bruk ziplines og ballongar til å effektivt flytte deg rundt på kartet
  • Hald inne hopp-knappen for å klatre opp veggar. Dersom du slepp W-knappen på ein kant vil du henge der, som kan la deg sjekke ut områder for fiendar
  • Viss du hoppar akkurat når du byrjar å gli, vil du hoppe rundt 10-20 prosent lengre. Dette tar litt øving, men det blir det same som å lære seg strafe-hopping i Quake-motor-spel (riktig nok er dette mykje enklare)
Spring og bruk slåknappen for å utføre eit ninjaspark.
Mikkjell Lønning/Gamer.no
Les også
Anmeldelse: Apex Legends
  • Dersom du brukar slå-knappen rett før figuren din sluttar å gli, vil du gli lengre. Dette kan vere forskjellen mellom å kome til dekkje eller å bli skoten
  • Hald eit auge med himmelen over næraste respawn-punkt. Du kan fort få nokre enkle drap på fiendar som prøver å hjelpe opp ein ven
  • Du kan skyte ned dører. Dørene kan òg brukast som eit midlertidig skjold for å få opp lagkameratar som er knocked viss du er inne, då dei kan blokkerast med figurar
  • B skiftar mellom ulike skytemodusar. Våpen som Prowler kan få ekstrautstyr som gjer at den skyt full auto i staden for burst (som er ekstremt kraftig)
  • Trykk på 3 for å hive våpenet ditt over ryggen og springe fortare. Dette vil òg kansellere granatar eller ferdigheiter som du har i handa
  • Hald inne 4 for å byte ut kva helse- eller skjoldgjenstand du har på hurtigbruk-firkanten.
  • Trykk E i flysekvensen for å kople frå den som styrer flyginga. Fly opp og ned for å optimalisere farten, og følg med på fartsmålaren til venstre på skjermen. Slik landar du før fiendane dine og finn våpen først
  • Slå på Vertical Sync i menyen for å kome rundt låsen på biletefrekvens viss du har 240hz-skjerm. Ver likevel obs på at dette kan føre til auka input-forseinking
Det er ingen tredjepartsnettstad for å få opp statistikk enno, men du kan sjå ein del på tracker-oversikta.
Mikkjell Lønning/Gamer.no
  • Du kan fjerne låsen på biletefrekvens utan Vertical Sync gjennom spelets «launch options». Høgreklikk på spelet i Origin-biblioteket ditt og trykk på speleigenskapar. Naviger til «advanced launch options» og skriv inn «+fps_max 0». Det er òg fleire andre nyttige kommandoar, som til dømes «+r_fullbright 1» som vil lyse opp landskapet i distansen og gjere det mykje enklare å sjå fiendar på langt hald. Du kan lage ei liste over slike kommandoar gjennom ein auto-«exec»-config, som i Counter-Strike
  • Gå inn på gameplay-menyen og skift «Interact Prompt Style» frå «default» til «compact» viss du merkar at dei store ikona går utover spelinga di. Her kan du òg gjere ping-indikatoren gjennomsiktig, som kan hjelpe viss du føler at ikonet kjem i vegen for evna di til å sjå fiendar
  • Du kan endre på kva statistikk som blir vist fram på figurprofilen din ved å trykke på legends og gå inn på «banner», og så velje «tracker». Her får du òg blant anna sjå kor mange kampar du har spelt med kvar figur, og kor mange gongar du har vore blant dei topp tre laga.

På neste side skriv me om meir avanserte strategiar når det kjem til bruk av ferdigheiter og korleis du bør bevege deg rundt på kartet. Klikk her for å lese vidare »

1: Apex Legends for dummies
2: Tips, triks og småfakta om spelet
3: Strategiar og teknikkar for å vinne

Siste fra forsiden