Kommentar

Fable

Slik håpar vi nye Fable blir

Microsoft har bygd opp eit flunkande nytt studio for å byggje Fable, vi har sterke meiningar.

Det byrja som Project Ego, eit enormt og ambisiøst rollespel i ei opa verd der du skulle få enorm fridom, og til og med kunne plante eit frø for å sjå det over tid vakse seg til eit tre.

Fable blei ikkje heilt det spelet mange hadde sett føre seg, men det blei likevel eit av dei mest minneverdige og unike rollespela sjangeren har å by på, og eit viktig spel i historia til Xbox. Britiske Lionhead Studios skapte ikkje berre eit spel, dei skapte ei verd det er lett å bli glad i. Albion er ikkje som andre spelunivers. I ein bransje der det såg ut til å stadig bli viktigare med morske, mørke, seriøse spel for «vaksne», valte Lionhead ei anna tilnærming.

Her blei vaksne tema blanda med ei vimsete og fargerik fantasiverd full av magiske ting å sjå, nydeleg musikk, gode og vonde avgjersler, og prompehumor. Store mengder svart og grisete britisk humor, men mest av alt kos. Mykje kos. Det er koseleg å ta turen til Albion.

At Microsoft enda opp med å kansellere ikkje berre fleirspelarorienterte Fable Legends, men òg Lionhead Studios – studioet som skapyte serien – etter å ha settdei til å lage eit fleirspelarspel studioet ikkje var heilt skodd for å byggje, falt mange – iknludert underteikna – tungt for brystet. Kva ville skje med serien no?

Ein ny start

Den spede starten i Fable (Anniversary).
Øystein Furevik/Gamer.no

Rykta hadde svirra og gått over lengre tid, men 23. juli blei det endeleg offisielt; Forza Horizon-studioet Playground Games byggjer eit nytt spel i Fable-universet. Med det veit vi at den fargerike rollespelserien skapt av Lionhead Studios får leve vidare. Den korte avsløringsvideoen viste oss strengt tatt ikkje mykje. Vif år sjå eit fe fly gjennom eit vakkert eventyrlandskap før ei diger padde et den stakkars skapningen, og vi får sjå eit landskap med ein diger by i sentrum. Det er akkurat passe Fable, og eg er villig til å tru byen er Albions største by Bowerstone.

Men Fable er mykje meir enn ein by og litt humor. Personleg har eg svært sterke meiningar om kva som gjer Fable til, vel, Fable. Eg var ein av dei som venta på Fable i fleire år før det var ute, og eg har spelt spelt gjennom kvart spel fleire gongar. Sjølv om alle spela ikkje er like gode, har samtlege dei essensielle tinga som gjer Albion til ein stad eg elskar å berre vere i. Fable byr på noko heilt spesielt, ein fortryllande og pervertert eventyridyll som passar meg heilt ypparleg.

Så her er det eg meiner Fable må ha, og korleis eg håpar det utviklar seg og byr på nye ting.

Desse vakre morgontonar

Fable er musikk. Ein kvar person som har spelt Fable vil sannsynlegvis kjenne igjen dei musikalske krumspringa til komponist Russel Shaw ganske umiddelbart. Det originale Fable-temaet var riktig nok komponert av Tim Burton-veteran Danny Elfman, men det var Shaw som gav Albion liv når du først sette dine føter på jorda, og det gjorde han heile vegen fram til Fable Legends trasig nok blei kansellert akkurat i det det byrja å bli moro.

Musikken i Fable er unik fordi den har noko svært mykje anna moderne spelmusikk manglar. Det har ein utruleg sterk identitet. Du høyrer lett at det er Fable som står på i bakgrunnen, om det så er litt smånifse tonar medan du traskar gjennom ei sump og kjempar mot hobbes og skjelett, eller det lystige og dempa fingerspelet på eit strenginstrument som fortel deg at dette blir ein bra dag. Denne musikalske identiteten er uhyre viktig å ha med. Russel Shaw er mest sannsynlegvis ikkje med (han har trass alt tvitra om korleis han håpar spelet blir bra), men den eller dei som tek over har store sko å fylle, og vi får berre håpe vedkommande veit å styre langt unna den moderne trenden med pompøs bakgrunnsstøy utan tydelege melodiar.

Viktigast av alt er kanskje å unngå å ramle opp i den same kjipe gryta dei fleste opa-verd-spel av ein eller grunn bestemmer seg for å lande i, og det er den trasige turen gjennom skogen der alt du høyrer er fotsteg. Fable skal ha musikk, heile tida, musikken er nerven i spelet, og det må vere mykje av den. Mist musikken, og du mistar sjela.

Gje meg ein grunn til å le

Les også
Microsoft fornyer Fable-varemerket
Vil nye Fable by på elskovssjuke landsbyfolk?
Microsoft

Eg skal vere den første til å innrømme at humoren i Fable-serien ikkje alltid er heilt, vel, der. Den kan fort bli litt i overkant teit, litt vel banal, litt vel barnsleg på ein måte som kolliderer litt med elementa som har søgja for at spela får ei aldersgrense som i teorien held det unna publikummet som aller helst ville ha ledd av ein barsk helt som leikar kylling. Forfattarskapet har strengt tatt aldri vore seriens sterkaste side, og her har Playground Games enormt store moglegheiter for forbetring.

Men humoren må på plass, den er noko av det som gjer Albion til ei annleis verd, og det er visse trekk som må vere med. Dei fleste i dette spelet er litt teite, alt er litt sært, og det skin gjennom i alle krikar og krokar. Stikkorda er tøys og tull. Du kan fint fortelje dramatiske historier i Fable, men ein må ikkje gløyme å pakke det heile inn i lettbeinte, vimsete og tøysete rammer.

Tenk Monty Python, tenk Discworld, og ein er på sporet av kva Fable både treng, og er. Dette er ei verd bygd på eit rammeverk av svart humor, der det pikante og vågale blir dratt til sine ekstreme utterpunkt. Å vandre rundt i Fable og høyre dei rare tinga folk snakkar om som har ingenting med deg og eventyret å gjere, er mykje av sjarmen, og det vil eg sjå (og høyre) meir av.

Dette blir for lett, gje meg noko utfordrande

Fable er ikkje berre moro, med mindre du diggar skjelett.
Microsoft

Sentralt i Fable-serien står kontrasten mellom det gode og det vonde. Vil du bli ein helt eller ein kjempskurk? Vil du gro glorie eller djevelhorn? Kor snill eller slem du vil vere får i denne serien stort utslag på korleis du endar opp med å sjå ut.

Dette er ein essensiell del av kva som gjer Fable til Fable, men òg det som kanskje er eit av seriens største problem. Det blir litt for enkelt. Litt for svart, kvitt. Litt for banale val. Det er enten eller, og det må vi bort frå. Eg vil ha grader av vondskap. Når ein spelar Fable er det lett å henge seg opp i om ein skal vere god eller vond. Ein betsemmer seg før ein går i gong, og endar opp med å løyse alle oppdrag som god, eller vond.

Dette blir litt snevert, og her har Playground Games enorme moglegheiter for å skape eit spel med diffuse moralske dilemma som ikkje nødvendigvis fortel deg direkte om det er glorien eller horna som vil vakse. Sjølvsagt kan vi få nokre banalt opplagde gode gjerningar å utføre, men først og fremst håpar eg på eit spel som byr på så mange etiske krumspring at ingen helt blir lik.

Eg håpar nokon hos Playground Games har spelt Greedfall, eit spel eg kjem til å mase om til verdas ende, og hentar inspirasjon derifrå til korleis ein skal skru verkeleg interessante sideoppdrag.

Merk mine ord, dette blir det ungar av.
Øystein Furevik/Gamer.no

Å vere sin eigen stylist

Sjølv om du aldri har fått velje meir enn kjønn i Fable-serien, har den alltid handla om å finne seg sjølv i denne rare verda. Du formar helten din basert på handlingane dine, og om du angrip kvar fiende med sverd vil du samle inn erfaringspoeng som berre kunne brukast på styrke, og likeins med skytevåpen og magi.

Alt du gjer utviklar deg, og sjølv om du til sjuande og sist endar opp som den same digre helten når alt er maksa, kan vegen dit vere høgst individuell. Eit mylder av klede og fargekombinasjonar å prøve ut har òg gjort sitt til at ein kan vere noko nytt kvar gong.

Dette vil eg ha meir av, mykje meir av. Eg vil ha noko som verkeleg gjev spelaren moglegheitene til å lage den personen dei vil. Eg vil sjå ein av dei meste avanserte og brukarvenlege karakterbyggarane som er laga. Fable er ein serie som alltid har vore inkluderande når det gjeld kjønn, hudfarge og seksualitet, så fantasien burde strengt tatt vere det einaste som set grenser her.

Deretter bør vi få eit erfaringssystem som er mykje meir detaljert enn dei tidlegare. Å velje magi, nærkamp eller skyting som våpen bør gje tydelegare utslag enn før. Eg håpar dei hentar litt inspirasjon frå kansellerte Fable Legends som verkeleg viste eit uhyre variert og kreativt samansett persongalleri med noko for ein kvar smak.

Fable Legends bydde på eit variert persongalleri.
Microsoft

I siste rekke må vi ha ei verd stappfull av butikkar som alle har mykje på lager. Å kle opp helten sin har alltid vore moro i Fable-serien, og nåde Microsoft om dei gøymer alle dei kule klesplagga bak ein betalingsmur.

Men kvifor ikkje ta det enda lenger? Kanskje vi kan lage eller forbetre eige utstyr, om det så er klede, våpen, magiske formular eller møblar til husa vi spel til spottpris?

Her vil eg finne min heim

Eg er på generell basis ingen stor fan av digre, opne verder der du kan gå dit du vil og gjere som du vil. Eg byrjar lett å kjede meg, dett av sporet, og blir lei. Eit problem som kjem av at dei ofte manglar nok engasjerande innhald. Fable er derimot ein serie som for meg alltid har mangla meir innhald. Det er ei verd eg elskar å vandre rundt i, men det er alltid over for fort. Mykje vil ha meir.

Gje oss ei enorm verd med mykje å gjere. Fyll det med små og store oppdrag, og fyll det med dynamiske farer og utfordringar som kan gjere kvar tur gjennom kjent terreng til noko uventa. Serien har i tillegg alltid gjeve oss ein del å samle på, og det bør vi få denne gongen òg. Men for all del, styr unna ubrukeleg skit som ikkje tener noko anna nytte enn å låse opp ein prestasjon.

Lat oss finne nøklar som låser opp kister med kult innhald, gje oss nissar som skjeller oss ut, men mest av alt, finn på noko nytt, noko morosamt, og la det ha meining. Gje oss ein grunn til å utforske heile kartet, ikkje berre be oss om å gjere det. Ei verd full av farer og utfordringar der du kan droppe heile historia og legge ut på ditt eige eventyr er som skapt for Fable. Du er trass alt ein helt, heltar reiser rundt og er ein helt der det trengs. Om det så berre er nokre bønder med eit balverine-problem.

Ei enorm, levande verd der utviklarane har rom for å leggje til nytt innhald, både stort og smått, som gjev spelarane noko å kose seg med. Det er det Fable fortener.

Eit spørsmål om tid

Spel lenge nok, og du ser ikkje ut til slutt.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eg håpar Playground Games tek seg god tid med Fable. Dette er ein serie med så stort potensiale for noko fantastisk at å haste seg av garde er det verste ein kan gjere. Playground Games er så langt berre kjende for Forza Horizon-serien. Enkelt og greitt fordi det er det einaste studioet har jobba med. Men over dei siste åra har dei bygd opp eit heilt nytt studio viss einaste oppgåve så langt er Fable. Der har dei hyra inn ei rekke bransjeveteranar som blant anna har jobba med alt frå Grand Theft Auto V til Metal Gear Solid V, Borderlands og Batman.

Det ser altså ut til at talenta er på plass. No gjenstår det berre å sjå kva veg dei tek Fable. Eg har definitivt sterke meiningar om kvar vegen bør gå. Det tippar eg det er mange andre som har, og det finnest heilt sikkert like mange som synest Fable berre var teit og aldri levde opp til forventningane. Men dette er noko av det som viser at Fable er noko spesielt. Det er litt polariserande. Nokon likar den vimsete og karikerte stilen, andre toler den ikkje og håpar det blir meir vaksent og hengtar inspirasjon frå Skyrim og The Witcher.

Noko slikt hadde i mine auge blitt eit enorm feiltrinn. Fable er si eiga greie, og om du styrer for langt bort frå den er det ikkje noko poeng å kalle det Fable. Det blir litt som om ein skulle lage Final Fantasy utan ein einaste moogle, chocbo og fira.

Tida vil vise kva Playground Games kokoar i hop, men vi får håpe det ikkje tar så alt for lang tid før vi får nokre fleire glimt frå dette lovande eventyret.

Siste fra forsiden