Snart kan du leike deg som Batman i VR

...men berre på Meta Quest 3.

Batman: Arkham Shadow er eit komande VR-spel til Meta Quest 3. Det kjem ut til hausten, og tar deg med til eit Gotham trua av ei rekkje kjende ansikt.

Harley Quinn, The Riddler, Harvey Dent og The Ratcatcher er nokre av skurkane spelet er innom, der sistnemnde speler hovudrolla i den nye traileren.

Scena er sett for eit oppgjer mellom deg og Ratcatcher. Traileren på kveldens Summer Game Fest viste ikkje korleis det faktisk er å spele, men det kjem visstnok ein ny smakebit på Gamescom i august.

Les alt me har skrive om Summer Game Fest 2024 »

Siste fra forsiden