Sniktitt

Battleborn

Nyskapande frå gjengen bak Borderlands

Våre tankar etter 15 timar med Battleborn.

Gearbox Software

Gearbox Software sin nye tittel Battleborn låner spelmekanikkar frå både aust og vest. Kjernen i spelet er ein 5-mot-5-konkurransemodus kalla Incursion, som er særs lik dei me ser i andre MOBA-spel. 5 heltar på kvart lag kjemper mot kvarandre for å forsvare sin kjemperobot, dette spelets «Nexus». Begge laga må beskytte sine kryp, for å avansere fram og øydeleggje det andre laget sine forsvar.

Det som gjer Battleborn interessant, er at det har blanda inn element frå fyrstepersonsskytespel. Fleire av heltane i spelet har skytevåpen eller prosjektilar, med eit sikte som fungerer slik som i eit skytespel.

Mekanikkar i MOBA-spel som «last hitting» av kryp er heilt vekke, og ferdigheiter frå skytespel har blitt mykje meir viktige. Eg merka med ein gong at den lange erfaringa mi frå skytespel som Counter-Strike og Call of Duty gav meg ein stor fordel ovanfor MOBA-puristar som eg har spelt mot.

Utviklarane definerer spelet som ein «First Person Hero Shooter», men Battleborn minner mykje meir om eit MOBA-spel enn eit skytespel.

Innovativ fleirspelar

Ein full runde med Incursion, Battleborn sin beste spelemodus. (Video: Mikkjell Lønning/Gamer.no)

Battleborn har tre forskjellige fleirspelarmodusar med eigne kart; Incursion, Meltdown og Capture. Meltdown er ein modus der du må eskortere krypa dine til eit punkt for å få poeng, og samtidig drepe fiendens kryp, liknande Smite sin arena-modus. Capture er ein relativt standard «Capture the Flag»-modus.

Det unike med Battleborn ved sia av skytemekanikkane, er det som blir kalla skår, som er ein energikjelde i spelets univers. På karta i fleirspelaren kan ein samle skår, og etter kvart tene nok til å byggje forsvar for laget ditt. Ein byrjer på null skår for kvar nye kamp. Forsvarsverka kan vere kanontårn, stasjonar som gir liv, eller maskinar som gir deg og krypa større fart.

Her kan ein administrere utstyret i Battleborn.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Spelet lar ein også samle utstyr som kan brukast til å gi bonusar til karakteren din. Utstyret kan ein få av å kjøpe pakkar med spelvaluta, eller ved å vinne kampar. Kvart stykke utstyr aktiverast ved hjelp av skår. Dette er det geniale med Battleborn sin oppskrift, for ein må prioritere om ein fyrst vil byggje forsvar til laget, eller om ein skal gjere sin eigen karakter sterkare.

Nivåsystemet i Battleborn har også ein interessant vri, som baserer seg på «Helixpoeng». Ein må som i andre MOBA-spel byrje på nivå ein i kvar nye kamp, og ein kan kome opp til nivå ti. Karakteren har eit sett av tre ferdigheitar, to små og ein ultimat ferdigheit. Kvar gong helten går opp eit nivå, får ein to val for å skreddarsy desse ferdigheitane. Vala er som oftast enten ein offensiv eller defensiv bonus, men nokre karakterar har val som fullstendig forandrar korleis ein ferdigheit fungerer.

Det er også eit overordna nivåsystem for kvar karakter slik som meistringsnivå i League of Legends, og for deg som «kommandør» over helten. Når ein går opp i nivå som kommandør vil ein kunne få fleire heltar, mens karakternivået låser opp kosmetiske endringar på karakteren, samt nokre fleire alternativ i Helixpoeng-systemet.

Ein av Battleborn sine mange unike og interessante heltar.
Gearbox Software

Det er blitt vanskeleg å kome opp med interessante og nyskapande karakterar i MOBA-sjangeren, for det meste er allereie gjort. Fyrstepersonsperspektivet har gitt eit litt nytt utgangspunkt, slik at mange av karakterane kan byggjast opp rundt skytelementet. Det har ført til at ein ikkje får så mange standardiserte MOBA-karakterar, som i saman med den koselege humoren til heltane gir eit rikt karaktergalleri.

Les også
Anmeldelse: Battleborn

På same måte som andre spel kan heltane gå inn i rollar som helbreder, snikskyttar, tank og liknande, men ferdigheitane til spelaren i skytespel vil kunne gjere at nokre karakterar kan fungere godt i fleire rollar, dersom ein er god til å treffe hovudet til fienden.

Alle karakterane har veldig forskjellege spelestilar, så det er sannsynleg at ein finn noko som passar sin eigen. For dei som aldri har prøvd MOBA-spel før, er det karakterar som eigentleg fint kan brukast utan ferdigheitar i det heile, kun med bruk av skytevåpen.

Ikkje ofte ein får historiemodus i slike spel

Det fyrste oppdraget i historiedelen til Battleborn. (Video: Mikkjell Lønning/Gamer.no)

Battleborn sin historie baserer seg på at dommedag er på veg, og kun ei levande stjerne er igjen i heile universet. Liknande spel legg ofte mykje tid i å utvikle ein bakgrunnshistorie, men få har hatt noko som me faktisk får spele sjølv.

Historien i Battleborn kjem i form av episodiske oppdrag. Eg har fått prøvd ut to av desse, som kan spelast aleine eller i samarbeid med opp til fire andre over nett. På same måte som fleirspelaren får ein velje ein av dei 25 heltane heilt fritt, samt utstyr.

Fiendane i historiemodusen kan bli litt keisame.
Gearbox Software

Ein ser med ein gong at det er eit spel frå Borderlands-skaparane når ein prøver historiemodusen. Den nerdete humoren er tilbake i nett same form. Det er vanskeleg å ikkje trekkje litt på smilebanda i ny og ne.

Oppdraga er moro på den høgaste vanskelegheitsgrada i samarbeidsmodus, men aleine kan det bli ein smule keisamt. Dialogen og karakterane er underholdande på grunn av den sarkastiske undertona, men kampdelen appelerer ikkje heilt til meg. Heilt frå det fyrste oppdraget er det kun «kulesvampar», som bare spring rett mot deg og venter på å døy. Den eine sjefskampen gav også inntrykket av å vere rein kanonføde, mens den som visast i videoen var morosam og utfordrande, men gav likevel ikkje i nærleiken av same inntrykket som skurkane i Borderlands.

Konklusjon

Battleborn gir inntrykket av å ville gjere litt vel mange ting på ein gong, men får ikkje heilt til alt. Fleirspelaren, spesielt Incursion, har eit særs godt konkurranseelement, som vil appellere til mange fans av både MOBA- og skytespel.

Nye mekanikkar som skår-systemet saman med dei unike karakterane vil dra lokke mange til Battleborn. Det må også seiast at spelet yter heilt vanvittig godt.

Likevel blir eg litt skeptisk på grunn av historiedelen, sjølv om det bare er nokre få oppdrag eg har fått prøve. Kampane i historiemodusen treng ein liten oppussing. Til tross for dette er det fleirspelardelen dei fleste bryr seg om, og den er utan tvil nyskapande og interessant. Me kan godt byrje å sjå fram til sleppdatoen 3. mai.

Epic Games prøver seg også på en MOBA-vri.
Paragon ligger an til å bli et morsomt spill »

Siste fra forsiden