Soul Calibur IV med nettspeling

Snart treng du ikkje vener og ein sofa for å ha det moro.

Med unntak av til dømes Dead or Alive 4, er det ikkje mange slåssespel som har teke steget fullt ut med nettbasert fleirspelar. Som regel er desse spela låst fast til ei enkelt maskin om gangen, og den einaste sjansen du har for å møte ei utfordring kjem via vener som tek seg ein tur på besøk.

Teaser: Soul Calibur IV

Vis større

Teaser: Soul Calibur IV

Stikkord:
  • action
  • spill
  • xbox 360
  • playstation 3
  • slåssing
  • fighting
  • soul calibur


Det siste eksempelet på dette er Virtua Fighter 5 til PlayStation 3, som trass sitt velpolerte gameplay, ikkje lot oss ta det heile eit steg vidare. I følgje 1UP.com fortel siste nummer av EGM at Soul Calibur IV vil tilby ein etterlengta fleirspelar-modus over nettet.

Xbox 360 og PlayStation 3 har allereie ein infrastruktur for nettspeling oppe og går, og Soul Calibur IV-regissør Katsutoshi Sasaki fortel at dette vil gjere nettspeling lettare å få til.

– Vi har høyrt at tilhengjarane vil ha onlinestøtte, og vi kunne ikkje la vere når vi tok forholda i betrakning, fortel Sakaki til EGM.

Soul Calibur IV kjem til PlayStation 3 og Xbox 360 i 2008.

Siste fra forsiden