No More Room in Hell 2

Stemningsfull zombieskrekk med gode kompisar

Populær Source-mod får oppfølgar 13 år seinare.

Summer Game Fest gjekk av stabelen fredag kveld, der No More Room in Hell 2 var blant dei første titlane.

Spelet er ein oppfølgar til ein Source-modifikasjon frå 2011 med same tittel.

Åtte spelarar startar kvar for seg i ly av mørket, og må finne fram til kvarandre på ei stort, opent kart for å kjempe mot zombiar.

Ifølgje nettbutikken til Epic Games lanserer det i Early Access på Steam.

Nivåa kan spelast om att så mykje ein vil, der ein må ta seg inn mot midten av kartet mot stadig verre odds. Spelet har «permadeath», så du risikerer å miste figuren for alltid, om du døyr.

Utviklar Torn Banner Studios står bak spelet. Dei har blant anna utvikla Chivalry 2.

Siste fra forsiden