Anmeldelse

Monster Hunter Rise

Suveren monsterjakt

Det er nesten ikkje til å tru kva Capcom klarar å presse ut av Switch.

Monster Hunter Rise

Monster Hunter er, endeleg, ein suksess i vesten. Etter mange år som fenomen i Japan, men nisje i resten av verda, er Capcoms monsterjakt ein av dei verkeleg store hendingane i spelverda. Monster Hunter World blei det mestseljande spelet i Capcoms lange historie, og Monster Hunter Rise ser ut til å ville ha ein solid bit av den same kaka. Fire millionar selde kopiar på tre dagar seier sitt, og det merkast. Sjeldan har det vore lettare å finne nokon å spele med, og det er alfa omega i eit spel som først og fremst handlar om å ha det moro i ei gruppe.

For dei uinnvidde er konseptet såre enkelt. Du er ein jegar, men i staden for å slå deg på brystet og kalle deg mann fordi du var tøff nok til å liggje i skjul i skauen med kamotelt og skyte eit dyr langt borte med eit våpen utrusta med kikartsikte, går du i Monster Hunter inn i jakta med livet som innsats. Her skal det ikkje jaktast dyr som ikkje gjer motstand, eller veit du er der, men massive beist med store, farlege tenner.

Monstera kjem i eit enormt utval, dei er digre, dei er kjappe, og dei er høgst uforutsigbare. Med tjukk hud tek det lang tid å få dei i kne, og undervegs kan det fort gå skeis i det eldspruten står ut av kjeften på ein drake, og målar verda svart.

Ut på glattisen med deg!

Litt historie må med.
Capcom

Prinsippet høyrest kanskje enkelt ut, men fullt så enkelt er det ikkje. Om det er ein ting eg gjerne skulle tatt Capcom på, så er det å kanskje gjere oppstarten hakket lettare. Sjølv eg som har spelt Monster Hunter jamt og trutt sidan starten på PlayStation 2 i 2005, er det mykje å setje seg inn i. Dei første timane er ein nesten utmattande kavalkade av hjelpeskjermar som proppar hovudet ditt fullt av enda ein ting du kan og bør gjere, før den forsvinn, og kanskje blir gløymd i vrimmelen av andre ting du skal hugse på.

Du må hugse å ete mellom slaga, kjøpe våpen, ammunisjon, eller lage det sjølv, sjekke smia, sjekke kjæledyra dine, sende kjæledyra på oppdrag, lære seg å kjempe, lære seg ulike våpen, ulike oppdragstypar, sideoppdrag, meir, meir, meir. Det er voldsomt, og det er så mykje nytt i kvar utgåve av spela ein nesten må lære seg å gå på ny.

Det største nye i Monster Hunter Rise er såkalla wirebugs. Desse er små kryp som du kan bruke for å navigere gjennom terrenget med. I praksis fungerer det som ein slags gripeklo du kan skyte ut for å kasta deg gjennom lufta, oppover fjellsider, og ikkje minst ut av vegen når du blir angripen av eit enormt tannbeist.

Enda eit nytt tilskot er Palamutes, ein diger hunderase du kan ri på, og dette er vel det nye tilskotet eg set mest pris på. Å kunne ri raskt frå ein stad til ein annan gjer det mykje kjappare å navigere karta, og når du kan sanke gjenstandar, og utføre lettare angrep medan du rir, blir det eit perfekt tilskot til spelet.

Det vi er her for

Snartenkt bruk av ein wirebug kan få deg ut av ei knipe.
Capcom

Mykje nytt er vel og bra, men den einaste grunnen til at vi verkeleg er her, er for å kverke monster. Etter å ha spelt Monster Hunter World og erfart dei mektige beista det spelet bydde på, som verkeleg drog serien som på sett og vis stangerte på gamle handkonsollar, var som ei openbering å sjå desse skapningane boltre seg over den digre skjermen .

Lista ligg naturleg nok høgt, og eg skal ikkje nekte for at det var med ein viss skepsis og mistanke om eit bittelite steg tilbake for totalbiletet at eg sette i gong med Monster Hunter Rise. Og joda, det er klart dette spelet ikkje er like lekkert, like imponerande, og like tettpakka som Monster Hunter World. Men når det er sagt. Kva i alle dagar er det desse magikarane hos Capcom går på? Eg fattar ikkje korleis dei har klart å presse dette ut av Nintendo Switch. Eg forstår ikkje korleis det er mogleg.

Visst er det nokre flate teksturrar her og der, og terrenget er ikkje like levande som i Monster Hunter World, men så snart du ser kaoset som brettar seg ut når du møter Ein rasande bjørn med kaninøyrer og hoggtenner, er alt det gløymt. Ein gløymer reint at ein spelar på ein teknisk underlegen konsoll, og blir berre slått i bakken over intensiteten og tempoet monstera angrip i. Det er nervepirrande intenst, og krev at du knapt blunkar for å få gjort ein skikkeleg jobb. Animatørane hos Capcom er i ein klasse for seg, og frammanar gjennom udyra både intensitet og karaktertrekk som er essensielle å kunne lese for å forstår kva du skal hamle opp med.

Variasjonen er enorm, og spelet byr på eit galleri av monster som burde få ein kvar til å glise. Deet er stadig noko nytt, stadig ei ny utfordring, og to monster oppfører seg aldri likt. Du må alltid vere på tå hev, studere monstera og finne ut kvar svakheitene deira ligg, og utnhytte dei alt du kan.

Korleis du gjer akkurat det er som vanleg heilt opp til deg. Du får eit stort utval av våpen å velje mellom, der nokre er nesten like enorme som monstera det er laga av, medan andre er små, kjappe våpen. Du finn noko som passar deg, og i smia kan du stadig bygge nye våpen innan kvar våpenklasse, eller oppgradere det du allereie har, samt lage nye rustningar, gjenstandar og mykje anna som vi strengt tatt ikkje har plass til å liste opp.

I nokre situasjonar når spelet enda villare høgder. Vi har vore vitne til at monster angrip kvarandre før, men i Monster Hunter Rise kan du ta aktiv del i desse kampane ved å kaste deg opp på eit monster, og ta styringa over det. Du kan piske ut enormt med skade på kort tid, og det kjem godt med i dei elles lange kampane som kanskje, kanskje kunne ha vore berre bittelitt kortare.

Samstundes synest eg Monster Hunter World gjorde sjølve utforskinga av verda meir interessant. Å finne spor etter monster og leite seg fram til målet var spanande, no opnar eg berre kartet og ser kvar beistet er. Det blir hakket meir metodisk, og litt mindre engasjerande, utan at det har noko særleg å seie for de totale opplevinga.

Rathalos ventar.
Capcom

Sitt eige udyr

Ein av dei tinga eg likar best med Monster Hunter Rise er korleis det visuelt skil seg veldig frå Monster Hunter World. Der World var eit klassiske fantasy-spel inspirert av europeisk mytologi og tidsalder, ser Rise i likskap med Monster Hunter IV mot det austlege Asia, og hentar den visuelle inspirasjonen derifrå. Dette gjenspeglar seg i alt frå kleda folk går i, landskapa vi utforskar, og monstera vi møter i felten.

Det eg derimot ikkje er like imponert over er korleis Capcom har snikra saman kontrollsystemet sitt. Det nye krasjar med det gamle, og det er noko som har blitt ein liten irritasjon. Hovudproblemet er forskjellane mellom å gå til fots, og å ri på ein palamute. Capcom har ikkje gjort eit konsekvent val om kva som er «tilbake»-knappen, dette skapar ein del forvirring der du gjer feil ting fordi muskelminnet ditt vil noko anna enn kontrollsystemet.

Attpåtil er det så vanvittig mykje ein heile tida skal halde styr på. Du skal ikkje berre krige mot monster, du skal klatre, plukke, ri på hunden din, ri på monster, og det blir lett å gløyme ein og annan ting i farta. Det tok mange timar før alt sat som eit skot, men framleis tek eg meg sjølv i å trykke på feil knapp til tider. Det er litt som å gå fram lange økter på Switch, til å spele på Xbox, der X og Y knappane har byta plass.

Der Capcom derimot har gjort ein solid jobb sidan førre spel er i korleis dei handtere fleirspelarmodusen. I Monster Hunter World måtte alle spelarar sjå filmsnuttar individuelt, noko som sette ein irriterande brems i gleda her og der når alt ein ville var å kome i gong med fleirspelarmoro. Slik er det ikkje i Rise, og du kan berre hive deg ut på alle dei oppdraga du måtte ynskje, noko som jamt over tek berre nokre sekund. Det har aldri vore lettare å finne nokon å jakte monster med.

Eit lite skår, som vi naturlegvis ikkje kan klandre Capcom for, er Nintendo si nettløysing. Å ikkje ha ein innebygd snakkefunksjon i Switch gjer kommunikasjonen i eit spel som dette unødig tungvindt. Forhåpentlegvis forstår Nintendo på eitt eller anna tidspunkt i framtida at dette er for dårleg.

Konklusjon

Nokre gongar får vi spele i arenaer med stasjonære våpen.
Capcom

Monster Hunter Rise er eit knallgodt Monster Hunter-spel, og det seier vel eigentleg det meste. Capcom har skapt ein formel dei, og spelarane, veit fungerer, og den er det absolutt ingen grunn til å gjere for store endringar på. I staden spyttar dei heile tida inn litt nytt her og der, ser kva som funkar, og tek serien vidare deretter.

Spelet byr på eit massivt utval monster å jakte, og det er rikeleg å bryne seg på, uavhengig av om du er aleine eller saman med andre. Spesielt må vi nemne dei store forbetringane Capcom har gjort for å forbetre fleirspelarmodusen, der du kan hoppe inn i kampar kjapt og utan dei snodige historiebaserte hindringane vi møtte i Monster Hunter World.

Du kjem til å ha stor moro om du spelar aleine, saman med framande, eller har ein liten gjeng å reise på tokt med, men det er absolutt i fleirspelarmodusen Monster Hunter Rise er på sitt beste. Å krige saman mot desse ville skapningane er intenst og herleg, og når ein samla kan bruke sine unike eigenskapar for å felle eit beist, er det ei fantastisk kjensle.

Eg held ein liten knapp på at Monster Hunter World likevel er eit hakket betre spel, men det er ikkje med mykje. og om du har venta på å få kose deg med monsterjakt på Switch, får du alt du kunne bedd om. Monster Hunter Rise er eit enda eit strålande spel i serien, og opnar forhåpentlegvis dørene for at enda ei pulje nye spelarar for auga opp for serien.

9
/10
Monster Hunter Rise
Monster Hunter Rise er eit enda eit strålande spel i serien.

Siste fra forsiden