Anmeldelse

Syberia

Det er vel ingen tvil om at storheitsdagane til adveture-sjangeren er over. Med 3D-grafikken tok dette ein brå slutt, og timar med glede over absurde oppgåver såg ut til å vere over. Nokre selskap prøvde å halde sjangeren i live. Midt i fortvilelsen til mang ein adventure fan, dukkar Microids opp med spelet Syberia.

Side 1
Side 2

Du vil eg skal gjøre kva?
Grafikkmessig er Syberia eit herleg avbrekk frå det som har vore moten dei siste åra. I staden for å lage eit action-orientert eventyr med grafikk som krever at du har det aller siste innan maskinvare, har Microids tatt ein anna veg. Den gode gamle. Trass i at dette er eit av dei spela med lågast systemkrav eg har sett dei siste åra, er det nydeleg å sjå på. I same gate som Discworld Noir er bakgrunnane førehandsrendra, og alle karakterar er polygonmodellar. Filmsekvensane har omtrent den same kvaliteten som vi er vane med frå Blizzard. Utviklarane har gjort ein fantastisk jobb. Frå hotellverten til automatonen Oscar, har alle blitt modellert med sjarm og innleving.

Hotellverten ser ut som ein gammal bestefartype som du nesten får lyst til å klemme. Så var det Oscar, denne perfeksjonerte mekaniske fyren. I tillegg til å nekte å gå utandørs fordi delane hans vil ruste, så følgjer Oscar reglar og lover slavisk. Ingenting kan skje utan at dei rette reglane blir følgde til punkt å prikke. Men det er ikkje berre karakterane som er gjennomførte. Alle områda i Syberia er sterkt prega av desse mekaniske skapningane. Det meste i Valadilene er automatons, frå døropnarar, til stempel og eit tog som må trekkast opp for å kunne køyre. Det heile er eigentleg utruleg enkelt, men samtidig genialt. I staden for å forurense naturen ved å bruke olje, er det nok med tannhjul, som du trekk opp med ein nøkkel.

Nøklar er og noko av det du ofte må leite etter. Du treng gjerne ein nøkkel for å trekke opp ein automaton slik at du kan gå vidare. I motsetning til ein del andre adventure-spel, så er ikkje nøttene og oppgåvene i Syberia bisarre kreasjonar frå ein sjuk hjerne. Om du gir ting litt tid, så vil du til slutt finne ei logisk forklaring på det meste. Ikkje snakk om å putte eddik i ein kontainer for å få vin om hundre år, nei. Korleis skal du for eksempel få nokre aggressive fuglar til å flytte på seg? Gi dei det dei likar best, bær. Så var det å finne dei bæra då. I tillegg til å ha så å seie alt du kunne ønske av eit adventure-spel, har Syberia og noko som ein del tidlegare spel i denne sjangeren ikkje har: Veldig gode stemmer. Det er ikkje lenger fire-fem personar som har alle stemmene, det høyrest i alle fall ikkje slik ut. Alle karakterane er truverdige, og spelt med sjarm.

I mange tidlegare adventure-spel har eg ofte lagt merke til at mange karakterar høyrest heilt like ut. Slik er det ikkje her. Sjølv om eit par karakterar høyrest litt like ut, druknar dei i flommen av dei fantastiske prestasjonane vi får servert her. Eit eksempel er dei svært så snakksalege lektorane ved eit universitet eit stykke ut i spelet. I lengda kan det bli litt slitsamt å høyre på desse høge herrane snakke om alle moglege fullstendig uinteressante ting, men det pustar liv i karakterane. Musikken i Syberia passar inn perfekt. Den kan til tider overdøyve samtaler, men stort sett held den seg på eit nivå der den berre ligg som eit herleg, stemningsfullt teppe.

Konklusjon
Om eg skal sette fingeren på noko, må det nesten vere at det sluttar for brått. Sjølv om du ikkje forventar at det skal slutte der og då, veg den heilt utrulege avslutningssekvensen opp for det. Det er ikkje berre kvaliteten på bilda, men og dei små detaljane som dannar ei så fantastisk heilheit. For å seie det kort, drunkar dei små ubetydelege feila Syberia måtte ha, i eit hav av kreativitet og sjarm. Eg ser ikkje noko poeng i å legge skjul på at eg har fullstendig forelska meg i dette spelet. Det er nesten litt vemodig å måtte innrømme at eg er ferdig med denne perla. Om du er ein nostalgisk adventure-fan som lengtar sårt etter nye eventyr, så er dette utan tvil årets spel. Syberia er ikkje berre eit svært bra adventure-spel, men eg vil påstå at det er eit av dei aller beste som er laga. Store ord kanskje, men om du ikkje trur meg får du kjøpe spelet eller laste ned demoen av dette mesterverket og finne det ut sjølv. Om du ikkje er einig snakkast vi i forumet.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden