TEST: Astro A50 Wireless 4. generasjon
(Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no)

Det ultimate konsollheadsettet

Astro er tilbake med fjerde generasjon A50. Me har kikka på flaggskipet.

Astro har i mange år blitt rekna som det beste av det beste når det kjem til gaminglyd på konsoll. No for tida er konkurransen blitt meir tilspissa, som gjer at Astro ikkje har heilt same posisjon lenger. 

Fjerde generasjon av trådlause Astro A50 og kabla Astro A40 har tatt turen inn på testbenken vår, som me har sett fram til å teste lenge. Lydmessig er ikkje skilnaden frå førre generasjon veldig stor, men utsjånaden har fått ei lita overhaling, og både dokkingstasjonen og den trådlause teknologien er nokre hakk betre.

Sidan det lanserte i oktober har prisen til A50 variert mellom 3500 og 2400 kroner, og ligg no på 3500. Sannsynlegvis er det rabattar å hente på komande sal, då.

Design og komfort

Astro A50 ser veldig ut som eit gamingheadsett, som førre generasjon gjorde. Det er ikkje det mest moteriktige tilbehøyret, men det er meir anonymt enn tredje generasjon. Astro har finstilt fargane til det betre, og dei har endra litt på festemekanismen mellom klokkene og bøyelen.

Astro leverer to versjonar av A50, ein til Xbox og ein til PlayStation. Dei kjem i ulike fargar, og begge er kompatible med PC.

Det er nok av plast denne gongen òg, men utsjånaden er litt meir smakfull enn før. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det har alltid vore mykje plast på Astro-produkt, og dette er ikkje noko unntak. Mesteparten av konstruksjonen er i enten hard eller mjuk plast, men det er ingen teikn til knirking i konstruksjonen. Ein kan dra og vri i bøyelen utan problem. Det toler nok ein kakk i pulten her og der, men så veldig mange turar i golvet tviler eg på at det taklar.

Komforten er for det meste på topp. Putene er mjuke og gode mot øyrene mine (og du kan skifte dei ut), og det same gjeld puta i bøyelen. Eg syns likevel justeringsmoglegheitene på bøyelen er litt avgrensa, så eg trur dei med store hovud vil kjenne på noko press mot øyrene her. Eg må i alle fall ha A50 heilt utivda med mitt mellomstore hovud.

Dei med små eller mellomstore hovud vil få heilt knall komfort her, men dei med større bør ta ein liten butikktest først. Sjølv merker eg omtrent ingenting press, så ein skal opp nokre storleikar før det blir eit problem.

Samanlikna med konkurrentane er Astro A50 ganske god på komfort. For meg grusar det Sennheiser sin GSP-serie, men til gjengjeld er headsett som Audeze Mobius og SteelSeries Arctis Pro meir komfortable. A50 er blant dei beste, berre ikkje heilt i leiinga.

Tilkopling og knappar

A50 har fire knappar på botnen av høgre klokke. Eit rullehjul som styrer volum, ein knapp som rullerer gjennom ulike EQ-førehandsinnstillingar, ein på-knapp og ein knapp som slår av og på Dolby surround.

Eg bommar sjeldan på knappane, men ChatMix-funksjonen er ikkje heilt som den skal. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det som er mest spesielt er at sjølve dekselet på høgre klokke er laga til å vere to knappar. Der trykker du for å finjustere lyden mellom spel og stemme, litt på same vis som med ChatMix. Det er fort gjort å kome borti ein av dei, og det er litt styr. Eg syns heller ikkje dei er spesielt følsame, for det hender ofte at eg kan trykke på dei utan at det skjer noko.

Tilkoplinga er naturlegvis trådlaus, men ein kan kople headsettet direkte med mikro-USB. Alle andre tilkoplingar skjer gjennom dokkingstasjonen, som har inngang for lading via USB, inngang for mikro-USB til USB, AUX og optisk inn/ut.

Dokkingstasjon

Dokkingstasjonen har alltid vore trekkplasteret til Astros toppmodell. Her kan du sette A50 når som helst for å lade opp batteriet, som gjer at det neppe går tomt for straum nokosinne – så lenge du hugsar å lade av og til. Dei har gjort ladinga meir effektiv enn sist, og det er mindre kvitt støy som følgje av den nye trådlause standarden.

Dokkingstasjonen sparar deg for hovudbry med lading, men kan irritere. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Denne generasjonen er dokkingstasjonen blitt betydeleg mindre enn før, men den har sine veikskapar. Eg syns det er ganske knotete å sette headsettet på dokkingen, for ein må treffe akkurat rett for at det skal lade. Det kjem eit eige lys når den ladar, men det skal ofte fleire forsøk til for å få den i gang. Det er eit irritasjonsmoment.

Etter to veker med bruk har eg ikkje hatt eit einaste problem med tilkoplinga, og eg kan tusle rundt i heile hybelen min utan at lyden forsvinn. A50 er ikkje laga for å brukast over store distansar, men du kan fint ta ein tur frå guterommet til kjøkkenet utan å miste lyden.

Batteriet held koken opp mot femten timar, men så lenge ein har dokkingstasjonen på pulten er det aldri noko ein treng å tenkje på.

Lyd

Komforten med desse putene flyttar mesteparten av fokuset til lyden. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

For å vere trådlaust lever Astro A50 opp til prislappen når det kjem til lydkvaliteten. Det er framleis litt kvitt støy på høgt volum, men drivarane gjer ein veldig god jobb med å reprodusere eit balansert lydbilete. Det er mogleg å spele ganske så høgt, men då må ein drukne ut kvitt støy med musikk. Her oppnår ein likevel mindre støy enn Arctis Pro Wireless på same volumnivå.

Både bass, høgtonar og mellomtonar får rettferdig behandling her. Sjølv om drivarane ikkje heilt kan halde følgje med Audeze Mobius og HyperX-versjonane av Mobius, får ein valuta for pengane opp mot dei fleste andre gamingheadsett.

Eg pleier alltid å køyre kvart testprodukt gjennom den same spelelista med ein god miks av ulike sjangrar, og dette er definitivt blant dei beste opplevingane eg har hatt. Her er det god driv i bassen, og nok nyansar i lydbilete til at detaljar i komplekse songar kjem fram.

Det kan bli litt for mykje av det gode i songar som er veldig basstunge, der ein høyrer litt during, men det er jo dei som likar det òg. I spel kan det vere effektivt til å gi litt ekstra piff til eksplosjonar, og kan hjelpe med å dra deg inn i spelet.

Som mange av dei andre, dyre gamingheadsetta me har testa, er dette best som ein allrounder når det kjem til spel. For skytespel er det betre val for dei som berre vil høyre motstandarar. Men Astro A50 gjer langt frå noko dårleg jobb med det heller, og kombinasjonen av grei yting til slike ting og glitrande lyd elles, er ein vinnande pakke. Surroundlyden er derimot ikkje den beste.

Astro A50 har vore kompanjongen min gjennom ein del av Doom Eternal, og det er ikkje mange gamingheadsett som kunne vore eit betre verktøy der. Monsterbrøl, djent-metall og smell frå dobbelløpa hagler blir presentert i skjønn foreining gjennom 40-millimeter drivarane.

Mikrofon

Mikrofonen er grei nok, men burde ha vore meir forsiktig i korleis den handterer basslydar. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er ofte stor variasjon på lydkvaliteten til mikrofonar blant gamingheadsett i denne prisklassen. Eg er ikkje superimponert av denne, men den er grei nok.

Støydempinga tar vekk ein god del av det mekaniske tastaturet mitt utan at mikrofonlyden blir alt for låg, og det er ingen teikn til skurring. Dei høge tonar blir levert nøyaktig, men volumet er ikkje fullt så høgt som det bør vere.

Eg har ganske djup stemme, og det er openbert at mikrofonen vrenger stemma mi ganske mykje. Resultatet høyrest ikkje spesielt bra ut. Dette er for så vidt ikkje den verste synda ein mikrofon kan ha, men det trekkjer litt ned.

Mikrofonen kan dempast ved å ta den opp, noko eg likar. Det er ein enkel måte å gjere det på, og ein slepp å fikle med små knappar.

Programvare

Astro Command Center gir tilgang til ein femspora EQ. Det er ein haug med førehandsinnstillingar til EQen å hente, og ein har moglegheit for å laste ned førehandsinnstillingar frå andre.

Mikrofonfana lar deg stille på sidetone og volum for mikrofonen, samt å justere støyreduksjonen etter kor mykje støy du har i bakgrunnen. Siste fane gir den som driv med strøyming nokre enkle verktøy, der ein kan justere volum på spellyd, stemme og mikrofon i forhold til kvarandre, som alternativ til Streamlabs eller liknande programvare. 

Astro har laga eit flott produkt, men prisen er litt stivare enn den burde vore.   Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Når ein først finn ut dei ulike innstillingane er programvara oversiktleg nok, men det kunne med fordel vore lettare å finne førehandsinnstillingar frå andre.

Konklusjon

Fjerde generasjon Astro A50 har vore ute i rundt eit halvt år no, og er utan tvil blant dei beste gamingheadsetta du kan kjøpe. Men akkurat no er det òg blant dei dyraste. I mars låg prisen på 2400 kroner ei stund, men no ligg den på 3450. Då er Mobius eit klart betre val for dei på PC. Der hadde eg glatt betalt ein tusenlapp meir for Audeze sitt produkt, og eg syns A50 burde vore ein del under 3000 med tanke på kva veikskapar det har. 

Men til trass for høg pris er A50 vinnaren for konsollspelarar. Mobius har nemleg ein del avgrensingar på PlayStation 4 og Xbox One. A50 er framleis altfor dyr, men det er få andre alternativ til konsollspeling i denne prisklassen. 

Dokkingstasjonen til Astro A50 er særs kjekk å ha, og sikrar at du i praksis aldri går tom for straum. Den vesle irritasjonen med at ein må sette A50 på plass fleire gongar er ikkje noko stort minus. Lydbiletet er balansert, og det er godt med trøkk på både volum og bass. Mikrofonen kunne Astro gjerne pussa litt på, men han er langt frå den verste i klassen.

A50 er behageleg i bruk, og byggekvaliteten er solid nok. Summen er eit headsett i ypparste klasse. Den direkte konkurrenten SteelSeries Arctis Pro må nok sjå seg slått av Astro A50 totalt sett, og sjølv om Mobius held på truna for PC-brukarar med god margin, er Astro A50 vanskeleg å slå til konsollbruk. 

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

Vurdering

8.5/10
Svært godt
"Astro A50 er eit glimrande gamingprodukt for dei som vil betale litt (for mykje) ekstra. "

Pluss

  • Dokkingstasjon sikrar endelaust batteri
  • Flott lydbilete
  • Kraftig bass
  • Komfortabelt
  • Meir smakfullt design enn førre versjon
  • ChatMix

Minus

  • Knotete dokkingstasjon og ChatMix-knapp
  • For dyrt
  • I overkant aggressiv vreng på mikrofonen
  • Kvitt støy ved høgt volum

Kommentarer (4)

Siste Tester

Se alle tester »

Forsiden akkurat nå

Til toppen