Test

Audeze Mobius

Vår første 10/10 til eit headset

Audeze Mobius er unikt.

Carina Johansen

Audeze Mobius er eit gamingheadset ulikt alt anna. Det er framleis få produsentar frå audiofil-verda som har dyppa tåa i gamingmarknaden, men då Audeze først lanserte folkefinansieringskampanjen til Mobius, tok den gamingverda med storm.

Prisen i norske butikkar har strekt seg heilt opp til 5000 kroner, men var nede på 3400 i årets Black Week. Då byrjar det å kome innan rekkjevidd for den vanlege forbrukaren – dersom ein grev litt djupt i lommeboka, i alle fall.

Mobius byr på fantastisk lydkvalitet, både kabla og trådlaust, ein grei mikrofon, flott utsjånad og 3D-teknologi som sporar hovudet ditt og flyttar på lydkjeldene etter korleis hovudet ditt rører på seg. Litt gimmick er det, men òg ganske moro. Summen er eit produkt som er vel verdt den særs stive prislappen. Sannsynlegvis er dette det mest funksjonsrike headsettet du kan kjøpe.

Design og komfort

Audeze Mobius ser ikkje ut som eit gamingheadset, men heller eit audiofilheadset. Det er greitt å vite at ein ikkje må ha RGB på alt her i verda – sjølv om det kan vere fint det òg. Me har fått leike oss med ein versjon dekkja av små detaljar i koparfarge, frå prikkane på øyreklokkene til ledda i bøyelen over hovudet.

Audeze Mobius er eit skikkeleg stilig headset.
Carina Johansen

Det er lekkert. Veldig, veldig lekkert. Produktet er kanskje litt større enn det ein brukar som motetilbehøyr på bussen, men det er i alle fall fint nok. Kunstlærputene i klokkene er blant dei mest behagelege eg har brukt, og klarar på eit eller anna vis å sitte bom fast og vere laust nok til å ikkje presse, på same tid. Det er plenty av justeringsmoglegheiter for alle ulike hovudstorleikar.

Eit innlegg av kunstlær på undersida av bøyelen gjer òg at du ikkje kjenner noko som helst press på toppen av hovudet. Mobius har akkompagnert meg i eit utal lange gamingøkter den siste månaden no, og eg har aldri kjend teikn til å vere ukomfortabel. Både Astro og SteelSeries har litt betre puter, men ingen av dei sit så godt på hovudet som Mobius gjer.

Tilkopling og knappar

Det er ikkje måte på kor mykje funksjonalitet du finn på Audeze Mobius. Alt av knappar og tilkoplingar sit på den venstre klokka, og knappane er enkle å betene. På utsida av klokka er ein brytar du kan flippe opp eller ned for å dempe mikrofonen, mens det sit to volumrullehjul på baksida. Det eine for lyd, naturlegvis, det andre for volumet på mikrofonen din. Slikt ser ein sjeldan. Det einaste eg saknar er ChatMix av noko slag.

Rullehjula for mikrofon og lyd er enkle å operere.
Carina Johansen

Du finn òg knappen som styrer dei ulike 3D-modusane på klokka, som eg skriv om lenger nede i saka.

Av tilkoplingar er det ein port for mikrofonen, ein for AUX-kabel og ein for USB-C. Det følgjer med både USB-C til USB-C og USB-C til vanleg USB i eska, men det greitt å ha begge då både telefonar og berbare datamaskinar ofte kjem med USB-C no for tida.

Mobius har òg støtte for Bluetooth, slik at du kan kople til trådlaust. Det er fint mogleg å ha headsettet kopla til med både USB og Bluetooth på likt, til dømes ved å spele på datamaskinen og ha Mobius kopla opp mot mobiltelefonen samstundes. Naturlegvis er ikkje mikrofonkvaliteten heilt det store når ein brukar Bluetooth, men det er først og fremst ei avgrensing med tilkoplingsteknologien, ikkje Mobius sjølv. Lydkvaliteten er heller ikkje fullt like god med Bluetooth.

Batteriet held koken i underkant av ti timar, og ladinga går kjapt med USB-C-kabelen.

Lyd

Lydkvaliteten er den fremste grunnen til at Audeze Mobius er verd pengane. Den er rett og slett fantastisk. Lydbiletet er utan tvil det beste eg har høyrt frå eit headset retta mot speling. Bassen er kraftig og romsleg, diskanten skarp, men samtidig balansert, og spesielt høgtonane er særs detaljerte. I musikk høyrer eg små detaljar som eg ikkje har lagt merke til før, der rytmane får eit heilt nytt driv. I skytespel blir eg var på lyden av kuler som treff bakken.

Planarmagnetiske drivarar i klokkene sikrar den flate, nøytrale og særs nøyaktige lyden.
Carina Johansen

I programvara kan du rullere mellom lydmodusar for stereo, Hi-res og 7.1-surround. Me har testa eit par Hi-res-kompatible headset før, som på papiret byr på feilfri lydkvalitet, men som det er ganske vanskeleg å høyre forskjell på.

Det er ei sann fryd å køyre gjennom dei faste spelelistene mine, og det er like kjekt å spele Skyrim som Counter-Strike med desse. Eg tar meg sjølv i å legge mykje meir merke til lyden enn eg elles gjer. Speler høgt som berre pokker, gjer dei òg.

Grunnen til den ypparlege lydkvaliteten kjem frå Audeze sin bruk av planarmagnetiske drivarar, som er ein slags mellomting av dynamiske og elektrostatiske drivarar. Kort sagt gjer dette at ein får ein særs nøyaktig lyd, på kostnad av litt mindre bass. For å flytte på nok luft og betre bassen, må ein ha store drivarar. Det betyr ein del meir vekt.

Surround og 3D-audio

Audeze Mobius har den desidert beste implementeringa av virtuell 7.1-surround eg har prøvd så langt. Waves NX-standarden slår både Dolby Atmos og DTS Headphone: X 2.0 ned i støvlane. Dette er til og med betre enn surround-effekten frå Sennheiser-forsterkaren GSX 1000 – som eg elskar, og har brukt i fleire år no. Å bruke Audeze Mobius i spel som PlayerUnknown’s Battlegrounds og Counter-Strike: Global Offensive kjenst nesten som å jukse. Eg veit stort sett alltid kvar fienden er, før han høyrer meg.

Det einaste problemet eg har hatt med Mobius er at 7.1-modusen har ein tendens til å skurre litt når volumet blir for høgt. Allereie på 50 prosent kjem det ulydar. Stereo-lyden er ikkje i nærleiken av å vere like høglydt, så det er godt mogleg at hovudtelefonane rett og slett ikkje taklar å spele så høgt som dei er i stand til. Når eg kjem opp på nivået der det byrjar å skurre er det allereie for høgt til å ha på over lengre periodar, men ein kan skru opp lyden vesentleg høgare.

I og med at ein sjeldan kjem til å spele så høgt er det ikkje noko stort minus, men det drar litt ned.

3D-knappen skrur på modusen for hovudsporing.
Carina Johansen

3D-lyden er gjerne det som fangar auget viss ein les om Audeze Mobius, som me har spart til sist her. Hovudtelefonane måler posisjonen på hovudet ditt tusen gongar i sekundet, og reknar ut korleis du flyttar på hovudet. Med 3D-modusen på, vil du høyre at lydkjeldene flytter på seg, dersom du gjer det same. Snur eg hovudet til høgre, blir lyden flytta over til venstre øyre, som no er framfor lydkjelda. Det blir i praksis det same som å høyre på musikk gjennom ein vanleg høgtalar.

Eg trur nok dette er meir nyttig til studiobruk enn til speling, men det er ein morosam detalj. Viss du har spelt inn musikk og vil ha ein ide om korleis det høyrest ut, utan å gjere naboane døyve, er dette måten å gjere det på. Det er kult i spel òg, men det kjem litt an på kva type spel. Eg har det på i rollespel der det ikkje betyr noko om eg går glipp av ein detalj her og der, men i konkurransespel kan dette bli litt distraherande. Eigentleg så minner det veldig om lydbiletet i VR, for lyden fungerer litt på det same viset der.

Mikrofon

Audeze Mobius kjem med ein boom-mikrofon på svanehals, men i og med at den berre er festa med ein aux-plugg, kan du byte den ut dersom du ønskjer.

Mikrofonen kunne godt hatt litt meir trøkk.
Carina Johansen

Lyden er varm og presis, utan teikn til bakgrunnsstøy. Mikrofonen er likevel den einaste skikkelege veikskapen med Mobius. Sjølv med alt skrudd opp til maks, er det ikkje all verda med volum å skryte av her. Venane dine kjem sannsynlegvis til å måtte skru deg godt opp på Discord for å høyre deg. Du kan unngå dette med å ha mikrofonen heilt inntil munnen, men det er verken behageleg for deg eller dei andre. Du må smake på filt, mens kompisane dine blir servert med ein konsert direkte frå lungene dine.

Eg brukar først og fremst ein ekstern streamingmikrofon når eg speler, så eg har ikkje trengte å nytte meg av mikrofonen. Men viss ein ikkje gjer det, oppstår spørsmålet om ein berre bør investere i eit vanleg audiofilheadset i staden. Det var noko eg tenkte på i maksimalt fem sekund. Deretter kom eg på at; nei, det finst eigentleg ikkje noko liknande som dette der ute, sjølv utan mikrofonen. No skal det seiast at lyden – så lenge den er høg nok – er heilt kanon. Så det er ikkje sikkert du treng å tenkje over det i det heile.

HyperX har riktig nok utvikla eit headset med same 3D-lyden, som me har på testbenken, men det er strengt tatt i ein litt anna prisklasse. Det er ein kopi av Mobius utan Bluetooth.

Programvare

Audeze har den mest spesielle headsetprogramvaren du kjem til å kome borti. Du får naturlegvis ein del EQ-profilar, skreddarsydd for ulike speltypar, musikk, film og liknande, samt innstilling av 7.1-surround, men det er jo ikkje sjeldan vare.

Det som verkeleg stikk seg ut her, er sida om «HRTF»-personalisering. Her kan du definere storleiken på hovudet ditt ved å skrive inn omkrinsen av hovudet ditt, og avstanden frå øyre til øyre. På tide å finne fram målebandet, altså. Lyden blir tilpassa til kor stort hovudet ditt er, så det er viktig å ha dei rette måla viss ein brukar noko anna enn standardinnstillingane.

Programvara til Audeze har nokre unike funksjonar.
Carina Johansen

Du kan òg stille inn «room ambiance», som avgjer kor mykje kunstig klang det skal vere i det virtuelle høgtalarrommet inni Mobius. Her må ein berre prøve seg litt fram, og det er ganske moro å leike seg med modusen. Eg syns det var greitt å skru ned klangen litt for spel som Counter-Strike for å få ein flatare lyd, og heller ha meir klang i spel der innlevingskjensla er viktig.

Som ein liten ekstra gimmick har Audeze òg brukt hovudsporinga til å gjere hovudtelefonane om til ein slags kontroller. Dersom du slår på «head gestures»-modusen, kan du knyte rørsler med hovudet ditt til tastar på tastaturet. Det er ikkje så veldig nyttig samanlikna med mus og tastatur, men gir deg same kjensla som å styre ein figur i eit VR-spel. Sjølv om det er mest underhaldning på dette stadiet, ser eg for meg at dette kan bli spanande viss dei får det til å fungere godt nok. Funksjonen er framleis i betafase, så eg kjem nok til å teste ut dette igjen når det kjem oppdateringar.

Konklusjon

Med ein lanseringspris på 5000 kroner i vanlege butikkar er det naturleg nok lov til å ha høge forventningar til Audeze Mobius. Og dei er så til dei grader innfridde. Til trass for at mikrofonen kunne hatt litt høgare volum og at 7.1-modusen kunne takla at ein speler med meir trøkk, er lydbiletet Audeze Mobius gir deg, rett og slett heilt nydeleg. Eg har ikkje vore borti så god lyd som dette før.

Den virtuelle surroundlyden er reine jukseprogrammet å rekne i skytespel, og 3D-lyden gir deg ei unik innlevingskjensle i einspelarspel og videoinnhald. Du kan sjølvsagt slå av 3D-audio-modusen viss du ikkje vil bruke den, men det er lydkvaliteten og komforten til Audeze Mobius som gjer hovudtelefonane verd pengane. Sjølv til full pris.

Er du ute etter hovudtelefonar i toppklassen og får sjansen til å kjøpe Mobius på rabatt, har eg lite anna å seie enn; køyr på. Spørsmålet ein må stille seg er gjerne om det er like greitt å berre kjøpe eit «vanleg» audiofilheadset med ein ekstern mikrofon, men det finst verkeleg ikkje noko liknande som dette der ute.

Eit produkt treng ikkje nødvendigvis vere perfekt for ein tiar, og Mobius er så mykje betre enn alt anna av gamingheadset at me må nesten fyre på her.

Les også: Har Logitech endeleg tatt opp arva frå G35? »

10
/10
Audeze Mobius
Du finn rett og slett ikkje noko betre gamingprodukt under 10 000.
Fantastisk lyd
7.1-surround på eit nytt nivå
Komfortabel over lengre periodar
Bluetooth-støtte
Grei batterilevetid
Kan bruke hovudet ditt som kontroller
3D-modusen er kjempemoro
...sa eg kor bra lyden var?
Lydsvak mikrofon
Litt bakgrunnsstøy ved høgt volum
Veeeeldig mykje pengar for eit gamingheadset

Siste fra forsiden