Test

Logitech G935 Lightsync

Har Logitech endeleg tatt opp arva frå G35?

Futuristisk design og solid stereolyd i Logitechs årsoppdatering.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det byrjar å bli ein del år sidan folkefavoritten (og min eigen favoritt) Logitech G35 forsvann frå butikkhyllene. Mellomklasse-headsettet bydde på ypparleg komfort og ein kanon surroundlyd til skytespel, men hadde samstundes notorisk svak byggekvalitet. Ein var heldig viss ein i det heile fekk det med seg ut av butikken utan at det knakk.

Etter kvart blei G35-designet flytta ned på billegheadsett som G230, og G930/G630 oppstod. Først med nett det same designet, seinare i eit meir robust, større og tyngre skal. Sidan 2011 har Logitech gjort få endringar på oppskrifta – og årets modell er ikkje noko stort unntak frå tradisjonen.

I første omgang skal me teste den trådlause versjonen, Logitech G935. Denne lanserte i februar til ein pris på 1900 kroner. I utgangspunktet hadde eg tenkt å ta begge, men av ein eller anna grunn fungerte ikkje surroundfunksjonen på den kabla utgåva.

Design og komfort

Eg har ikkje prøvd G9/G6-serien sidan den første generasjonen, men det er kome ein del endringar på Logitech G935 sidan dei sist kvilte på hovudet mitt. Bøyelen er blitt forsterka med metall, RGB-elementa er utvida og kontrollknappane har blitt fleire.

Likevel er det meste kjend. Den største forskjellen frå førre modell, Artemis Spectrum, er at Logitech har roa ned Star Trek-viben ein del hakk. Linjene på klokkene og bøyelen er erstatta med nokre enkle strekar, som legg ein dempar på «gamer»-preget. Eg vil ikkje påstå at det er heilt i rekkjene av det smakfulle endå, men det nærmar seg.

Den reflekterande overflata på armen som held klokkene er eit fint tilskot, og måten mikrofonen kan brettast fullstendig inn i hovudtelefonane slik at ein ikkje ser den i det heile, er òg noko eg set pris på. Men det er teikn til gamle synder her.

Designet er litt mindre smaklaust enn før.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Hovudtelefonane er framleis nett like tunge som G930 var då dei først kom, som var mitt største problem med dei. Putene på klokkene er av det same behagelege stoffet som me finn blant anna på SteelSeries sin glimrande Arctis-serie, men på grunn av vekta til G635 og G935 kan desse blir ubehageleg å ha på seg i lengda. Sjølv om dei pressar mindre mot øyrene enn tidlegare versjonar, tar det ikkje meir enn ti minutt før eg kjenner ubehag i nakken av å ha hovudtelefonane på. Dette er sikkert ein vanesak, men i løpet av ei veke med bruk fekk eg meg verkeleg ikkje til å gløyme det. G935 veg totalt 379 gram – som er eit stykke frå det tyngste på marknaden –, men det er noko med vektbalansen som gjer at eg kjenner det spesielt mykje i nakken.

Byggekvaliteten stiller eg meg òg skeptisk til. Desse er riktig nok langt meir robuste enn G35, men store delar av konstruksjonen består av tynn og tilsynelatande skrøpeleg plast. Eg stolar ikkje på at desse toler ein tur i golvet. At dei er meir robuste enn G35 er heller ikkje noko stort kompliment. Det er finst 95-årige hofter med beinskjørheit som toler meir.

Tilkopling og knappar

Knappane er nyttige, men dei kunne gjerne vore fordelt utover klokkene slik at ein ikkje trykker feil.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

I sann Logitech-tradisjon er det definitivt ikkje noko mangel på knappar på Logitech G935. Som før kjem headsettet med tre makroknappar på den venstre klokka, saman med ein knapp for å dempe mikrofonen og eit rullehjul for volumet. På toppen er det ein på-knapp, men merkeleg nok ingenting på høgre klokke. Det er lett å trykke feil når det så mange knappar trengt saman på den eine sida, så dei kunne godt fordelt dei utover.

Av tilkoplingar er det ein USB-inngang og ein for 3.5mm. Sjølve USB-sendaren for den trådlause funksjonaliteten har ei eiga lomme under lokket på den eine øyreklokka, der ein kan ha den mens headsettet ladar via den vanlege USB-kabelen.

Rekkjevidda er grei, og lyden haldt seg på same kvalitetsnivå rundt i heile leilegheita mi (den er riktig nok ikkje spesielt stor). Headsettet taklar i alle fall fem-seks meter pluss nokre veggar utan at forstyrringar slår inn på lydkvaliteten.

Batteriet held stand i rundt ti timar før det må ladast.

Lyd

Til tross for byggekvalitet og komfort var lyden grunnen til at eg kom tilbake til G35 gong på gong (samt at det faktisk var komfortabelt då – det er ikkje dette i same grad). Lyden har dei definitivt haldt stand med. I musikk held desse glatt følgje med andre gamingheadsett i same prisklasse, og dei speler med respektabelt volum på maks. Det er god kick i diskanten, og lydscenen er klar. Driverane slit litt med dei høge frekvensane og bassen kan bli litt grumsete, men ikkje meir enn ein kan forvente av eit gamingheadsett.

Dette skjer takka vere ein ny driver frå Logitech: Pro-G, ein 50mm driver som skal by på monaleg betre lydkvalitet sidan førre generasjon. Lydkvaliteten tener meg like godt gjennom ei økt med headbanging til den nye plata frå Periphery som det gjer gjennom nokre skriveøkter med klassisk musikk i bakgrunnen. Koplar eg til ein forsterkar med 3.5-jacken får eg lett dobla maksvolumet, og lydkvaliteten når nye høgdar.

Musikk er altså null problem for G935, men kva med gaming? Grunnen til at eg kjøpte G35 heile fire gongar var utan tvil surroundlyden. I Call of Duty 4: Modern Warfare var det ingen andre virtuelle surroundheadset som kom i nærleiken, og eg kunne høyre fiendar på den andre sida av kartet. Sidan den gong har konkurransen spissa seg til enormt, så held G935 stand?

I musikk er ikkje surround-effekten heilt det store, men det er langt frå uvanleg blant virtuelle 7.1-headsett. Fyrer eg opp Counter-Strike: Global Offensive med surround-effektane på, er diverre resultata der heller skuffande. Poenget med 7.1 i skytespel er vel først og fremst å få ein fordel med å kunne høyre kvar fiendane er betre, men denne implementeringa av 7.1 er ikkje spesielt nyttig. Eg høyrer godt kvar folk er frå sida, men framfor meg er det vanskeleg å seie kvar fiendane er. Programvara har ein del ulike forhandsinnstillingar som ein kan bruke for å finne den rette balansen, utan at nokon av dei utmerka seg som betre enn å ha headsettet i stereo. Frontkanalane i øyreklokkene får ikkje spele ei stor nok rolle, som gjer at verdien i skytespel er avgrensa.

Mikrofonen fungerer til stemmechat, men er langt frå bra nok til streaming.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Til film og video er saka ei anna, der surroundeffekten får meir å leike med. Det same gjeld andre typar spel der presisjon ikkje er like viktig, og ein heller vil stille EQen til tyngre bass og meir fylde i lyden enn i eit skytespel.

Mikrofon

Gamingheadsett over tusenlappen har generelt gode mikrofonar, og G935 held nokolunde følgje. Lyden er klar og skarp, men den gjer stemmen min vesentleg meir nasal. Volumet er òg ganske avgrensa, og mikrofonen byrjar å skurre viss eg skrur opp boost-nivået. Heldigvis tar den ikkje opp pusting sjølv om den sit ganske nærme nasen min, og den gjer ein heilt grei jobb med kommunikasjon over Discord og liknande. Totalinntrykket er likevel at denne ikkje heilt klarar å matche konkurrentane på lydkvalitet.

RGB og programvare

Logitech har alltid satsa hardt på programvaresida, og nye Logitech G Hub er kanskje det fremste dømet på dette. Her er det ingen andre som når opp. Dei har gjort programvara endå meir oversikteleg, slik at eg finn fram til funksjonane eg treng utan å leite.

RGB-elementa på baksida av klokkene og logoen stillast enkelt med eit fargehjul og nokre ulike modusar for pusting, fargesyklus og ein statisk effekt. Blant dei meir fancy modusane har dei utvikla eit verktøy som gjer at du kan trykke på fargar som visast på skjermen din – om det så er i eit spel eller i nettlesaren – så vil RGB-elementa vise same farge som dei. Alternativ to er ein modus som skiftar fargane i takt med kva lyd som spelast.

Logitech G Hub er årets fremste innovasjon på programvarefronten, som lar deg effektivt stille på alt av funksjonalitet.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Av makrofunksjonar er det òg latterleg mykje å velje mellom. Knappane på klokkene kan programmerast til vanlege museknappar, til å opne program, endre lys på headsettet eller ein kan velje mellom ei lang rekkje ulike kommandoar for å justere EQ på farta. Knappane kan til dømes settast til å slå opp og ned på bass, diskant, eller rullere mellom forskjellege EQ-forhandsinnstillingar.

Dei siste to sidene i Logitech G Hub lar oss styre nettopp EQ, som byr på fleire nyttige innstillingar for ulike typar spel. I same slengen er det ei handfull ulike modusar for surround-lyden, der nokre er best til skytespel og andre til film og musikk.

Konklusjon

Med ny driver og betre stereolyd samt nokre minimale designendringar er Logitech G935 eit greitt produkt. Det kjem ikkje til å vinne prisar, men det er heller ikkje dårleg. Prisen på oppunder 1800 kroner gjer likevel at andre gamingheadsett som HyperX Cloud Mix er langt betre val enn dette.

Eg kan ikkje seie noko sikkert om byggekvaliteten utan å smelle det i golvet – og det er kanskje ikkje så lurt –, men eg tviler på at det held lenge. Komforten er heller ikkje heilt der den skal vere, då ein under lengre økter kjenner på både smerter i nakke og at bøyelen gneg seg inn i hovudbotnen.

Stereolyden er rein og kraftig, med eit respektabelt volumnivå. Surroundlyden fungerer òg godt i film, men slit med å nå opp til dei betre løysingane for virtuell 7.1-surround når det kjem til presisjon i skytespel og liknande. Logitech G Hub gjer opp for ein del av minusa, men det er langt frå det viktigaste omsynet ved kjøp av hovudtelefonar. Det same gjeld RGB-lyset. Om det var eit tastatur hadde eg kanskje gitt Logitech pluss i boka for kule RGB-modusar, men når det gjeld headsett har det strengt tatt ingen praktisk betydning. Ein vil uansett ikkje kunne sjå RGB-lyset med G935 på hovudet.

Sjølv om trådlause gamingheadsett i toppklassen pleier å ligge rundt dette prissjiktet, ser eg ikkje heilt grunnlaget for å handle nye G935 samanlikna med konkurrentar til same pris. Summen er eit heilt ok produkt som gjer jobben det skal, men som likevel manglar på både komfort, lyd og byggekvalitet. Logitech har heva nivået på visse områder samanlikna med G35, men ærleg talt hadde eg heller brukt det enn dette.

Les også: E-sportlyd med Bluetooth-støtte »

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
6
/10
Logitech G935
G935 leverer stereolyd av kvalitet, men har klare manglar på andre områder.
Fenomenal programvare
God stereolyd
Ekstra makroknappar
Lang batterilevetid
Ukomfortable ved bruk over lengre periodar
Varierande kvalitet på surroundlyden, spesielt til skytespel
Tvilsam byggekvalitet

Siste fra forsiden