Test

HyperX Cloud MIX

E-sportlyd med Bluetooth-støtte

HyperX oppgraderer gaminghovudtelefonane sine for dei på farta.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

HyperX har etablert seg som ein av dei største selskapa innan gaminglyd dei siste åra. Produkta deira har funne vegen til heimane rundt i det ganske land, samt som fast inventar på det meste av e-sportkonkurransar. HyperX sin Cloud-serie av hovudtelefonar er blant dei mest populære, som byr på god lyd, komfort og grei mikrofonlyd til ein fornuftig penge.

Reint prismessig bryt nye HyperX Cloud Mix med dette prinsippet. Denne må me ut med to tusenlappar for, men samstundes får me trådlaus tilkopling via Bluetooth, Hi-res-sertifisering for lydkvalitet og ein konstruksjon med redusert vekt.

Design og komfort

Visuelt er det nokre små detaljar som skil nye Cloud Mix med Cloud II. Saumen på lærputa oppå bøyelen er vekke som gir ein meir stilrein utsjånad, og plasttuppen på aluminiumsrammene er fjerna. HyperX-logoen kjem òg i sølv i staden for raudt.

Dette gjer at hovudtelefonane mistar litt av gaming-preget, men elles er eigentleg det meste identisk med førre versjon. Cloud Mix skal vere hovudtelefonar ein kan bruke på farta, om det så er mens ein ventar på bussen eller er ute og tar ein spasertur. Mikrofonen tas enkelt av, slik at me sit igjen med nokre relativt anonyme hovudtelefonar som fint kan brukast i det offentlege.

HyperX har skrudd ned litt på gamingfaktoren, men mykje er framleis likt.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Cloud-serien er definitivt blant dei mest behagelege gaminghovudsetta, og Mix er ikkje noko unntak. Kunstlærputene kvilar fint mot hovudet med minimalt press, utan at dei kjem borti øyret. Det einaste eg har å klage på er at bøyelen gneg seg litt inn i hovudbotnen under lengre økter, men etter eit par dagar venna eg meg til det. Cloud Mix er òg blitt marginalt lettare enn dei andre produkta til HyperX, med ei vekt på berre 260 gram utan mikrofonen.

Med mellomstort hovud sit klokkene fast, og justeringsmoglegheitene gjer at det er ein del å gå på. Eg vil tru dette vil passe alle hovudstorleikar. Klokkene kan justerast via ti ulike hakk, der kvart hakk er rundt ein centimeter. Konstruksjonen har òg ein del fleks å gå på, slik at ein kan dra mykje i hovudtelefonane før det blir noko særleg med motstand. På same vis som dei andre hovudtelefonane i Cloud-serien er altså byggekvaliteten eit stort pluss her.

Tilkopling og knappar

For å byggje vidare på Mix som eit allroundprodukt har HyperX inkludert Bluetooth-tilkopling, slik at ein kan bruke det med mobiltelefon eller laptop utan å tenkje noko over leidningar. Kopla til telefonen kan du vente 10-15 timar med batterilevetid. Den høgre øyreklokka har eigne knappar for volumjustering og ein dempeknapp for den innebygde mikrofonen.

Kontrolleren er av det enkle slaget.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Kabelen kjem med ein enkel kontroller for volum og demping av den mikrofonen når ein har hovudtelefonane kopla til via 3.5-millimeterport. Tilkoplingskabelen har òg ein ekstra utvidingskabel på to meter, slik at sjølv utan å bruke Bluetooth har ein nesten tre og ein halv meter å boltre seg på. Sjølv om det ikkje er spesielt dyrt å kjøpe ein ekstra kabel, er dette eit pluss i mi bok.

Det som irriterer meg her er at knappane på øyreklokka berre fungerer i Bluetooth-modusen. Viss Cloud Mix er kopla inn med 3.5-millimeterkabelen må eg bruke kontrolleren, som verkar litt tungvint.

Lyd

Men over til det me bryr oss mest om. Lyden. Komfort og lyd er det som er viktigast for hovudtelefonar, og det gjeld dobbelt for gaminghovudtelefonar som må kunne takle musikk, film og tv saman med å ha evna til å stillast slik at ein kan høyre fotstega til fienden som luskar rundt neste hjørne.

HyperX Cloud Mix har fått Hi-res-sertifisering som betyr at driveren støttar lydfrekvensar mellom 10 og 40 000 hertz. Eg har testa to andre gaminghovudtelefonar med slik sertifisering, og som før skal det nok mykje til for å høyre noko faktisk forskjell. Hi-res gjer at hovudtelefonane skal kunne køyre 96 kHz-musikk, men for speling er det så vidt eg veit ingen spel som faktisk støttar dette.

Knappane på øyreklokka kan berre brukast i Bluetooth-modus.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Når det kjem til musikk køyrte eg Cloud Mix gjennom ei speleliste med ein lett blanding av ulike typar musikk, med alt frå rap, klassisk musikk til djent – og ein del derimellom. Hovudtelefonane klarte seg stort sett godt. Diskanten er nøyaktig utan for skarpe kantar, det er grei driv i bassen, og lydbiletet er forholdsvis klart. Derimot slit driveren med å få fram detaljar i musikk med komplekst lydbilete, og eg fekk litt det same inntrykket når eg kopla Cloud Mix til Xboxen for å sjå ein episode av Game of Thrones på BluRay. Replikkane er skarpe og klare, men med ein gong det blir litt action så held ikkje driveren heilt følgje. Lyden er betre enn det me finn i til dømes Cloud Alpha og Cloud II, men der dei to gir veldig mykje for pengane i sin prisklasse, er Cloud Mix langt mindre imponerande samanlikna med sin konkurranse. Eg ville mykje heller investert i til dømes Sennheiser GSP 600 enn dette når det kjem til lydkvalitet til film og musikk.

Hi-res-sertifisering er eit av funksjonane HyperX lokkar med.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Volum er òg noko som det skortar på. Eg saknar moglegheita til å fyre opp litt ekstra guff, men då må ein ha eit eksternt lydkort eller ein amp. HyperX tilbyr nettopp dette – som kjem med virtuell 7.1, men denne har eg ikkje fått testa. I staden kopla eg Cloud Mix til Sennheisers GSX1000, og då blei inntrykket med eitt heilt annleis. Likevel blir det dyrt å kjøpe amp til hovudtelefonar som allereie kostar 2000, og det gjeld dobbelt når ein finn konkurrentar som kan gjere det betre – spesielt når «vanlege» hovudtelefonar vil by på endå betre lyd.

Men kva med spel, då? Eg tør påstå at HyperX er mest kjend for god lydyting i skytespel, og her er ikkje Cloud Mix noko unntak. Men igjen er forskjellen ned til dei andre Cloud-hovudtelefonane så små at eg ikkje heilt ser poenget. Ein stor del av prisforskjellen går utan tvil på Bluetooth-tilkoplinga, så eg køyrte gjennom dei same testane på både mobilen min og på ein gaminglaptop. Lydkvaliteten held definitivt koken over Bluetooth og det er ingen teikn til skurring når eg slår av musikk og liknande. Likevel ser eg ikkje heilt at dette skal vere nok til å forsvare ein pris på 2000 kroner. Til dømes vil SteelSeries Arctis 3 Bluetooth til berre 1200 kroner gi langt, langt meir for pengane enn det Cloud Mix gjer. Lydkvaliteten er ikkje fullt like bra, men forskjellen er ikkje så stor at eg ville betalt noko særleg meir enn nokre hundrelappar ekstra. Er eg ute etter betre lydkvalitet med Bluetooth kjøper eg heller noko som ikkje er retta mot gamingmarknaden, og kombinerer det med ein ekstern mikrofon.

Mikrofon

For å teste mikrofon pleier eg å ta nokre opptak i Audacity, samt få med ein kompis for å samanlikne på Discord. Her har eg testa Cloud Mix opp mot blant anna SteelSeries Arctis Pro, Sennheiser GSP600 og nokre Blue-mikronar for å sjå kor langt unna me er god nok kvalitet for å bruke dette til streaming og liknande.

Boom-mikrofonen er utan tvil eit høgdepunkt her. Stemmen min blir noko meir nasal enn den gjer med dei dyrare streamingmikrofonane, men Cloud Mix matchar fint kvalitetsnivået til Arctis Pro som har ein av dei klart beste mikrofonane på marknaden blant gaminghovudtelefonar.

Hovudtelefonane kjem med utvida ledning, boom-mikrofon og ein praktisk berepose i filt.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Ikkje overraskande er den innebygde mikrofonen langt svakare, og leverer grei lyd til telefonsamtalar og slikt, men ikkje så mykje meir enn det.

Konklusjon

Det er liten tvil om at HyperX Cloud Mix er for dyr. 2000 kroner er ein stiv pris for hovudtelefonar som eigentleg er omtrent identiske til dei andre produkta under Cloud-namnet. Eg set pris på at desse er lettare og har fått marginalt betre lydkvalitet, men berre det er ikkje nok til at eg vil betale ein tusenlapp ekstra for produktet.

Bluetooth-støtte er veldig kjekt for dei som vil ha noko dei kan bruke både til gaming og til kvardagsbruk, men det finst strengt tatt betre løysingar der ute for slikt. Målgruppa for dette produktet blir difor noko snever, og for dei fleste vil dei andre Cloud-produkta vere eit langt betre val.

Dette er sjølvsagt eit solid produkt – som karakteren reflekterer –, men det passar ikkje heilt inn i det prissjiktet det finn seg i no. Kjem dette på sal til 1500 kroner eller under så seier eg køyr på, noko det sannsynlegvis vil gjere utpå hausten.

Interessert i å lese meir om gaminghovudtelefonar? Sjå oversikt over våre testar her»

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
7
/10
HyperX Cloud MIX
HyperX leverer eit godt produkt, men til feil pris.
Solid byggekvalitet
God lydkvalitet
Bluetooth med lang rekkjevidde og batterilevetid
Fletta kabel med utviding
Behagelege øyreklokker
Altfor dyr
Kan bli ubehageleg ved bruk over lengre periodar på grunn av bøyelen
Knappane på øyreklokka fungerer berre i Bluetooth-modus

Siste fra forsiden