Test

Gigabyte Radeon RX 6900 XT Gaming OC

Klarar flaggskipet til AMD å slå Nvidia?

Me har hatt nokre veker med det nye beistet.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
Side 1
2: Speltestar

Det er veldig mange år sidan konkurransen i skjermkortmarknaden var så spissa som den er no. AMD sin RDNA 2-arkitektur er den beste serien med skjermkort dei har hatt på årevis, og det fører endeleg til at Nvidia sveittar litt.

Lanseringa av både RDNA 2 og Ampere har for så vidt vore reine fiaskoane å rekne, for det er umogleg å få tak i korta frå verken den eine eller det andre. Dyre er dei òg. Men når tilgjengelegheita – håpar me – før eller seinare plukkar seg opp, vil det vere mange gode kjøp å gjere.

Me har testa nokre av skjermkorta til Nvidia, og blei spesielt imponert av RTX 3080. No har turen endeleg kome til AMD. Me har hatt Gigabyte sitt RX 6900 XT Gaming OC-skjermkort i testbenken vår i ei vekes tid, og fått tid til å køyre det gjennom ei rekkje spel.

Skjermkortet kjem med 16 GB GDDR6 videominne, boostklokkehastigheit opp mot 2285 MHz (35 MHz meir enn referansekortet) og 5120 «stream»-prosessorar. Veslebror RX 6800 XT har 4608. Norsk pris på kortet er venta å bli 13 500 kroner, så det er altså eit stykke opp til prisen på konkurrenten RTX 3090. Førebels har ProShop kortet til sal for 14 500 kroner, som kan bety at den anbefalte prisen for Gigabyte blir ignorert.

Sjølv om AMD slit med ytinga i strålesporing, er dei ikkje så langt unna når det kjem til ytinga elles. Me skreiv i vår test av RTX 3090 at det var altfor dyrt til å vere verd å kjøpe, så no tar me ein kikk på flaggskipet til AMD i staden.

Design

Gigabyte har ikkje gjort store endringane på det klassiske designet deira. Kjølaren har tre vifter og omtrent den same utsjånaden som Ampere-varianten av Gaming OC. Framsida er i svart og grått medan bakplata kjem i sølv og svart.

Designet vinn neppe prisar, men det ser heilt greitt ut. Det er sikkert mange som kan setje pris på at det er relativt anonymt samanlikna med mange andre design. Dette gjeld òg RGB-elementa, for det er berre litt lys i sjølve logoen på sida av kjølaren.

TRYGT OG GODT: Gigabyte har ikkje gjort noko særleg med utsjånaden.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Kjølaren er forholdsvis tjukk av seg, men kortet er monaleg mindre enn dei fleste av Nvidia sine tredjepartskort. Det er kjekt for dei som ikkje har så store kabinett. Både Turing- og Ampere-korta tar opp mykje plass i kabinettet, og sjølv måtte eg fram med baufil for å få plass til siste generasjon. Det slepp ein her.

Gaming OC-utgåva måler 28,6 centimeter i lengda og 11,8 centimeter i høgda.

Av tilkoplingar finn me to DisplayPort-portar og to HDMI-portar. Dette er første gong eg har testa eit skjermkort med doble HDMI-portar, noko eg gjerne ser andre gjere. Det er veldig kjekt viss ein har VR-utstyr liggande. Elles kjem skjermkortet med tre ulike 8-pin straumkontaktar, så hugs på å skaffe ein ekstra PCI-e-kabel viss du ikkje har det frå før.

Yting

AMD sitt 6900 XT-kort er mynta på speling i 4K og produktive oppgåver. Det klarar det fint. Testane våre viser at det når den magiske 60-grensa i 4K i ei rekkje ulike spel, og knuser alt i 1440p og 1080p. I7-8700k-prosessoren er ein klar flaskehals i både 2560x1440 og 1920x1080, men så treng ein heller ikkje eit kort som dette for å spele i dei oppløysingane. Unntaket er skjermar i 1440p med høg oppdateringsfrekvens.

Dette er altså skjermkortet for dei som speler på 4K-skjerm eller 1440p-skjerm med oppdateringsfrekvens på 144 hertz eller meir. Det som overraskar meg er at RX 6900 XT gjer det veldig skarpt samanlikna med konkurrentane i nettopp 1080p og 1440p, som forsterkar inntrykket av at 1440p og 144 hertz er ein fin kombinasjon her.

1440P-BEIST: Sjølv om det klarar seg i 4K, går det nok ein generasjon til før me får kort som taklar alt uansett. Men det har me i alle fall til 1440p.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Resultata frå testinga vår er litt over alle haugar. I 4K er RTX 3090 stort sett best, medan RX 6900 XT og RTX 3080 bytar på å yte betre. 6900 XT utklasserer Nvidia i Borderlands 3, Assassin’s Creed og Horizon Zero Dawn, men då både Borderlands 3 og Assassin’s Creed er utvikla i samband med AMD, skulle det eigentleg berre mangle at dei vinn der.

Inntrykket mitt er at RTX 3080 førebels er det ein bør investere i. RTX 3090 er latterleg dyrt med tanke på kor liten skilnaden til dei to andre eigentleg er, samstundes som RTX 3080 i snitt er omtrent likt som RX 6900 XT. Det hjelper òg på at RTX 3080 kostar opp mot 5000 kroner mindre, og at Nvidia slår AMD på ekstra funksjonalitet.

Dei nye AMD-skjermkorta kjem endeleg med støtte for strålesporing, men slit med å halde følgje med Nvidia. Med strålesporing i Control i 4K har RTX 3090 nesten dobbel biletefrekvens som 6900 XT, medan 6900 XT ligg rundt 26 prosent bak RTX 3090 i Shadow of the Tomb Raider.

AMD har heller ikkje støtte for DLSS, som gjer at dei fell endå lenger bak. Eg meiner Cyberpunk 2077 er det første nye spelet som drar nytte av strålesporing så bra at det er verd nedgangen i biletefrekvens, men der har ikkje AMD-korta fått støtte enno. Med tanke på at RTX 3090 dippar ned på 20-talet i 4K utan DLSS, og når godt over 60 med det, så trur eg det er trygt å seie at AMD vil ligge langt bak viss det kjem.

Testane er gjort på ein PC med ein i7-8700k-prosessor klokka til 4.9 GHz, ein kjapp nVME-SSD og 16 GB med 4.4 GHz DDR4-minne. Resultata ville nok vore hakket meir i 6900 XT sin favør i 1080p og 1440p med den nyaste generasjonen av Ryzen-prosessorar, men eg legg mest vekt på 4K her. Der er skjermkorta fullt og heilt flaskehalsen, og RX 6800 XT gir langt meir for pengane i 1440p og 1080p enn det RX 6900 XT gjer.

«Smart Access Memory» kunne nok òg vore ein faktor i AMD-optimaliserte spel, då til dømes nye Assassin’s Creed: Valhalla kan få ei ganske betydeleg auke i biletefrekvens med dette. Det har me heller ikkje fått testa.

Overklokking

Gigabyte sitt Gaming OC-kort held ein særs høg klokkehastigheit ut av eska. Utan å gjere nokon ting boostar kortet opp til 2500 Mhz, og minneklokkehastigheita opp mot 2055 MHz. Det er allereie langt over kva Gigabyte skriv at kortet klarar.

Det gjer at det har vore relativt lite rom for overklokking for meg.

BAKPLATE: Designet er relativt likt som førre generasjon Gaming OC.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Etter nokre timar med stresstesting fekk eg klokkehastigheita stabil på 2579 MHz, med minnet klokka til 2140 MHz. Det er litt meir enn før, men sjølv om eg har moglegheit til å skru opp straumgrensa med 15 prosent ved å overklokke, fekk eg veldig lite ut av det i spela eg testa. Den største auka kom i Horizon Zero Dawn, der biletefrekvensen gjekk opp med to i 4K. Ikkje all verda, altså. Det har nok mest med at Gigabyte allereie har pressa mykje ut av kortet.

I Middle-Earth: Shadow of War fekk eg éin ekstra FPS, og i The Witcher 3: Wild Hunt var det ingen forskjell.

Dette er eigentleg greitt for dei som ikkje vil styre med manuell overklokking. Elles kan «silisiumlotteriet» vere ei forklaring for at eg ikkje får hente meir ut av kortet, då det er litt tilfeldig kva skjermbrikker som overklokker best. Om me har ein svak eller god brikke er umogleg å vite.

Straumforbruk, temperatur og støynivå

Både AMD og Nvidia sine toppkort krev ei kraftig straumforsyning, men 6900 XT drar litt mindre straum enn det RTX 3090 gjer. På det meste drog kortet 322 watt frå veggen, som gjer at ei straumforsyning på 750 watt bør fungere fint. Med overklokking var kortet oppe på 360 watt.

AMD anbefaler 850 watt, men då er det ein ganske stor tryggleiksmargin. Men skal du først kjøpe ny, ville eg høyrt på AMD. Straumforsyninga er verkeleg den siste staden ein bør spare pengar når det kjem til PC-bygg.

Kjølaren til Gigabyte sørgar for at temperaturen stoppar på 76 grader under last, og 82 grader når kortet er overklokka. Det er vel ein smule under kva referansekjølaren til AMD klarar. Vifta spinn opp mot 2150 omdreiingar i minuttet ut av eska, så kjølaren sveittar ein del med å halde varmen nede.

Eg er heller ikkje så veldig imponert over støyen. Sjølve vifta produserer berre i underkant av 40 desibel under full last, men av og til kjem det ein ubehageleg kvinelyd frå spolane i skjermkortet.

Det har vore eit par tilfelle der lyden har vore skikkeleg høg. Det kjem òg jamleg ein låg kvinelyd når ein rullar på musehjulet. Dette er visstnok eit vanleg problem med AMD-skjermkort, så eg er litt usikker på om eg berre har hatt uflaks med mitt eksemplar eller ikkje.

Konklusjon

Radeon RX 6900 XT Gaming OC er ein suksess for AMD. Det er eit langt betre skjermkort enn kva den førre toppmodellen deira var, og er klart betre enn Nvidia i spel som er utvikla i samband med produsenten. Ser me vekk frå strålesporing er RX 6900 XT er relativt jamn med Nvidia sitt RTX 3080 i andre spel, og generelt noko kraftigare.

ENERGIEFFEKTIV: Du treng 3 8-pin-kablar for å bruke skjermkortet, men det brukar mykje mindre straum enn konkurrentane.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg trur likevel at RTX 3080 vil vere ei betydeleg lurare investering for dei fleste. Så lenge du ikkje treng det ekstra skjermminnet, vil RTX 3080 nesten levere same yting til ein mykje lågare pris. I alle fall til kva RTX 3080 lanserte for. No er prisen rett nok monaleg høgare.

Legg du til DLSS, NVENC-kodeken og Nvidia sin Broadcast-applikasjon i potten, så er det vanskeleg å slå det grøne laget. Gigabyte-versjonen kan skilte med imponerande energieffektivitet og forholdsvis lågt støynivå, men høg temperatur og den irriterande spolekvine-lyden kjem i vegen.

Det er definitivt rom for RX 6900 XT i marknaden, men eg tenkjer at viss ein først har råd til å gå opp ein prisklasse frå RTX 3080, så er det kanskje like greitt å gå opp på RTX 3090 i staden. Den vesle leiinga AMD har med Smart Access Memory vil òg bli utjamna når Nvidia kjem med sin eigen variant. Generelt sett er både RX 6900 XT og RTX 3090 lite fornuftige investeringar når det kjem til kva du får for pengane. Men er du ute etter mest mogleg yting, utan å tenkje på pris, kan dette vere noko for deg. Sett at du ikkje vil bla opp fem lappar til for 3090, da.

Førebels er det omtrent umogleg å få tak i nokon av desse korta, men skal du først kjøpe noko, ville eg hoppa over flaggskipet til AMD. Sjå heller på RTX 3080 eller RX 6800 XT.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

7
/10
Gigabyte Radeon RX 6900 XT Gaming OC
AMD er betre enn på årevis, men fell litt mellom to stolar mot 3090 og 3080.
Høg energieffektivitet
Fantastisk 1440p-yting
Mykje videominne til produktive oppgåver
Relativt støysvakt
Praktisk med 2x HDMI-utgangar
Irriterande spolekvin
Varmt
Dyrt
Side 1
2: Speltestar

Siste fra forsiden