Test

Glorious Model O Wireless

Eit tilnærma perfekt produkt

Produsenten har overgått seg sjølv.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det byrjar å nærme seg tid for ein ny samletest av gamingmus for oss på Gamer.no. Det betyr at me må ta igjen litt tapte produkt frå dei siste månadane. Museprodusent Glorious har levert til gode karakterar her hos oss sidan dei kom med Model O i slutten av 2019, og lanserte ein trådlaus versjon av Model O til 1000 kroner i sist november.

Sjølv med ein skolissekabel som er særs lett og mjuk, er det noko heilt anna å bruke musa utan noko som helst form for kabel. Me har allereie skrive mykje om forma, knappane og bruken i vår tidlegare test, som de kan lese meir om der. I denne testen fokuserer me på endringane, og hoppar over eit par av våre vanlege kapittel.

Design

Model O er ei mellomstor og lett gamingmus med bikakedesign. Det betyr at kroppen er dekkja av små hol for å redusere vekta, samstundes som ein ofrar noko av byggekvaliteten. Glorious har slite med ryktet sitt på grunn av ein del rusk med kvalitetskontrollen, men det er ikkje noko eg har merka så mykje til sjølv.

Sjølv om denne typen produkt knirkar litt meir enn «vanlege» gamingmus, er det få teikn til svak kvalitetskontroll på mitt eksemplar. Faktisk verkar det som denne er litt meir solid enn førre utgåve. Det kan vere tilfeldig, for det er små forskjellar mellom kvar produktbatch, men det er uansett eit godt teikn.

LETT: Glorious Model O Wireless er knapt tyngre enn forgjengaren. Det er imponerande for ei trådlaus mus.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Forma er relativt lik legendariske Zowie FK1, med ambidekstriøst design og ein låg konstruksjon. Model O Wireless ligg difor veldig bra i handa. Les gjerne meir om dette og knappane i vår test av Model O.

Skilnadane samanlikna med førre versjon er eigentleg berre vekta og mangelen på kabelen. Problemet med trådlause mus har generelt vore at dei veg langt meir, men det er på ingen måte noko sak her. Den kabla versjonen veg 68 gram medan denne veg knappe tre gram meir. Forskjellen er så liten at den er ubetydeleg.

Låg vekt er viktig på mus som dette som er mynta på konkurransespeling, og med sine 71 gram er dette eit av dei lettaste trådlause produkta på marknaden. Faktisk den nest lettaste etter Logitech sin G Pro X Superlight. Det er difor ingen grunn til å kjøpe den kabla versjonen av Model O lenger, anna enn for å redusere trykket på lommeboka.

Tilkopling og sensor

KUTTA KABEL: Etter ei fastvareoppdatering er sensoren og tilkoplinga omtrent perfekt.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Forseinking vil alltid vere ei bekymring ved testing av trådlause gamingmus. Heldigvis er dette omtrent heilt utrydda hos fleire og fleire av produsentane, og Glorious er ikkje noko unntak. Razer og Logitech har kanskje fordel på eit millisekund eller to her, men det er ein skilnad som er så liten at han blir meiningslaus.

Glorious nyttar ein redigert versjon av PixArt PMW3370 som sensor, som dei kallar BAMF. Det er viktig å ta ein tur innom programvara for å oppdatere fastvara til musa, for dei første versjonane har trøbbel med såkalla «angle-snapping». Dette gjer at musa vil jamne ut små rørsler. Første gong eg slo på musa merka eg at det var vanskeleg å teikne små sirklar, men med fastvareoppdateringa er dette problemet heilt vekke.

Elles er dette ein feilfri sensor med glitrande sporing og yting.

Batteri

LANG BATTERILEVETID: Model O Wireless vil trenge lading omtrent ein gong i veka. Logitech kan derimot skilte med nesten 200 timar på G903, så det er ikkje det beste.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Glorious tilbyr ikkje trådlaus lading eller ladedokk slik som Logitech og Razer gjer for sine toppmodellar, men med ei reklamert batterilevetid på 71 timar er det ikkje så veldig ofte ein treng å lade. Takka vere ein USB C-kabel tar det i underkant av ein time å lade batteriet heilt opp, og då held det koken i ei vekes tid med aktiv bruk.

RGB-lyset et opp ein del av batteriet, så eg ville kanskje vurdert å berre slå av det for å få mest mogleg ut av batteriet. Det vil gi eit betydeleg løft. Eg merkar at batteriet ryk kjappare på Model O Wireless på «tomgang» enn på Razer og Logitech sine toppmodellar, så deira batterisparemodusar er nok ein del betre.

Programvare

Det er ikkje så altfor lenge sidan Glorious lanserte programvara Glorious Core, som lar ein styre alt av gamingtilbehøyr frå produsenten i eitt – i staden for å ha separate program for kvar av dei. Det var verkeleg på tide.

FINE FARGAR: Den kvite overflata og dei levande fargane gjer seg godt.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Programvara er veldig enkel og oversiktleg. På første side får du justere lysstyrke og velje mellom åtte ulike RGB-modusar, på andre sida kan du gi knappane nye eigenskapar og på tredje side kan du endre på PPT. Eg skulle gjerne sett eit eige punkt for løftedistanse, men det er ikkje noko stort sakn.

Alt i alt gir programvara deg det meste du treng.

Konklusjon

Glorious Model O Wireless er ei betydeleg oppgradering frå den vanlege Model O-varianten. Med berre to-tre gram ekstra blir me heilt kvitt kabelen medan byggekvaliteten har forbetra seg. Her har produsenten overgått seg sjølv.

Til ein tusenlapp blir dette likevel ein direkte konkurrent til toppmodellane til Razer og Logitech, som no kostar omtrent det same. Formene på dei er litt annleis, og denne er kanskje eit knepp betre slik sett, men eg ville nok heller gått for ein av dei i staden.

Eg saknar trådlaus lading eller ladedokking her. Med den lange batterilevetid går det fint, men det er eit lite minus. Elles er dette eit tilnærma perfekt produkt. Ein feilfri sensor, flotte RGB-lys og ei eminent passform gjer dette til eit toppval for alle moglege typar spel, spesielt når det kjem til skytespel.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

9
/10
Glorious Model O Wireless
Glorious blir berre betre og betre.
Lett
Trådlaus
Stilig design
Enkel programvare
Feilfri sensor
Ingen trådlaus lading

Siste fra forsiden