TEST: Glorious Odin Model O
(Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no)

I spissen for ein gamingmus-revolusjon

Fjørlette gamingmus blir billigare og betre. Tiaren er farleg nær for Model O.

Konkurransen blant datamusprodusentar har spissa seg til over dei siste åra. Nye produsentar blandar seg inn i gamingmus-marknaden, og interessa for lette gamingmus retta mot e-sport aukar sterkt. Finalmouse har leia kampen, men no kjem andre produsentar slik som Dream Machines, Razer, Xtrfy og CoolerMaster etter. Vekta skal drastisk ned, og det same skal helst prisane.

Den etterlengta Glorious Odin Model O har henta inspirasjon frå Finalmouse, men i motsetning til dei latterleg dyre produkta frå inspirasjonskjelda, byr Glorious på ein langt meir overkommeleg pris – berre rundt 500 kroner. Model O skal fylle behovet til skytespelentusiastane der ute for ein billig penge, og byr på lett vekt, behageleg passform, ein feilfri sensor og flott RGB.

Glorious har vore flinke med kommunikasjonen ut mot forbrukarane i det siste, og har profilert seg ved høyre på tilbakemeldingar. Dei problem som har oppstått har blitt fiksa kjapt, noko som står i ganske sterk kontrast til den no meme-verdige korrespondansen frå Finalmouse ut til kundane.

Usikker på kva gamingmus du treng? Les vår store guide »

Design og komfort

Det som er openbert mest slåande med den nye generasjonen av gamingmus, er at produkta er dekkja av hol. For produsentane gjeld det å finne den rette balansen mellom lågast mogleg vekt og robust byggekvalitet, og her ser det ut som Glorious har klart seg. Model O verkar langt meir haldbar enn det Finalmouse Air58 gjorde.

Forma minnar ein del om Zowie sin S1, om ein smule lågare. S1/FK1 er kanskje tidenes beste passform for skytespel, så det bør seie sitt.

Ambidekstridesignet gjer at Model O ligg godt i handa. Tommelen har mindre plass mellom bordflata og knappane enn eg er vand med, for sidene er ganske låge, så dei med tjukke fingrar bør vere obs på dette.

Forma minnar mykje om Zowie S1. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Model O er ei stor mus. Dei med hender på over 18x8,5 centimeter kjem difor til å få mest ut av produktet. Produsenten har òg ein mindre versjon på veg, slik at dei med små hender kan få noko som passar betre. 

Når eg legg Model O oppå kjøkkenvekta, viser displayet 68 gram, som er blant dei desidert lettaste gamingprodukta på marknaden. Forskjellen mellom denne og Air58 er altså liten, men eg merkar framleis at Air58 er lettare. Kabelen er i same stil som Finalmouse sin, forma som ei skolisse. Denne er kanskje bittelitt tyngre, men kabelen er framleis lett nok til at musa nesten kjenst trådlaus ut. 

Vekta kryp ned på 60-talet, som gjer Model O til eit glimrande verktøy for skytespel. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Utsjånaden kjem i både matt og reflekterande overflate, der den matte kostar 50 kroner mindre. Det er uansett ikkje rare greiene med 500-600 kroner for ei 3360-mus med spesifikasjonar som Model O. Den nye frå Finalmouse kostar trass alt dobbelt så mykje, og det er utan RGB.

Knappar

Glorious Model O har fem knappar og eit klikkbart rullehjul. Anna enn at sideknappane sit litt langt nede for dei med tjukk tommel, er det ingenting å klage på her. Høgre- og venstre museklikk har eit skarpt, taktilt klikk, med Omron-brytarar som skal tole 20 millionar nedtrykk. 

PPT-knappen på toppen er liten nok til at den ikkje kjem i vegen, og tar musa gjennom opp til seks ulike PPT-trinn. Eit indikatorlys på undersida av musa viser kva trinn du er på. Dette kan ein òg justere gjennom programvara.

Rullehjulet har ei mjuk kjensle, med klart definerte trinn. Eg skulle gjerne hatt litt skarpare feedback her. Det er ingenting galt med det, men det er heller ikkje noko å rope hurra for. Midt på treet. 

Sensor

Sidene er ganske låge, så ta ein tur på butikken for å teste dersom du har tjukk tommel. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Glorious Model O kjem med ein PixArt 3360-sensor, som har feilfri yting. Det betyr presis pikselsporing, liten sjanse for at sensoren spinn ut, og at ein generelt kan stole på at utstyret held. Her er det din eigen feil dersom du bommar på skota.

Dei fleste sensorane på dette nivået og over, er såpass gode at ein aldri treng å tenke noko over dei. Det finst nokre få sensorar, slik som 3389 eller den nye Hero-sensoren til Logitech, som er betre, men det blir mest på papiret. Du kjem ikkje til å merke noko til forskjellen.

Programvare og RGB

Model O fungerer fint utan programvare, som er eit stort pluss i boka mi. Likevel har Glorious utvikla eit enkelt program, der du får alt du treng av funksjonalitet på ei side. Programvara lar deg rullere gjennom PPT, skifte på knappebindingar, sette opp makro og endre innstillingar som oppdateringsrate og «debounce time» (set denne til lågast mogleg nivå).

I motsetning til Finalmouse sine produkt, har Model O òg RGB-element, som går langs heile sida av musa og inni rullehjulet. Mange gamingmus har ofte RGB-element på baksida, slik at dei ikkje blir sett. På Model O er det faktisk vits i å ha det. Spesielt bølgjeeffekten er kul å sjå på, og den er synleg heile tida.

Det er seks ulike RGB-effektar å velje mellom, med alt frå enkle, statiske fargar til fullskala rave-lys.

Konklusjon

Det er kjekt at Finalmouse får konkurranse i marknaden for lette gamingmus, og det er liten tvil om at denne typen mus kjem til å bli særs populære framover. Fleire og fleire produsentar hiv seg på, som pressar både prisar og vekt ned.

Model O er den første billige musa av eit slikt kaliber. Til skytespel og andre oppgåver som treng kjappe rørsler, er dette eit val frå topphylla. Eg har absolutt ingenting vondt å seie om den. Musa kunne kanskje vore enno litt lettare for å klatre forbi Finalmouse Ultralight 2 i kåringane mine, men for å vere produsentens første produkt, er dette særs imponerande av Glorious. Me må heller ikkje gløyme at dei har tre andre gamingmus på veg, der den neste er ein del mindre enn Model O. Neste (Model O-) skal visstnok vege 58 gram, og er tilpassa mellomstore hender. 

Den lette og presise musa frå Glorious er altså eit trygt val for dei som driv med skytespel, men fungerer òg akkurat like fint til andre ting. For dei som set pris på låg vekt er det for augeblikket ingen andre produkt på marknaden som gir så mykje for pengane. Den einaste grunnen til at eg ikkje tar fram tiaren er at eg trur den komande modellen vil vere betre, og at Finalmouse Ultralight 2, som me er i gang med å teste, sannsynlegvis kjem til å ta plassen på toppen av årets liste. 

Les også: Finalmouse Air58 er kongen av skytespelmus »

Vurdering

9.5/10
Fantastisk
"Eit fantastisk produkt, til overraskande låg pris. "

Pluss

  • Særs mykje for pengane
  • Flott RGB
  • Lett
  • Skolisse-kabel
  • Solid byggekvalitet
  • Feilfri sensor

Minus

  • Middels rullehjul

Kommentarer (7)

Siste Tester

Se alle tester »

Forsiden akkurat nå

Til toppen