Test

HP Omen 1100

Ikkje noko du bør bruke pengar på

Svakt speltastatur frå HP.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Mekaniske speltastatur kostar. Skal du ha eit kvalitetstastatur med alt av funksjonar, må du fort ut med godt over 1500 kroner.

Heldigvis finst det alternativ. Det er fint mogleg å få eit brukande tastatur til under tusenlappen, og viss du strekk deg til mellomklassen – mellom 1000 og 1200 kroner – er det mykje å hente.

HP Omen 1100 ligg i dette sjiktet. Til i underkant av nettopp 1100 kroner, får du eit brukande tastatur med LED-lys, Blue-brytarar og fullt tasteoppsett med numpad i eit kompakt design. Dessverre byr det ikkje på så mykje anna. Det er ingen Passthrough for USB, ingen medieknappar, ingen handleddstøtte og heller ingen dedikerte makroknappar.

Dette tastaturet kom ut i fjor, og HP har sidan annonsert fleire nye produkt til Omen-serien sin. Me ønskja å kikke på fjorårets produkt først, før me eventuelt ser på det som er på veg.

NB: Gamer.no har testa ein versjon utan nordisk tasteoppsett. Tastaturet i dei norske butikkane har Æ, Ø og Å.

Design

Kompakt er nøkkelordet når det kjem til HP Omen 1100. Tastaturet tar opp særs lite plass på skrivepulten. Det veg ikkje mykje, så det er null problem å hive det i veska og ha det med på farten. Den fletta kabelen gjer òg at du ikkje treng å tenkje på kabelbrot heller.

Utsjånaden er enkel, utan noko RGB. Dei fleste tastane har raudt LED-baklys, og WASD-tastane er farga raude, med kvitt baklys. Det gir meg litt sånn Mirrors Edge-assosiasjonar. Eg syns derimot fonten på tastehettene er ein smule tøvete. Det minner for mykje om Comic Sans. Ikkje alt gamingutstyr treng den typiske spelutsjånaden, som dei går for her. Gi meg noko enkelt.

Det kompakte designet tar liten plass.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Sjølve konstruksjonen kjem i svart, og er dekkja med aluminium og hardplast med blank overflate. Eg ser difor for meg at tastaturet skal tole ein kakk eller to.

På undersida har HP Omen 1100 to føter, slik at du kan løfte opp baksida av tastaturet. Det har òg nokre gummilister slik at det ikkje skal skli, som fungerer godt. Det skal ein del til for at tastaturet flytter på seg.

Føtene på undersida har òg den same typen gummilister, der den eine datt av berre etter ein knapp halvtime med bruk. Det gjer meg skeptisk når det kjem til kvaliteten på dei andre. Eg trur likevel at eg var litt uheldig med limet, for eg prøvde å rikke litt på dei andre, og dei datt ikkje av. Me får ta det der som eit produksjonsuhell.

Brytarar

I staden for standardvalet på gamingtastatur; Cherry MX, kjem HP Omen 1100 med Blue-brytarar frå Greetech (Greetech G1 GT02 Blue). Dette er ein slags kopi av Cherry MX Blue, men med høgare støynivå, og ein litt meir svampeaktig tilbakemelding.

Brytaren er taktil, som betyr at den har ei tilbakemelding når den trykkast rundt halvvegs ned. Den er òg ein såkalla «clicky» brytar, som gjer at dette er reservert for dei som sit på rommet aleine, helst med nokre hovudtelefonar med lyddemping. Eg vil ikkje anbefale dette til dei som har tenkt til å sitte med datamaskinen i stova saman med andre. Då blir du kasta ut. Det same gjeld vel eigentleg stemmechat. Ikkje bruk Blue-brytarar viss du har tenkt til å snakke i mikrofon. Det blir ikkje populært.

Greetech-brytarane har nokre svakheiter samanlikna med Cherry MX Blue.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Både vandring og nedtrykkskraft er lik som på Cherry MX Blue-brytaren. Vandringa er på 2 millimeter for innslaget, og botnar ut på 4 millimeter. For å få trykke ned sjølve tasten treng ein 60 gram med kraft.

Blue-brytarar skal tradisjonelt vere best til skriving på grunn av klikket i tilbakemeldinga, men ærleg talt syns eg dei fungerer like greitt til speling som andre typar brytarar. Det er mest ein smakssak.

Det må seiast at eg føretrekkjer Cherry MX Blue i staden for brytarane i HP Omen 1100. Svampekjensla som ein har i membrantastatur er ein klar svakheit, og brytarane er ein smule vaklevorne. Slik skal det ikkje vere.

Eit pluss med denne typen brytar er at den registrerer alle tastetrykk, uansett kor mange tastar du trykkar inn på likt. Du kan i praksis taste heile alfabetet augeblikkeleg, men bruksverdien er vel noko avgrensa.

Programvare

Viss du vil få mest ut av tastaturet, må du laste ned Omen-programvaren på nettstaden til HP. Dette er definitivt ikkje noko avansert programvare, tvert i mot er det kanskje den mest grunnleggjande eg har sett, men det gir deg nokre innstillingar her og der. Eller; tre. Du har ei fane for å endre på lyset, ei for å sette opp makro, og ei for å reprogrammere tastane.

Lysfunksjonane er overraskande omfattande for å vere LED. Du har ni ulike forhandsinnstillingar å velje mellom. Det er standardval av type regn-effekt, rotasjon, pusteeffekt og liknanade, men det gir deg i det minste noko å leike med viss du bryr deg om lyset. Det er òg mogleg å lage eigne profilar, og skreddarsy lyset til enkelte tastar.

Viss du blar litt ned i denne artikkelen kan du scrolle gjennom dei ulike vindauga som programvara byr på.

Konklusjon

Så vidt eg veit er dette eit av dei første mekaniske speltastatura frå HP. Dei er slik sett tilgitt nokre prioriteringsfeil her og der. Som sagt kjem dei med nye produkt, så me får krysse fingrane for at dei har lært av nokre av feila frå dette.

Fonten på tastehettene er ikkje spesielt smakfull.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

For HP Omen 1100 er ikkje spesielt imponerande. Brytaren kjenst ikkje like bra som ein vanleg Cherry MX Blue, og har fleire svakheiter som svampetilbakemelding, høgt støy og ustødig handtering. Tastaturet har ingen dedikerte knappar for makro eller media, ingen handleddstøtte, og det kjem heller ikkje med USB Passthrough. Alt dette har til dømes Kingston HyperX Alloy Elite, som me skreiv melding om for nokre månadar sidan. Det tastaturet kostar berre ein hundrelapp meir.

Konstruksjonen verkar solid og designet er kompakt, men eg likar ikkje fonten på tastane, og dei andre manglande gjer den vanskeleg å anbefale. I det heile ser eg eigentleg ingen grunn til å bruke pengar på HP Omen 1100, samanlikna med konkurrentane. Det er heilt OK, men ikkje så mykje meir.

Viss prisen går ned 30-40 prosent på Black Friday så er det ei grei investering, men elles ville eg haldt meg vekke frå dette tastaturet.

På utkikk etter eit skikkeleg bra gamingtastatur? Logitech G513 er vår favoritt så langt i år »

5
/10
HP Omen Keyboard 1100 (Nordisk)
HP Omen 1100 er eit godt stykke under konkurrentane.
Fletta kabel
Kompakt og lett
Robust konstruksjon
Baklyste tastar
Full numpad
Dustete «gamingfont»
Svak brytar med høgt støynivå og svampete tilbakemelding
Ingen dedikerte medie- eller makroknappar
Ingen Passthrough
Vaklande tastehetter

Siste fra forsiden