Test

HP Omen Sequencer

Knuser konkurrentane på verdi

Optisk-mekanisk tastatur tettpakka med funksjonalitet.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Etter å ha rost Razers nye toppmodell med optisk-mekaniske brytarar opp i skyene, er det på tide at me kikkar på ein konkurrent. HP Omen har nemleg utvikla sitt eige tastatur med optisk-mekaniske brytarar. Desse er som på Razer sitt tastatur aldeles fantastiske å skrive på, pluss at HP Omen Sequencer har eit ganske stort fortrinn. Denne kostar nemleg nesten 1000 kroner mindre.

Med eit stort rullehjul for volum, ein gigantisk mellomrom-tast, dedikerte makro- og medieknappar, gir HP Omen Sequencer langt meir for pengane enn det Razer gjer. Det har kanskje ikkje heilt den same premium-kjensla, men du får omtrent alt du treng her.

Design og komfort

Det første som slår meg med HP Omen Sequencer er storleiken. Det verkar enormt. Men eigentleg er det berre nokre få centimeter større enn gjennomsnittet i prisklassen. Tastaturet gir heller eit inntrykk av å vere større, fordi det er meir plass mellom tastane. Dei dedikerte makrotastane er dytta heilt mot venstre, og har eit mellomrom til resten. Det same gjeld piltastane. Dei er isolert for seg sjølv, og har godt med pusterom.

Dette gir ein illusjon om storleik. Det betyr at heile oppsettet er flytta, og at du kjem til å bomme ein del på tastane i den første tida. Vanlegvis treng eg ikkje sjå på tastaturet for å skrive, men det måtte eg her. I alle fall i byrjinga. Men med mindre ein bytar tastatur tre gongar i månaden slik eg gjer, er det neppe noko å tenkje over.

HP Omen Sequencer ser enormt ut, men tar ikkje opp så mykje plass som det ser ut som (me har testa amerikansk modell. Tastaturet kjem med nordisk oppsett i norske butikkar).
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Mellomrom-tasten byggjar vidare på dette med storleiken. Den er enorm. Eg har ein mistanke om at designarane hos HP prøver å kompensere for eitt eller anna her. Er det i det heile tatt lovleg med så stor mellomrom-tast? Ikkje veit eg. Det gir i alle fall eit særpreg til tastaturet, og den er god å skrive på. Problemet er at støynivået er astronomisk. Trykkar eg kjapt nok på den, er det som å høyre nokon spele ein trommevirvel på ei skarptromme.

Under tastane finn me ein konstruksjon dekkja med ei aluminiumsplate, med plastikk på undersida. Dette er ganske standard for alt av gamingtastatur rundt 1200-1600 kroner. Det er absolutt ingen teikn til fleks i tastaturet, som lovar godt for byggekvaliteten. Kabelen gir det same inntrykket, for dette er den tjukkaste flettinga eg har sett på ein tastaturkabel nokosinne. Det er meir røyr enn kabel, eigentleg. Derimot har eg lest nokre omtalar om at føtene på undersida fort kan knekke, men eg har prøvd å legge ekstra vekt på dei – og det utan at dei gir etter. For min del ser dei altså ut til å halde godt.

Rullehjulet er eit klart høgdepunkt.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

På toppen av tastaturet er eit plastoverbygg med ein kul Omen-logo samt eit svært metallrullehjul for volum. Det er alltid kjekt med litt ekstra bling. Dette er nok det rullehjulet eg har sett som gjer mest ut av seg, og den ru, lange overflata gjer at ein enkelt kjem til med fingrane. Det set eg pris på.

Det einaste eg føler at manglar er ei handleddstøtte. Akkurat det er vel ikkje noko stort problem, heller. Ein kan alltids berre kjøpe ei ekstra. I og med at prisen er heilt nede i 1300 kroner her, kan ein investere i til dømes HyperX Wrist Rest, som er heilt konge, og ikkje kostar deg meir enn 200 kroner. Då har du totalt eit produkt som byr på absolutt alt du kan be om frå eit mekanisk tastatur.

Ingen av tastatura me har testa så langt har bydd på så mykje utstyr som denne til 1300 kroner. Sjølv ikkje til 1600. Uansett vil eg krysse fingrane for at dei tar med ei handleddstøtte i kunstlær eller noko slikt til neste omgang av produksjonen. Prislappen er såpass venleg her at å hive på ei behageleg støtte som ikkje berre er noko plast-vas slik til dømes Corsair brukar, ville gjort dette til eit toppval for dei fleste.

Brytarar

På same vis som Razer bruker ein variant av sin Green-brytar, er den optisk-mekaniske brytaren i Sequencer ein klikke-brytar liknande Cherry MX Blue, men med endå høgare støynivå. Då innslaget kjem ved hjelp av laser har denne typen brytar kortare responstid enn normale mekaniske brytarar, men det er ikkje noko ein legg merke til. Det er kanskje snakk om to-tre millisekund mindre, så sjølv ikkje dei aller beste proffspelarane vil kunne kjenne forskjell.

Støy er nøkkelordet her. Du bør kunne takle lyd på nivå med gamle skrivemaskinar for å bruke ein optisk-mekanisk klikke-brytar som dette. Eg som har ei kjellarstove for meg sjølv og brukar «push-to-talk» på Discord har null problem med lyden, men har du andre som sit i nærleiken av deg, eller om du ikkje giddar å dempe mikrofonen på Discord, så kan du berre gløyme å bruke dette. Det er ikkje for deg.

Dei nye optisk-mekaniske brytarane yter på linje med Razer sine, men lagar endå meir støy.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

I forhold til Razer sin optisk-mekaniske brytar har HP sin litt kortare levetid med 70 millionar klikk i staden for 100 millionar, men dette er uansett 20 millionar meir enn det som er vanleg for mekaniske brytarar.

Til å skrive med er desse heilt topp. Eg skriv ikkje nødvendigvis kjappare, men eg likar veldig godt klikkelyden og kjensla av tilbakemeldinga i fingeren når eg trykkar ned tastane. Vanlegvis brukar eg lineære brytarar som Cherry MX Red, og det er ingen tvil om at desse er langt betre å skrive på. Eg saknar ikkje den svampe-tilbakemeldinga ein får av å måtte trykke brytaren heilt ned.

Når det kjem til speling er ikkje saka noko annleis. Eg elskar å bruke desse her, nett som eg gjorde med Razers optisk-mekaniske brytarar. Det skal seiast at forskjellane mellom mekaniske brytarar først og fremst går på smak, så eg vil sterkt oppmode til å ta ein tur på butikken og prøve desse ut litt. Om ein vil ha lineær, taktil eller «klikkete» taktil (slik som desse optisk-mekaniske er) kjem i stor grad an på kva ein er vand med. Prøv deg fram, med andre ord.

RGB og programvare

HP har definitivt ikkje lagt like mykje vekt på RGB som mange andre i same prisklasse gjer, men dei har nokre fine forhandsinnstillingar. Den klassiske bølgje-effekten er på plass, og den er ærleg talt alt ein treng. Det er kjekt å prøve ulike innstillingar, men det er sjeldan ein får bruk for dei anna enn til å vise fram til vener. Eg syns det blir veldig distraherande viss ein skal skrive på, så eg pleier berre å bruke statiske fargar – og eg kan melde om at grønfargen her er nett like fin som den er på Razer Huntsman Elite.

Det er mogleg å legge enkelteffektar og fargar på kvar separate tast, som ein gjer ved å merke tastane i programvara. Enkelt og greitt.

HP Omen Sequencer har erstatta Home-tasten med ein tast for å opne programvara deira. Det er ein smule unødvendig, men ein kan alltids berre flytte Home over på ein av makrotastane, eller programmere det tilbake.

Elles er det ikkje så mykje meir ein kan gjere i Omen Command Center. Det er ein oversikteleg og enkel programvare. Ikkje i nærleiken av like god som det store selskap som Logitech har, men eg har heller ingen grunn til å klage. Den gir meg det eg treng.

Konklusjon

WASD-tastane har fått nokre ekstra dekalar for å framheve gaming-fokuset.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

HP Omen Sequencer gir imponerande mykje for pengane. Anna enn mangel på handleddstøtte, får du absolutt alt du har behov for. Og det til berre 1300 kroner – i alle fall slik det er no. Multicom og Elkjøp sel tastaturet til dette, men det ser ut som HP har skrudd opp prisen på nettsidene sine. Viss du er ute etter noko å handle no, så er det i alle fall ingen tvil om at dette er eit sabla godt kjøp for tida.

Ingen av tastatura me har testa så langt kjem i nærleiken av å gi så mykje valuta for pengane som dette. Viss HP klarar å finslipe kantane litt til neste runde og hiver på ei handleddstøtte, har me eit potensielt 10/10-produkt her. I og med at me gav fjorårets tastatur frå HP Omen 5/10, så lovar dette særs godt for framtida til HP i marknaden for PC-tilbehøyr.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
9
/10
HP Omen Sequencer
Torpederer deg med funksjonalitet og kvalitet til ein fornuftig penge.
Optisk-mekaniske brytarar
Behagelege tastehetter
USB 2.0-Passthrough
Hardfør kabel
Aluminiumskonstruksjon utan fleks
Fin RGB-effekt
Dedikerte makro- og medieknappar
Svært, stilig rullehjul for volum
Ingen handleddstøtte
Omen Command Center-programvaren er ei minimumsløysing
Eit støynivå på linje med Razer Huntsman Elite - som gjer det særs lite stovevenleg
Kjem berre med nordisk tasteoppsett, ikkje norsk

Siste fra forsiden