Test

Logitech G502 HERO

Gammal klassikar med motoroverhaling

Legendariske G502 gjer comeback med ny sensor.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Logitech G502 er eit produkt ein kan finne på mange pultar rundt omkring her i landet. Som ein av Logitechs desidert mest selde datamus, har den fått ein smått legendarisk status på gamingmarknaden. Og det er ikkje utan grunn.

G502 har ei form som passar speling, eit ypparleg rullehjul, ein drøss med knappar og ei behageleg tommelstøtte. Det gjer at den er godt eigna til mange ulike oppgåver, om det så er til kontor- eller spelbruk.

Produktet byrjar å dra på åra, og difor har Logitech bestemt av musa skal rustast opp med den nye HERO-sensoren deira.

Sensor

Etter at Logitech introduserte RGB-lys til G502 med Proteus Spectrum-modellen, er det ingenting anna enn sensoren som er blitt endra på produktet. Så viss du allereie har ein av desse liggande, er det neppe verd ei oppgradering med det første.

HERO-sensoren har me snakka varmt om fleire gongar før her på bruket, og den som sit i nye G502 er ikkje noko unntak. Bommar du på skot, så er det din feil, ikkje musa sin. Dette er det me kan kalle ein feilfri sensor, som betyr nøyaktig pikselsporing og null akselerasjon. HERO-sensoren byggjer vidare på PMW3366, og er i utgangspunktet designa for trådlaus mus. I mus som Logitech G903 og G Pro er forseinkinga ein kan få med trådlause mus heilt vekke, som gjer at det er litt surt at me ikkje får ein trådlaus versjon av G502 HERO. Ein kan alltids investere i G602, men formen og sensoren på den er ikkje like bra, og layoutet for knappane er noko kaotisk for min smak.

HERO-sensoren støttar PPT mellom 100 og 16 000, så viss du har behov for ekstremt høg følsemd kan du slå deg laus her.

Design og komfort

Det er altså ingen designforskjell frå Proteus Spectrum-versjonen av G502, men i og med at me ikkje har skreve omtale av den før, tar me heile runden her.

Logitech G502 HERO ligg særs godt i handa ved hjelp av eit design retta mot høgrehendte som hevar venstre museklikk nesten på linje med det høgaste punktet på musa. Det gjer at grepet sit på plass, og ein kan kvile handa oppå musa.

Forma er ganske stor og bulkete, men den fungerer godt til speling. No er det sjølvsagt litt forskjell frå person til person kva ein treng med tanke på handstorleik og slikt, men denne bør passe perfekt for dei med medium og store hender. Samanlikna med Logitech G903 er nok G502 å føretrekkje når det kjem til form til skytespel viss ein ikkje har noko imot høgda. Formane er ganske forskjellege, men G903 vender seg mot nett den same målgruppa når det kjem til balansen mellom produktivitet og presisjon. Ambidekstridesignet til G903 kan vere til hinder for komfort i spel, men til gjengjeld er den musa langt betre til produktivitetsoppgåver.

Sidegrepa er særs komfortable.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eit gummigrep på høgresida med gittermønster sikrar solid grep, og ein behageleg kvilestad for fingertuppane. Tommelstøtta på andre sida er som støypt for handa mi, samstundes som den ligg i akkurat rett høgde i forhold til sideknappane.

Det at musa er såpass stor reflekterast på vekta. G502 veg litt over 120 gram, og du kan bruke lodd for å få opp vekta endå meir. Kor stor datamus ein brukar og kva den bør vege er delvis ein vanesak, men eg trur dei fleste er einige i at lågare vekt er betre når det kjem til speling så lenge ein ikkje brukar veldig høg følsemd. Me ser typisk at kabla skytespelmus prøver å strekkje seg så lågt som mogleg, og eit par har klart å kome ned på 70-talet. Denne er openbert eit stykke unna det. Difor vil nok aldri denne bli noko førsteval for skytespel.

Knappar

G502 HERO kan by på heile ni programmerbare knappar og eit klikkbart rullehjul (tre retningar) – totalt elleve. Nettopp rullehjulet er kanskje det mange likar aller best med denne musa, då den byr på to ulike hastigheiter. Eitt trinnlaust og eitt med trinn på rundt ein centimeter. Det trinnlause lar deg styrte gjennom dokument på dusinvis av sider i sekundet, mens den andre hastigheita har ein tilfredsstillande tilbakemeldingslyd for kvart trinn. For min del blir modusen med låste trinn litt for lealaus, så eg føretrekkjer mykje heller hjulet på Logitech G903. Dette er framleis særs bra, men det er vel ein grunn til at Logitech utviklar nye produkt i ny og ne.

Fem sideknappar på ei side er det ikkje ofte ein ser.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det som gjer G502 unikt er at den har heile fem sideknappar på ei side. Fire sideknappar og ein PPT-knapp sit alle innanfor rekkjevidda til tommelen din, eller peikefingeren om ein vil. Om ein likar dette vil i stor grad kome an på kva handstorleik ein har. Folk med store hender vil sannsynlegvis kome borti dei øvste sideknappane, som kan vere eit irritasjonsmoment. For min del med mellomstore hender er dei godt plasserte, men eg syns likevel det blir litt rotete. Eg ville mykje heller hatt to av sideknappane på høgresida.

RGB og programvare

Logitech har utan tvil marknadens beste programvare til mus og tastatur. Brukarvenleik har openbert vore i fokus då Logitech Gaming Software blei designa, og gjer tilpassing av innstillingar til ein leik.

Ei av fanene tar seg av omprogrammering av knappar, der ein kan sette opp makrokommandoar, eller bruke museknappane til å klone ein tast på tastatur, eller bruke den til mediekontroll. Same fane har òg oversikt over dei opp til fem PPT-trinna, som ein scrollar gjennom med PPT-knappane.

Elles har du sjølvsagt ei eiga fane for RGB, som byr på nokre ulike forhandsinnstillingar for fargar. Her får du standardeffektar som pusting, fast rullering mellom ulike fargar og ein for enkeltfargar. I og med at det først og fremst er logoen på toppen som lyser, så ser ein berre dette når ein ikkje brukar musa. Derimot er det nokre indikatorlys for PPT på sida, som gjer det enkelt å følgje med på kva PPT-trinn du har aktivt.

Konklusjon

Det er ein ganske enkel grunn til at G502 har seld så sinnsjukt godt. Produktet er rett og slett botnsolid. Forma er god, knappane gjer arbeidsdagen enklare, og rullehjulet er ein attraksjon i seg sjølv.

Den skrå profilen på framsida gir behageleg handtering.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Med ny og betre sensor er det lite å klage på her, sjølv om vekta gjer at den ikkje vil vere for alle. Likevel ser eg ikkje heilt poenget i å kjøpe denne med mindre ein verkeleg vil ha denne forma. Skal du ha ei Logitech-mus til produktivitet, burde ein heller kjøpe G903, og til gaming ville eg ha satsa på Logitech G Pro Wireless. Dei nye er betre. No som ein kan bruke trådlause mus med trådlaus lading utan noko form for forseinking, så kjennes det litt feil å gå over til kabelmus frå Logitech. G502 er ikkje akkurat billig heller.

Til sjuande og sist er konklusjonen at G502 når nye høgdar, men den falmar ein smule i samanlikning med resten av produktrekkja til Logitech.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
8
/10
Logitech G502 HERO
Ei solid datamus på alle måtar, men Logitech har betre produkt å by på.
Fletta kabel
Ein drøss med knappar
Logitech har framleis den beste programvaren
Konge rullehjul
Ergonomisk design
Feilfri sensor
Litt stiv pris
Tung

Siste fra forsiden