TEST: Razer Core X

Test Razer Core X

(Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no)

Denne boksen kan gi laptopen din superkrefter

4K og 60 «FPS» innan rekkjevidde med Razers grafikkakselerator.

For dei som ikkje har plass til ein stasjonær, eller føretrekkjer noko meir mobilt, er berbar datamaskin gjerne det beste svaret. Problemet er at gamingberbare er svindyre. Skal du ha tak i ein skikkeleg berbar til dataspel må du fort ut med 30 000 kroner, noko som kan gjere eit solid innhogg i bankkontoen. Sjølv då når du ikkje opp til ytinga du får med ein toppspekka stasjonær.

Heldigvis finst det mellomting. Eksterne skjermkortløysingar har blitt meir populære over dei siste åra, og prisane går nedover. Desse lar deg ta vanlege skjermkort frå AMD og NVIDIA og kople dei direkte til den berbare datamaskinen din, og dette kan gi deg ein dugeleg boost i dataspel og tunge oppgåver som rendering.

Razer Core X kjem saman med lansering av Blade-maskinane i Noreg, og følgjer opp det førre skjermkorthuset til Razer, Core V2. Core X kuttar alt av ekstrautstyr som Core V2 bydde på, og drar prisen ned frå 6000 til 3000 kroner. Du må framleis betale flesk for det som no er ei glorifisert straumforsyning, men om du har eit skjermkort liggande og ein berbar PC med ThunderBolt 3-tilkopling, kan løysinga vere noko for deg.

Les også: Rålekker ultraberbar frå Razer »

Design

Der Core V2 var fylt opp av Chroma-RGB og anna krimskrams som Razer pleier å inkludere i produkta sine, er Core X strippa for alt slikt. Den kjende Razer-logoen er framleis på plass, men det er berre ein dekal på utsida av gitteret til viftene. Minuset er at dei ekstra USB-portane og nettverksporten på Core V2 òg er fjerna.

Core X i selskap med Razer Nommo og Razer Blade Stealth. Foto:  Mikkjell Lønning/Gamer.no

Sjølve skjermkorthuset er ikkje meir enn ein boks med straumforsyning og eit hovudkort med PCI Express-slot, som du kan dra ut ved hjelp av eit handtak. Ei vifte sit på baksida for å kjøle ned skjermkortet, så det passar best å bruke kort med «blower»-kjøleløysing. Støynivået kjem først og fremst an på kva skjermkort du har, for sjølve Core X gjer ikkje så mykje ut av seg.

Kabinettet kjem dekkja i den same aluminiumen som Razer Blade Stealth. Storleiken og vekta på Core X har gått opp ein del samanlikna med Core V2, så ver klar for å rydde litt ekstra plass på skrivepulten. Ein bonus med den auka storleiken er at straumforsyninga har blitt justert frå 500 til 650 watt, som sikrar nok straum til alt av skjermkort som finst på marknaden. 100 watt er reservert til å fungere som straumforsyning for den berbare datamaskinen din, mens det er mogleg å dra opp til 500 watt til sjølve skjermkortet. Det betyr i teorien at sjølv ekstremt energikrevjande kort som AMD R9 Fury X vil fungere med løysinga (viss du finn ut av korleis kjølaren skal inn, då). Core X har òg nok plass til å kunne vere vertskap for dei aller største 3-slot skjermkorta.

Funksjonalitet

Installasjonen av Razer Core X er enkel. Du set inn skjermkortet ditt i kabinettet, knipsar på plass 6/-8pin-kablane i kortet og koplar ThunderBolt 3-kabelen inn i datamaskinen. Deretter er det berre å restarte maskinen, og vipps så er du i gang.

Brukarvenleiken er på topp. Berre dytt skjermkortet inn med eit handtak så er du i gang. Foto:  Mikkjell Lønning/Gamer.no

Der det førre skjermkorthuset frå Razer fungerte som ein slags dockingstasjon med ulike tilkoplingsmoglegheiter, finn du ikkje anna enn ein ThunderBolt 3-tilkopling på Core X. Denne overfører data mellom det eksterne skjermkortet og den berbare datamaskinen din via ein kort kabel. I eska får du berre med ein 30 centimeter lang kabel, som er ein smule upraktisk. Ein ny kabel kostar fort 500-700 kroner alt etter kor lang den skal vere, og det gjer investeringa endå litt dyrare.

Fjerning av ekstra USB-portar er openbert gjort for å kutte kostnadar, men det er likevel eit irritasjonsmoment. Eg er ganske sikker på at dei fleste som kjøper slike løysingar er godt vaksne med kraftige jobbdatamaskinar utan skjermkort. Det er folk som er ute etter noko å spele med etter jobb. Då er det gjerne ein ultraberbar dei har, som betyr få USB-inngangar på datamaskinen til mus og tastatur. Det er framleis fint mogleg å ha ein ekstra dockingstasjon ved sida, men det blir ein del rot på pulten etter kvart.

HP har eit eige skjermkorthus som kostar endå mindre enn Core X, og det tilbyr både USB-portar og nettverksport til 2 500. Den har riktig nok mindre plass og mindre straumforsyning, men den klarar i teorien å køyre eit NVIDIA GTX 1080Ti som ikkje er overklokka. Viss du eig noko som eit GTX 1070-kort, så er det ikkje så veldig vits i å bruke pengar på Razer Core X. 

Les om yting og benchmarking på neste side »

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »

Beste priser

Ukjent lagerstatus 3 199
På lager 3 199
Forventet lagerdato 3 199
På lager 3 250

Kommentarer (7)

Siste Tester

Se alle tester »

Forsiden akkurat nå

Til toppen