Nvidia sin RTX 50-serie lanserte for ei veke sidan, men dei færraste har fått kjøpe dei nye korta enno.
Det er nesten blitt ein tradisjon med såkalla «papirlanseringar» for Nvidia, der dei små lagerbehaldningane blir sopa opp av bottar.
No har også behaldningane av RTX 4090 og RTX 4080 forsvunne heilt frå norske nettbutikkar. Ingen har noko på lager.
Kva er det som har skjedd?
– Mykje rykte
– No stiller du spørsmål me gjerne skulle hatt svaret på sjølv. Det ærlege svaret er at me har ikkje peiling, seier kommunikasjonssjef Daniel Hauan hos Komplett.no.
I haust og vinter har det vore ei rekkje nyheiter om produksjonsstopp for store delar av RTX 40-serien i forkant av den nye lanseringa. Nvidia har ikkje sagt noko om dette.
– Det er mykje rykte ute og går, men me har ingen offisiell informasjon rundt dette, seier Hauan.

I praksis betyr det at ein i skrivande stund verken får tak i RTX 50-serien eller kraftige RTX 40-serie-kort.
Nvidia har derimot innrømt at dei ikkje klarar å produsere nok RTX 50-kort for å møte etterspurnaden. RTX 4060 er visstnok neste kort som får trappa ned produksjonen, melder fleire nyheitsmedium.
– Enormt antal bottar
Tek.no kunne førre veke melde at Komplett sine nettsider krasja som følge av lanseringa.
Komplett har kartlagd bot-trafikken mot nettstaden.
– Under 5000-lanseringa registrerte me eit enormt antal bottar som forsøkte å kjøpe kort, og bot-trafikken var fem gongar høgare enn trafikken frå ekte kundar, seier Hauan til Gamer.no.
Dei går gjennom bestillingslistene for å hindre at ingen får meir enn eitt kort kvar.
– Samtidig sporar me bot-trafikken tilbake til kjelda og fjernar eventuelle bestillingar som er gjort av bottar. Me kan sjølvsagt ikkje garantere 100 prosent at ingen kort blei kjøpt av bottar, men me er ganske trygge på at me strekkjer oss langt og har gode rutinar for å fjerne desse bestillingane, seier Hauan.
– Heldigvis
Nvidia har lansert RTX 5090 og RTX 5080. Hos Komplett var interessa klart størst for det svindyre flaggskipet.
– Me hadde solid tilgang på 5080-kort ved lansering, men svært avgrensa antal av 5090. Nye leveransar kjem løpande, og det vil bli gode moglegheiter for å skaffe seg RTX 5080 hos Komplett framover.
– Kva slags tilbakemeldingar fekk de frå kundane dykkar på lanseringa?
– Dei fleste har nok fått med seg at Komplett.no gjekk ned, noko som sjeldan fører til positiv omtale. Men heldigvis skjer det sjeldan. Likevel håper me at me handterte situasjonen så godt som mogleg, ved å fjerne alle korta frå nettstaden og køyre ei ny lansering to timar seinare, slik at alle fekk ein rettferdig sjanse til å sikre seg eit kort.
Elkjøp har også hatt nokre sure kundar.
– Dei som har klart å sikre seg det dei ville ha, er strålande nøgde. Dei som ikkje fekk det dei kom for, er i motsett ende av skalaen, seier kommunikasjonssjef Kristian Willanger.
Enorm pågang
Elkjøp har nyleg varsla ei storsatsing på datakomponentar, og har også merka ein heftig pågang for RTX 50-serien.
Kommunikasjonssjefen samanliknar det med lanseringa av PlayStation 5.
– Me skulle gjerne sett at alle fekk moglegheita til å handle, og beklagar til dei som ikkje fekk tak i det dei ønska seg. No gjer me det me kan for å sikre fleire produkt så fort det er tilgjengeleg, seier Willanger.

Willanger fortel at dei også går gjennom bestillingslister for å fjerne duplikate ordrar av kort.
– Ved lanseringar med så høgt trykk er sannsynet for bruken av bottar stor. Me gjer det me kan for å hindre at dei kjem gjennom tryggleikssystema, men kan dessverre ikkje garantere at dei ikkje slepp gjennom, seier Willanger.
Elkjøp har så langt ikkje informasjon om kor mange kort dei får framover.
– Me forventar at klarleik i vidare leveransar vil kome etter kinesisk nyttår.
Proshop hadde ikkje tid til å svare på Gamer.no sine spørsmål.