Anmeldelse

Tales of Xillia 2

Spanande historie som drukner i standhaftig monotoni

Tales of Xillia 2 er ei oppfølgjar på tomgang.

Om du skulle lage ein oppfølgjar til ein populær serie, kva ville du gjort? Lytta til kritikken, eller berre laga det same spelet om att? Ein skulle tru det var eit enkelt val, men tydelegvis ikkje for utviklarteamet bak det japanske rollespelet Tales of Xillia 2.

I staden for å byggje opp mykje nytt å få med seg, har dei i staden laga eit spel som i særs stor grad berre sender deg gjennom nøyaktig dei same områda som i det første spelet. Her fordriv du tida di med å springe rundt i ulike område, og å gå til kamp mot fargerike beist slik at du kan samle inn pengar og erfaringspoeng.

At ein må traske gjennom gamle område irriterer meg, men det er ikkje det som plagar meg mest. Mitt aller, aller største ankepunkt ved Tales of Xillia 2 er at kampane har blitt gjort enda meir ubalanserte enn i det første spelet.

Det skal liksom vere moro

Lat oss ta eit lite blikk tilbake mot det tidvis herlege rollespelet Tales of Xillia som blei lansert her til lands i fjor. Mykje godt kan seiast om spelet, men ein ting var problematisk. Kampane var alt for enkle, og sjølv om du kunne skru opp vanskegrada løyste ikkje dette problemet heilt.

Dette er enda verre i Tales of Xillia 2. Når vi spring inn i ein fiende blir vi i tradisjonell Tales of-stil sendt inn i eigne kamparenaer der fire heltar pryler fiendar, men kampane er så enkle at dei er over på maks ti sekund. Kampsystemet er like elegant og artig som alltid, men du får ikkje brukt det. Du kan sjølvsagt skru opp vanskegrada, men då viser ubalansen seg frå ei enda verre side. Sjefskampane har ein uvane med å skyte vanskegrada i været, noko som berre aukar frustrasjonen.

Skal du skru opp og ned på vanskegrada heile tida, eller skal du la det stå til? Vanskelege spørsmål som blir gjort verre av at du tener kriminelt lite erfaringspoeng på dei fleste fiendar, og du vil difor helst ha den evige erfaingsmølla unna raskt. Det betyr lett vanskegrad.

Og slik går no dagane.

Det er frustrerande, for kampsystemet i Tales of Xillia 2 er vanvittig moro når du møter dei rette utfordringane. Det går i eit skyhøgt tempo, og tvingar deg til å tenke raskt, bruke elementangrep, nokre slag og spark her, eit hopp unna der og nokre saftige spark til slutt. Det heile spelar som ein draum når du først møter fiendar som utfordrar deg. Når Ludger i tillegg kan velje mellom tre ulike våpen og eit nytt spesialangrep når det nye høgder, men når du nesten aldri får behovet for å bruke det spelet byr på, endar ein lett opp med å berre hamre ut nokre kraftige angrep for å få kampen over raskt.

Takk for sist

Ubalansert vanskegrad og gamle område er ikkje det einaste som vender tilbake frå Tales of Xillia. Heile persongalleriet trappar opp etter tur, og etter ein solid bunke timar vil du ha støtt på kvar og ein av dei tidlegare heltane. Som du kanskje skjønar møter vi ikkje eit nytt knippe heltar, men eit par nye ansikt byr spelet på likevel.

Hovudpersonen denne gong er den unge mannen Ludger Kresnik som endar opp med den noko spesielle evna å kunne stenge parallelle dimensjonar. I tillegg spring han rundt saman med ei lita jente og ein feit katt, og slikt blir det naturlegvis humring av sidan Tales of-serien på ingen måte er kjend for å ta seg sjølv for høgtidleg.

Så langt er alt greit, men Ludger er ein person det er vanskeleg å bry seg om. Kvifor? Han er stum. Eller, han er ikkje stum, han berre seier ingenting. I staden for å uttale seg om noko som helst nøyer han seg med å grynte eller småle gjennom samtalene. Når han ein og annan gong har noko å bidra med blir det gjennom eit val du får. Å kunne velje korleis du vil reagere på ein situasjon er eit artig nytt element i Tales of-serien, men det er så magert utforma at ein lett heng seg opp i kor dårleg gjennomført heile greia er.

Kva du svarar har sjeldan mykje å seie. Det kan få eit område til å opne seg opp i staden for eit anna, men du vil likevel få tilgang på det andre området kort tid seinare. Den harde realiteten at denne såkalla valfridomen gjer hovudpersonen i eit langt rollespel til ein skuffande tom karakter. Skal du bli kjend med han må du høyre på kva alle andre seier. Det fungerer greit for å få faktiske detaljar, men har ingen verdi om du vil vite kven fyren eigentleg er.

Solid historie

Historia i spelet leverer likevel varene. Som vanleg får vi ei forteljing som balanserer dramatikk og humor på ein glimrande måte. Det når aldri heilt dei same høgdene som det første spelet, og spesielt humoren har tatt eit steg tilbake, men den er likevel verdt å få med seg.

Spesielt utgangspunktet er interessant. Tidleg i spelet blir Ludger lessa ned av ei massiv gjeld på heile 20 millionar gald, noko som set ein dempar på humøret. Spesielt tidleg i spelet blir denne gjelda eit konstant hinder. Grunna gjelda di får du berre reise så langt, og for å få tilgang på nye område må du finne deg i å betale stadig høgare avdrag.

Naturlegvis endar dette opp med å gjere økonomien din ganske lunken til tider. Difor må du leggje ut på ei rekke ulike sideoppdrag som raskt kan tene inn pengane du treng. Desse kunne gjerne ha vore meir kreative i natur, og går som regel ut på å drepe ei mengd fiendar av ein gitt sort, eller finne ein bunke gjenstandar. Prinsippet er hårreisande enkelt, men det fungerer likevel godt, og timane kan fly medan du spring rundt i feltet for å få tak i det du treng.

Etter kvart blir det verre. Avdraga blir etter kvart så store at dei berre blir eit fjernt hinder. Du må kanskje betale inn 100 000 for å opne eit nytt område, men du står likevel fritt til å handle inn alt det nyaste og dyraste utstyret du treng. Sjølv om avdraga blir dyrare, stig ikkje prisen på utstyr i same takt, ei heller løna for strevet ved å gjere oppdrag. Du kan difor ende opp med å ha gjort og kjøpt alt eit område har å by på, men får likevel ikkje lov til å gå vidare. Å gå i stå på denne måten treng ikkje skje, og det skjer i alle fall ikkje ofte, men når det først skjer er motivasjonen for å halde fram heilt borte.

Det du gjorde i går

Tales of Xillia 2 er på ingen måte eit dårleg spel, det byr berre ikkje på noko nytt. Dette er ikkje ei sandkasse du berre kan hoppe ned i for å gjere noko nytt kvar gong. Dette er ei verd med spesifikke område du ikkje kan gjere noko anna i enn å vandre frå A til B medan du plukkar opp gjenstandar og daskar monsterrumper på vegen.

Slikt har fungert heilt fint i mange år i mange spel, men når du må gjere det i ei verd du allereie har gått fram og tilbake i gjennom godt mogleg meir enn 50 timar allereie, då er det vanskeleg å finne noko fascinerande ved å gjere det igjen.

Det er likevel nettopp det vi blir tvinga til å gjere i Tales of Xillia 2. Dei første timane byr på ein del nye område, og i desse timane er spelet svært underhaldande. Etter kvart som vi endar opp med å måtte reise tilbake til område vi vaska reine for eit år sidan, blir det vanskelegare å bry seg.

Må eg verkeleg traske gjennom dette massive området ein gong til? Må eg verkeleg snakke med alle desse folka igjen?

Desse spørsmåla har eg teke meg sjølv i å uttale høgt opptil fleire gongar i mi tid med Tales of Xillia 2, og eg likar det ikkje. Hadde spelet bydd på noko nytt i desse områda hadde det vore ein ting, men kjensla eg sit igjen med er ei av å sjå ein svært lang reprise i staden for å få med meg noko nytt og ferskt.

Den mest joviale skatteoppkrevjaren gjennom tidene.

Konklusjon

Eg skal innrømme eg er djupt skuffa. Tales of-serien er ein japansk rollespelserie eg har kosa meg med i mange år, og dette er den største nedturen for min del så langt. Ikkje misforstå, det er mykje godt i dette spelet, og fundamentet er svært solid. Hadde dette spelet stått aleine, utan ein forløpar ferskt i minne kunne det godt mogleg sigla opp på rangstigen eit hakk utan problem.

For min del er ei slik jomfruferd inn i Tales of Xillia 2 heilt umogleg. Eg har spelt dette før, og det var betre då. Personane engasjerte meir, historia engasjerte meir, humoren var betre, og sjølv om det blei mykje trasking fram og tilbake der òg fekk eg heile tida sjå noko nytt.

Tales of Xillia 2 er slik eg ser det ein billeg oppfølgjar. Utviklarane har ikkje berre tatt puslespelbitar frå eit tidlegare spel og sett dei saman på ny. Dei har teke heile puslespelet i si opphavelege form og har ikkje gjort stort meir enn å teikne inn ein og annan ny strek med penn.

Om du vil sjekke ut eit par langt betre spel i Tales of-serien er det første Tales of Xillia-spelet, samt Xbox 360-spelet Tales of Vesperia glimrande val.

6
/10
Tales of Xillia 2
Kampane har blitt gjort enda meir ubalanserte enn i det første spelet.

Siste fra forsiden