Anmeldelse

GoldenEye: Rogue Agent

Eks-agenten med gullauget er tilbake for å vise musklane sine på DS, i eit litt betre forsøk på å gjere noko minneverdig.

Det er lett å la seg lure. Av og til slår du på eit spel, ser velkomstskjermen og tenker "dette blir bra". Det tenkte ikkje eg i det Rogue Agent-logoen viste seg på skjermen. Eg tenkte "here we go again", og måtte fint finne meg i at "musikken" som brått seig ut frå Nintendo DS sine små høgtalarar, ein gong for alle slo fast at dette ikkje var noko å glede seg til. Eigentleg er det berre meir av det same, med styggare lyd, nedgradert grafikk (noko anna er vel ikkje å forvente), men med eit heilt nytt kontrolloppsett som gir spelet eit positivt løft.

GoldenEye: Rogue Agent er faktisk nøyaktig same spel som vi var så heldige å kjede livet av oss med på konsollane i høst. Det er riktignok nokre små forskjellar. Alle filmsekvensar er vekke, og musikken er som snytt ut av ein Commodore 64. Uttrykket "pling plong" får ny betydning når du høyrer dette, enkelt og greit høyrest det grusomt ut. Dette er uansett uvesentleg. Den store forskjellen er at GoldenEye: Rogue Agent no har funne seg ein heim på Nintendo DS. Vi får endeleg ein liten smakebit på kva DS er i stand til å gjere for førstepersons skytespel. Om vi skal dømme etter GoldenEye er det faktisk ganske lyse tider i møte. Spelet demonsterar på veldig godt vis at dette er ein konsoll som faktisk er svært godt eigna til skytespel.

Tommel eller penn
Det er to grunnleggande variantar for å spele GoldenEye på DS. Enten brukar du tommelen, eller så brukar du pennen. Begge deler har sine positive og negative sider, og det er først og fremst ei smakssak kva du bør velge. Med pennen har du mykje betre kontroll over kameraet. Det går raskt å sjå rundt deg, og det er samtidig ei mykje meir presis form for å eventuelt skyte fiendane i hovudet. Den negative sida ved å bruke pennen er at du har kun ein knapp du kan trykke på. Skal du skyte med våpen trykker du inn same knapp uansett om du skal skyte med eit eller to våpen. Om du kun vil bruke eit våpen, velger du det ved å trykke på piler nederst på den trykkfølsomme skjermen. Du må også trykke på skjermen om du vil kaste ein granat, eller bruke kikkertsikte.

Akkurat dette med kontrollen av granat eller kikkertsikte, fungerar betre om du brukar tommelen. Då lar spelet deg velge mellom kontrolloppsett for høgre- og venstrehendte, og ein av ryggknappane vil bli brukt til å kaste granatar eller bruke kikkertsikte. Du kan også skyte med eit av to våpen som du vil, og slepp å stille inn dette på førehand. På sett og vis blir spelet mykje raskare og action-orientert om du brukar tommelen. Problemet er at det nesten blir meir upresist enn analogstikkene på ein konsoll. Det er vanskelegare å halde siktet i ro, og det kan ta fleire strøk på skjermen for å gjere ein enkel ting som å snu seg raskt.

Det beste er nesten å bruke begge deler. Skal du bruke automatvåpen der presisjon ikkje er det viktigaste, kan tommeloppsettet vere å foretrekke. Om du kjem i ein situasjon der du skal plukke ned fiendar frå avstand, er det berre å skifte kontrolloppsett. Dette kan ta litt tid, men det reddar deg frå å dø. Dessverre er gleda over å oppleve noko heilt nytt ganske kort, for raskt innser ein at dette er nøyaktig det same spelet som dukka opp til konsollane før jul. Som dei fleste kanskje hugsar var ikkje GoldenEye: Rogue Agent akkurat ei perle av eit spel, og det er ikkje tilfelle no heller. Nivådesignen er elendig, og den kunstige intelligensen er til å le av. Fiendane står i ro samma kva du gjer, og bortsett frå å springe litt fram og tilbake i førehandsbestemte mønster, gjer dei ikkje noko godt forsøk i å drepe deg.

Ein fordel med GoldenEye på Nintendo DS er at du kan slå maskina saman når som helst om du ikkje kjenner behovet for å spele meir. Dette er vel og greit, men av og til vil du kanskje slå av maskina, eller skifte spel. Det er då problema oppstår. Bretta i spelet kan vere ganske lange, og når det gjeld lagringspunkt er spelet ganske utilgiveleg. Automatiske lagringar skjer sjeldan, og gjerne ikkje i det heile tatt sjølv om du er i eit område der spelet opplagt burde bli lagra. Slår du av spelet, vil du starte ved byrjinga av brettet, noko som tvingar deg til å trykke deg forbi enorme mengder med historieskjermar og anna tull du ikkje er interessert i å sjå om igjen.

Konklusjon
GoldenEye: Rogue Agent fungerar eigentleg kun som eit eksempel på kva som kan kome til Nintendo DS. Det er åpenbart at maskina har potensial for slike spel, men det hjelp liksom ikkje når det første spelet som demonsterar dette aldri var eit bra spel i utgangspunktet. Opplevinga er betre på DS, men det er først og fremst sidan det er ein ny måte å spele på. GoldenEye: Rogue Agent er og blir eit ganske unødvendig spel, men det ser i alle fall ut som om dette er ei plattform som kan handtere skytespel godt. GoldenEye: Rogue Agent har sine små augeblikk med god underhaldning, men dei er hakket for få til å gjere dette verdt inngangsbilletten.

Siste fra forsiden