Anmeldelse

Viking: Battle for Asgard

Vår vakre kulturarv

Det blir laga for få spel med vikingar i hovudrollene. Forhåpentlegvis set Viking ein effektiv stoppar for det.

Det er kanskje for mykje å forlange at eit spel om vikingar skal kunne halde seg til det kjeldemateriale som finnest på området. Jo visst, vikingane reiste land og strand rundt for å plyndre både det eine og det andre, men det er ikkje akkurat denne delen eg tenkjer på. Om ein skal sjå litt strengt på det var vikingane folk, og ikkje bolarfjell av musklar ein berre finn i popcorn-filmar frå åttitalet. Med det i tankane hadde kanskje ikkje eit autentisk vikingspel blitt det mest eigna spelet for storslått action. Realiteten blir nok for tam, spesielt for dei som framleis innbiller seg at vikingane hadde hjelmar med horn.

Trailer fra Viking: Battle for Asgard

Vis større

Trailer: Viking: Battle for Asgard #4

Stikkord:
  • action
  • spill
  • xbox 360
  • playstation 3
  • Viking
  • battle for asgard


Vel, det betyr ikkje så mykje. Hovudpersonen i Viking, Skarin, har kanskje så mange, og så store, musklar at han anatomisk sett burde ha problem med rørslefridomen. Dette stoppar han likevel ikkje frå å slenge frå seg nokre av dei saftigaste slaga du har sett frå ei øks på svært lang tid.

Skarin droppar alt som heiter kroppsleg vern, til fordel for eit sverd og ei øks han slenger rundt seg med ein nesten romantisk brutalitet. Her snakkar vi ikkje om action av Devil May Cry og God of War-kaliber. Skarin kastar kanskje våpna rundt seg, men han kastar seg sjølv inn i angrepa òg. Han brukar ikkje berre armane for å hamle opp med fiendane, han brukar heile kroppen. Resultatet er eit spel som gir ei sjeldan tyngde til kvart slag. Du kan praktisk talt kjenne det gjennom kroppen kvar gong han slår ein fiende. Kroppsdelane som følgjeleg flyr gjennom lufta blir den mest naturlege tingen i verda.

Eit storslått katteslagsmål

Helvetesguden Hel har funne ut at ho ikkje er nøgd med å ha kontroll over dødsriket. No vil ho ta over Midgard. Ho sender sine legionar over den ein gong så grøne mark, og tar til fange alt det som kan krype eller gå. Den vakre og barmfagre møya, altså Frøya, er ikkje så imponert over dette. I staden for å la Odin og Tor ordne opp i skiten, reddar ho livet til krigaren Skarin. Ho gir han oppdraget med å frigjere Midgard frå dei vonde makter, og med det er eit blodig eventyr godt i gong.

For å frigjere Midgard må Skarin ta seg gjennom tre øygrupper. Den neste er større enn den førre, og dei byr alle på mange herlege kampar. Det første Skarin må gjere, er å setje fri vikingane Hel har teke til fange. Han spring frå den eine landsbyen til den andre, bankar opp monster, og rekrutterar nye soldatar til hæra si. Når hæra er stor nok, kan han gå til krig mot større og viktigare mål.

Kampsystemet er ikkje noko utanom det vanlege. Vi får den gamle standarden med eit svakt, og eit sterkt angrep. For det meste vil du bruke det svake, sidan dette er raskare. Om du skulle bruke det sterke angrepet kan du lett risikere at nokre av fiendane som står samla rundt deg får inn eit slag på deg først. Dette slår deg lett litt ut av balanse. Difor er det lurt å vente litt med dei sterke angrepa. Når du har dengt ein fiende lenge nok, vil det dukke opp eit symbol over han som signaliserar at du kan utføre ein avslutningsmanøver. Her kan du bruke det sterke angrepet for å kappe armane eller hovudet av beistet, eller eventuelt dele det i to slik at vi ikkje lenger må til Astrup Fearnley museet for å studere innvolar.

Når symbolet som fortel deg at blod kan flyte dukkar opp over ein fiende, er han teknisk sett allereie død, sidan han snart vil sige om. Det er likevel lurt å ende dagane til fiendane på spektakulært vis. Når ein fiende dør, vil ei raud kule sveve over liket, om du plukkar opp denne vil du fylle opp eit meter som let deg utføre magiske angrep. Om du tar ein avslutning på ein fiende, vil det dukke opp fleire av desse kulene, noko som let deg fylle opp metret raskare. Om du skulle ha låg helse, vil du i tillegg kanskje få ei grøn kule, noko som fyller opp helsa di.

Destruktive naturkrefter

Magien du kan bruke let deg diverre ikkje påkalle Tor for å få han til å kasta hammaren sin i skallen på krapyla du kjempar mot. Den gir i staden Skarin magi på våpna sine. Du kan velje mellom eld, is og lyn, og ved å slengje denne magien på våpna til Skarin, vil han gjere mykje større skade. I tillegg har dei bonuseffektar, der til dømes is vil sakke ned fienden og få han til å stå nesten heilt i ro. Magien har i tillegg ei anna rolle. Når du endeleg får gå til krig med hæra di, vil du kunne gi alle krigarane rundt deg magi på angrepa sine.

Dei forskjellege fiendane i Viking: Battle for Asgard kjem i fleire variantar. Nokre har berre eit sverd, andre er store beist med skjold og rustning, medan andre igjen er små og raske. I tillegg til dette vil du av og til møte nokre enda større fiendar som krev meir av deg. Når du først har slått dei, vil du kunne trykkje på knappar i kjend God of War-stil. Denne måten å avslutte store fiendar på er ikkje akkurat noko nytt, men i Viking er det gjort med ein så usympatisk brutalitet at det likevel blir noko nytt. Skarin høgg øksa fast i hælen på ei kjempe, dreg foten til seg, klatrar opp på ryggen hans før han med all si kraft køyrer sverdet gjennom nakkevirvlane. Det er like brutalt som det høyrest ut som, og det heile blir forsterka av at ein verkeleg ser at Skarin brukar kvar muskel i kroppen for å navigere våpna gjennom bein og muskulatur.

Til krig mine menn!

Når du omsider har frigjort mange nok av dei stakkars hjelpelause vikingane, kan du gå til krig for alvor. Desse slaga byrjar kanskje i det små, men for kvart nye slag blir dei større og meir imponerande i omfang. Tusenvis av krigarar veltar ned over åsane, og i midten står du, og kan ikkje gjere anna enn å springe saman med dei. Det er mildt sagt imponerande, og er nok sannsynlegvis dei største slaga nokon gong vist i eit spel. Det er i tillegg veldig sjeldan at ting går tregare, sjølv om det er enorme mengder med krigarar på skjermen.

Slaga i Viking krev ikkje strategisk tenking frå di side. Krigarane styrer seg sjølv, og vil automatisk drepe alt i sin veg mot forskjellege mål. Din einaste jobb er å drepe fiendar saman med dei andre vikingane, og å ende dagane til forskjellege sjamanar som vekkjer døde fiendar til live igjen. Du får likevel litt hjelp, der du etter kvart kan sende dragar ned mot viktige mål.

Du store vakre

Visuelt sett minnar Viking om Fable og Overlord, med eit viktig unntak: Det er veldig mykje større, og du står fritt til å gå dit du vil. Du vil gjere dette av fleire grunnar. Enten for å samle gull slik at du kan kjøpe betre magi, eller nye kombinasjonsangrep. Det er òg godt mogleg du berre vil sjå deg litt rundt. Ser du eit fjell kan du vere sikker på at det finnest ein veg til toppen, og dette får deg lett til å spore av no og då, berre for å sjå kva du kan finne.

Du går deg likevel aldri vill. Spelet gir oss eit hendig kart der du kan markere kvar du vil gå, noko som alltid gir deg god oversikt. Det tek i tillegg ikkje så lang tid å gå frå ein stad til ein anna, trass storleiken på områda du er i.

Kvar du enn går vil du sjå landskap som verkeleg overbevisar deg om at du er i ei anna verd. Du ser ingen kjedelege og generiske områder, og vi får i tillegg ein gradvis større variasjon i kva vi får sjå. I byrjinga er alt grønt og frodig, men etter kvart vil du finne nye område, som er prega av til dømes kulde og is, før du endar opp i eit svart og raudt inferno av eld. Ei effektiv effekt utviklarane har lagt inn, er korleis det blir natt når du går inn i område Hel har teke kontroll over. Så snart du frigjer vikingane i desse områda, vil lyset breie seg igjen, og alt blir som det skal vere.

Den absolutt dårlegast gjennomførte delen av spelet er lyden. Den kan vere svært stemningsfull, men diverre har den ein lei tendens til å forsvinne. Mange gongar er det nesten heilt stille, og du høyrer berre fotstega til Skarin. I kamp høyrer du kanskje berre økseslaga, og tidvis skjer det at du ser ein heilt lydlaus eksplosjon. I tillegg til dette er musikken svært flyktig, av og til dukkar den opp og gir ei herleg stemning til spelet. Som regel er den enten alt for låg, eller den er ikkje der i det heile. Lydproblema blir verre når fredeleg landsbymusikk brått slår seg på midt i ein kamp. Det blir raskt veldig tydeleg kor mykje lyden betyr for spelet, sidan du får oppleve Viking både med og utan. Når den er der, gjer den opplevinga di mykje betre.

Konklusjon

Om det er brutalitet og litt norrøn mytologi du er på jakt etter, får du i pose og sekk med Viking: Battle for Asgard. Det er eit engasjerande eventyr som let deg springe fritt utan å nokon gong miste retningssansen. Kampane er engasjerande og velgjorte, og gjer dei store slaga du får oppleve til stor underhaldning. Det sluttar aldri å underhalde, og gir deg mange timar med rå vald. Det kunne kanskje ha vore større variasjon i dei forskjellege oppdraga du må utføre, men spelet gjer godt for det med eit kampsystem som trass i å vere svært enkelt, er svært underhaldande. Diverre er spelet plaga av svært ustabil lyd, men dette er ikkje noko som forstyrrar spelet i stor nok grad til at det øydelegg opplevinga.

Siste fra forsiden