For litt over ein månad sidan kom siste episode av sesong tre med The Wheel of Time.
I går bestemte Amazon at dei ikkje lagar fleire sesongar.
Strøymetenesta Prime Video er den første som har prøvd å adaptere Robert Jordan og Brandon Sandersons episke fantasyunivers, og sjølv om serien tidvis skil seg kraftig frå bøkene, har serien blitt forholdsvis godt likt.
Tilbakemeldingane frå kritikarar har blitt betre for kvar sesong.
Det er Deadline som melder om kanselleringa. Amazon har visstnok brukt heftige 260 millionar dollar på dei to første sesongane, og det er nettopp økonomi som skal vere grunnlag for kanselleringa.
Deadline kjenner til at Amazon likar serien reint kreativt sett, men den har blei for dyr sett opp mot sjåartala.
Amazon har nok tenkt at dette kunne bli deira Game of Thrones. Serien har blitt populær, men har aldri vore i nærleiken av det popkulturelle fenomenet som Game of Thrones blei.
Kva syns du om The Wheel of Time? Var det rett å kansellere serien? Del gjerne tankane dine i kommentarfeltet.