Det er nesten eit under at det har tatt så lang tid. Omega Force har pumpa ut Dynasty Warriors-spel basert på den kinesiske historiske romanen Romance of the Three Kingdoms i ei årrekke, men aldri heilt gjort eit genuint forsøk på å verkeleg fortelje historia. Vi har møtt ei lang rekke spel der du vel deg ut ein av mange historiske krigsherrar, tek del i mange historiske slag mana fram på absurd vis med hundrevis av fiendar som flagrar i alle retningar, overdådige kostyme og minst like imponerande hårfrisyrer.
Denne gong vel utviklarane ei heilt anna tilnærming. Vi får ikkje lenger velje helt sjølv, men får i staden tre inn i rolla som ein svartkledd og namnlaus krigar. Så tek vi del i den langvarige konflikta boka, og i tur spelet er basert på, og vi endar raskt opp med det mest ambisiøse spelet i seriens lange historie.

Større er betre?
Det første erfarne Dynasty Warriors-spelarar vil merke seg er at dette på mange måtar er eit heilt anna spel enn vi er vande med. Vi får faktisk ei historie her. Ei som gjer ein nokon lunde grei jobb i å fortelje kva som skjedde i denne perioden. Tidlegare spel har knapt brydd seg, og eg må innrømme at eg aldri fekk eit godt bilete av kven som ville kva og kvifor. Det har det no blitt retta på, og vi følgjer historia der vi tidleg møter heltar som Liu Bei og Cao Cao, kampen mot Dei Gule Turbanerane, tyranniet til Dong Zhou og mykej meir.
Historia gir meining no, og det er flott, for det er ei god og spanande historie, men den kunne godt ha vore fortalt mykje betre. Det er for mykje fokus på diverse generalar som kjem og vil prate med deg fordi du er så imponerande, og for lite på sjølve krigen, kvifor ting skjer, kva som får folk til å alliere seg, eller dolke kvarandre i ryggen. Det personlege fokuset framstår litt malplassert i eit spel som strengt tatt først og fremst handlar om kor mange tusen fiendar du klarar å massakrere. Eg saknar hakket meir fokus på å formidle kvifor desse folka kriga som dei gjorde. Det blir glatta over, fortalt kort, og spelet brukar mykje tid på å seie ingenting, men lite på å seie det vi vil, eller treng høyre.
Med større fokus på historie får vi òg ei betre realisert verd. Vi får eit fint interaktivt kart over delar av Kina der vi til fots eller frå hesteryggen kan utforske verda, finne skattar eller folk å prate med, samt fyllstoff i form av ekstra oppdrag der du kanskje skal knuse ei lita hær, ein general, eller finne ein bandittleiar. Vi kan reise til byar der vi kan handle nye våpen, sjekke om vi har fått brev, eller vi kan prate med folk som står rundt omkring.
Å prate med desse folka er ikkje alltid like interessant, sidan det ofte er keisame samtaler om trivielle ting som ikkje er direkte relatert til krigen. Det går vel mykje tid på dette, og ein kan heldigvis la vere å prate med dei om ein vil. Du tapar likevel på det, for desse folka kan etter ei lang samtale gi deg oppdrag om å drepe så og så mange fiendar. Om du vil bygge opp figuren din er desse oppdraga nesten essensielle, sidan dei gir deg mange poeng du treng for å låse opp nye eigenskapar.

Det er her det skjer
Sjølv om det som skjer utanfor kamp tidvis kan bli langdrygt og keisamt, er Dynasty Warriors: Origins like fram det absolutt mest gjennomførte spelet i serien så langt. Her har utviklarane tatt alt dei har lært over mange år, og smidd det til noko som fungerer så nær optimalt som mogleg.
Ingen stadar visast dette betre fram enn i dei store slaga som er spelets absolutte høgdepunkt. Det er her vi får sjå klassiske Dynasty Warriors-mekanikkar i aksjon. Du er det absolutte sentrum for alt som skjer, der du spring rundt og veivar eitt av mange forskjellige våpen rundt deg. Den gjengse fiende er eigentleg ein distraksjon, dei toler ingen ting, og flyg langt om du slenger eit våpen mot dei.
Deira funksjon er første og fremst å populere slagmarka, og no er det fleire av dei enn nokon gong. For kvar fiende du pryler bygger du opp energi du kan bruke på større og sterkare angrep, noko som blir svært nyttig mot dei mange generalane som spring rundt med sine eigne hærar. Tar du dei, tek du soldatane dei kjem med, og det er der fokuset ditt bør ligge.
Ein kamp mot ein general er som ein liten duell der du angrip, blokkerer, dansar unna og går til motangrep heilt til fienden er filt ned så godt att du får inn eit siste, avsluttande slag. Nokre generalar er mektige motstandarar, andre er trivielle, men å kjempe mot dei er moro, og tvingar deg til å lese fienden litt for å ikkje bli slått bakover.
Det er få av dei som vil kunne gi deg bank, men det er eit større bilete her som ofte må vurderast nøye; tid. Om du hamnar i ei suppe av generalar, og brukar lang tid der, kan dette bety at nokre av dine allierte hamnar i trøbbel ein annan stad. Din jobb er å lese slagmarka, og gå dit behovet er størst. Om du kjempar dårleg, kan du miste viktig tid, og såleis tape slaget.

Krigføring med stil
Dei store slaga er dei beste i seriens historie. Dei byr på nye mekanikkar, nye mål, krigsmaskiner, eit strammare fokus og mykje større fare for å feile. Du må følje med på kva som skjer, for kartet er stort, og dine allierte krigar over store delar av det. Nokon kan hamne i knipe, og om du då ikkje kjem til unnsetjing kan det sjå stygt ut for alle. Om ei gruppering fell, kan det opne opp for at fienden kan overvelde deg.
Spelet gjer god jobb i å oppdatere deg på kva som skjer. No stoppar spelet opp når viktige beskjedar må leverast. Det kan bli plagsamt når du er midt inni ein kamp, men slike beskjedar var det før veldig lett å ikkje få med seg. Om du ikkje vil ha dei, kan du uansett skru dei av, eller berre tone ned kor mange som skal visast.
Dynasty Warriors: Origins er intenst og tidvis ganske utfordrande grunna korleis du no faktisk må jobbe som ein stateg, og gjere kloke val. Kvar kamp blir ulik den førre, både grunna forskjellar i kven som kjempar, men òg grunna store forskjellar i geografi. Nokre kart byr på opne område, andre tronge passasjar, medan andre igjen byr på bogeskyttarar som peprar ned om du ikkje finn ei løysing.
Ei anna kjelde til variasjon er dei ulike våpna du kan leike deg med. Før i tida måtte du velje deg ein ny karakter om du ville prøve ut eit anna våpen. No kan du berre skifte utstyr etter kvart som nytt låser seg opp. Det gjer eksperimentering mykje lettare, spesielt med tanke på alle dei små ekstraoppdraga som dukkar opp på kartet. Du kan lett teste ut eit nytt våpen utan å måtte ta det med deg i eit stort slag og finne ut det ikkje passar deg.
Ved å bruke ein våpentype blir du òg betre til å bruke den. Der du i starten kanskje berre kan svinge eit sverdt lett rundt deg, får du etter kvart låst opp komboangrep, blokkering, unnamanøver og nye spesialangrep. Det er uansett lurt å teste ut alle våpen, sidan all erfaring du sankar inn på våpna og gjer figuren din betre.

Konklusjon
Dynasty Warriors-serien er ikkje for alle, og det har den heller aldri vore. Med Origins gjer likevel Omega Force sitt beste forsøk så langt på å skape meir enn noko berre Dynasty Warriors-fans kan kose seg med. Vi får ei god historie fortalt i ei verd der vi får lov til å reise rundt litt, ta ein pause, kjempe nokre kortare slag og absorbere verda rundt oss litt. Spelet er pent, med god musikk som skiftar mellom tradisjonsrik folkemusikk, til pompøs rock når du går til kamp.
Det blir litt vel mykje prating om uinteressante ting her og der, og det tapar spelet på, men så er dette òg eitt av dei få ankepunkta eg har. Spelet gjer likevel opp for dette ved å by på nokre av dei mest overdådige kampane eit spel kan by på. Det er tusenvis av soldatar i desse slaga, og når hundrevis av dei stormar i samla flokk mot fiendens hær før det heile brakar saman, blir serien løfta til nye høgder. Det er rett og slett ufyseleg moro.
Dynasty Warriors: Origins er eit flott spel som tek serien eit godt og nødvendig steg framover. Det opnar opp og gir oss ei meining bak all galskapen.
Dynasty Warriors: Origins kjem i sal for PlayStation 5, Xbox Series S/X (testa) og Windows 17. januar.